Rotarymøte 06.11.2019: Sjef i Sykkylven Energi, Per Arne Edvardsen:


Referat frå Rotarymøte 06.11.2019:

Sjef i Sykkylven Energi, Per Arne Edvardsen heldt eit time langt foredrag om Sykkylven Energi, både om stoda i dag og korleis han ser for seg Sykkylven Energi i framtida. Han tok også for seg mange av mytane kring energiforsyning og prising av denne.

Etter først å ha arrangert styremøte, ønska president Petter alle vel møtt, og då spesielt kvelden sine to gjester, Borgar Tynes og kvelden sin foredragshaldar, Per Arne Edvardsen. Applaus!

Litt om dagens (kvelden) sin dato: Masse bursdager: Forfatter Jonas Lie f. 1833. Amerikansk komponist og orkesterdirigent, John Philip Sousa f. 1854. Politiker, Bjarmar Gjerde f. 1931 og sjølvaste «Kupperen», Knut Johannessen f. 1933. Fotballspelar, Odd Iversen f. 1945. Fotballkollega og trenerprofil, Kjetil Rekdal f. 1968. Tilslutt meteorolog og einaste kvinne, Siri Kalvig f. 1970.


I 1632 fall Gustav 2. Adolf i slaget ved Luzern. Sjøl om svenskene vann slaget, så markerte fallet til kongen slutt på svenskane si stormaktstid i Europa.

I 1813 erklærte Mexico seg uavhengig frå Spania.

Så ein liten «fun fact»til slutt: Høgste temperaturen i november i Norge blei registrert i Tafjord, 2003 på heile 21,6 grader. Litt forskjell mot dagens temperatur.

Rotarysong:

Sidan vår gjest er sjef for Sykkylven Energi, hadde trubadur Olav spekulert lenge på kva rotarysong som kunne passe. Valget falt på «Kjenn ditt land». Kanskje ikkje  direkte knytta til kvelden sitt tema, men i eit av versa blei det i alle fall nemnt  «fossefall».

Sekretær:

Sekretær Kristin kunne forkynne at det er Arvid og Steinar sin tur for BUAS-besøk. Frammøte sist var 24. Med permisjoner og fritak ga det pene 66,67 % frammøte.

Sidan E – sjef, Per Arne Edvardsen hadde tillyst eit ganske langt og omfattande foredrag, droppa vi  3- minutt og gjekk rett på Rotarykaffen.

Sjef for Sykkylven Energi, Per Arne Edvardsen:


Per Arne fekk så ordet: Han opna med å fortelle litt om både utdanning og yrkeskarrriere, begge deler ganske omfattende. Siste jobb er som sjef ved Sykkylven Energi, der han blei tilsatt i des. i fjor. Per Arne kalla foredraget sitt: «Gi liv til eit samfunn i utvikling». Han var klar på at energiforsyning er ei bransje i utvikling. Det har skjedd mykje berre dei 5 siste åra. Det er ei utstrakt grad av digitalisering, og det er større merksemd på klima og problematikk rundt dette.

Han valgte å dele foredraget i 3 deler: 1. Først litt tall frå selskapet. 2. Utvikling i kraftmarkedet i eit produksjonsperspektiv, 3. Litt om Energibransjen sine utfordringer i eit større sammenheng.

Først litt om økonomien: 2018 hadde vore eit godt år for Sykkylven Energi med eit overskot på 18 mill. Etter skatt er resultatet 14 mill. Per Arne rekner med at 2019 blir like godt. Deretter kan det bli meir utfordrande. Frå byrjinga av dette årtusen, har det gått opp og ned økonomisk, alt etter mengda investeringer. Sjølsagt er også kraftprisane utslagsgivande. Per Arne opplyste at Sykkylven Energi driv nettjeneste og tek betalt for å leie ut nettet. Strømmen, som blir produsert, går inn på Nordpool, og blir selt vidare derifrå.

Når det gjeld investeringer for 2020, er fiber og distrubusjon dei største postane. Elles blir strømforsyning til fergene ei stor utfordring. Dei vil bli forsynt frå Trafostasjonen på Heiane, og Sykkylven Energi vil forsyne både Ørsneset og Magerholm. Så vidt referent forstår, er det ganske formidable strømmengder som må til for å ladde fergene i 4 minutt ved kvar stopp. (3,2 MW)


Bilder: Ve.: Diagram over investeringer: Hø: Illustrasjon av prising av straum:

Noko som mange har lurt på, er korleis prisen på straum blir fastsett. At lite vatn i magasina gjer  straumen dyrare, forstår vi. Men, i følge Per Arne, er det ikkje så enkelt at det kun er vassreservane som er avgjerande. Dersom fornybar energi som sol, vatn og vind ikkje er i stand til å forsyne oss med nok  energi, må vi supplere med atomkraft, kull og gass. Dette må kjøpes til, og kan vere ganske dyrt. Den fornybare energien er derimot billig, så lenge produksjonsutstyret er bygd og på plass. Eit moment er at handel med straum ikkje føler vanlig «Tilbud – Etterspørsel –kurve», men er nesten loddrett. Altså har prisen på strømmen lite å sei for etterspurnaden. Sjå kurve over:

Om vinteren produserer vi ikkje nok straum, og må importere frå utlandet. Derimot, om sommeren, er det kraftoverskot og vi kan eksportere. Eit lite poeng er at E-verket no, via dei nye digitale straummålarane, kan prise straumen alt etter forbruket. Midt på dagen er straumforbruket størst, og då er prisen høgst, medan midt på natta er forbruket lågt, og dermed blir prisen pr. KW og lågare.

Skal Noreg nå FN sitt klimamål om å begrense temperaturstigninga til 1 til 1,5 grader, må det ei omfattende elektrifisering til. Mengda det er snakk om, er i  storleiken 30 – 50 GWH.  I Norge ser ein for seg at Kraftsektoren vil drive oppvarming og industri ved hjelp av hydrogen (som produserer straum) og varmepumper. Når det gjeld transportsektoren, tenker ein at hydrogen og batteri kan erstatte bensin og diesel.

Fortsatt er det mykje energiforsyning med olje, kull og gass. Særlig gjeld dette transportsektoren og i sjølve olje- og gassutvinningen. Situasjonen er bedre innan industri, bygg og næring. I transportsektoren håper ein at både veitransport, ferger og fly skal bli elektrifisert i større grad enn i dag. Å få utvinning av olje og gass 100 % elektrifisert, blir ikkje lett, men forbedrinspotensiale er stort. I dag er fleire boreplattformer i ferd med å få landstraum.

I eit lengre perspektiv, ser Per Arne for seg at det blir utvikla smarte byer, som i staden for å forbruke straum, kan tenkast å produsere straum. Siste, plansje som blei vist, gir oversikt over korleis elektrisiteten går frå produksjon til sentralt nett til regionalt nett til distrubusjonsnett. Vidare til dagens kunder, til mikronett, ladeinfrastruktur for elbuss, ferjer og skip. Nødaggregat og batterier blir sjølsagt ladda elektrisk. Til slutt til byggeplasser som blir elektrifiserte og dermed utsleppsfrie.

Som ein forstår, er det nok av utfordringer for straumforsyninga, både internasjonalt, på landsbasis og lokalt.  At Sykkylven Energi har mykje å jobbe med framover, blei stadfesta fullt ut Per Arne. Eit grundig og informativt foredrag som tok oss inn i ei nødvendig utvikling i framtida.

Mange spørsmål underveis. Saman med det grundig foredraget, føltes den halve timen på overtid som vel anvendt tid.


Per Arne blei takka av med sedvanlig gest. Så gjenstod det for president Petter å minne om neste møte og ønske alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS