Referat frå rotarymøte
13.11.2019:
Spesialrådgiver i H & R,
Helge Ristesund heldt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb om det aktuelle temaet;
"Skal Ålesund fortsatt vere sjukehus nr. 1 i Møre og Romsdal?" Elles
heldt Sindre Stuen ei tankevekkande 3 minutt om hjerneslag og kva symtom ein
skal sjå etter.
President
Petter ønska som vanlig vel møtt, og då spesielt kvelden sine to gjester,
Borgar Tynes og kvelden sin foredragshaldar, spesialrågiver i Helse Møre og
Romsdal, Helge Ristesund. Applaus!
Som vanleg,
noko av det som har skjedd denne datoen:
Først nokre bursdager: I 1922 blei skodespelar, Aud Schønemann født. Og når vi
er på «dei skrå bredder»: I 1945 blei den svensk-norske artisten Benny Borg
født. Samme dag som skodespelar Lars Mjøen og jazzmusiker Knut Riisnæs.
I 1905 var
det avstemning om Norge skulle vere kongedøme. Det blei klart fleirtal for
dette, og den danske prins Carl blei norsk konge og tok namnet Håkon 7.
I 1960 blei
prinsesse Astrid forlova med Johan M. Ferner.
Så ei
tragisk naturkatastofe: I Columbia hadde vulkanen Nevado del Ruiz eit utbrot,
og lavamassene tok livet av 23 000 mennesker.
Bilde: Vulkanen Nevado del Ruiz i Columbia:
Presidenten
spanderte på oss eit «ord for dagen»: «Beste bøkene er dei som lesarane trur
dei sjøl kunne skreve».
Rotarysong:
Den
rotarysongen som trubadur Olav hadde planlagt, fann han ikkje igjen i
arkivet sitt, men Olav var ikkje rådlaus av den grunn. Songen «Er du
trist, er dagen tung og lang» med melodi av sjølvaste Irving Berlin, var ei
utmerket erstatning i mørketida vi er
inne i.
Bilde: Irving Berlin:
Sekretær:
I sekretær
Kristin sitt fråver, forkynte presidenten at det er Knut V. og Bastian W. sin
tur for BUAS-besøk. Ved forrige møte var det 27 frammøtte, noko som gav pene
67,5 % frammøte. Elles har sekretær Kristin bursdag 15. november. Sjøl om ein
ikkje skal nemne ei kvinne sin alder, tek likevel referent sjansen på å røpe at
ho blir 51 år.
3-minutt om symtom ved hjerneslag:
3-minutt var
denne gong ved Sindre. Han tok for seg eit alvorleg tema, nemleg hjerneslag.
Han fortalte at han har ein bekjent som fekk dette då han var i byrjinga av
40-års alderen. Den same personen hadde bedt Sindre ta opp dette temaet og viktige
symtom som kjennetegner hjerneslag: Prate – Smile – Løfte. Dersom ein person begynner å prate
utydeleg, smiler skeivt og plutselig ikkje kan løfte f.eks. eine arma: Er eit
eller fleire av desse symtoma til stades, skal ein ringe 113 øyeblikkelig. Det
er svært viktig for å gi adekvat behandling så tidlig som råd. Dette for at
funksjon, tale og kognisjon skal bli minst mulig skada. Etter referent si
erfaring som fysioterapeut i 40 år, kan ein ved tidlig behandling «spare
meter». Er ein for seint ute og skaden først har skjedd, kan ein kun «vinne
centimeter» ved fysioterapi og trening.
Eit alvorleg
og tankevekkande 3- minutt ved Sindre. Emnet passa godt til kvelden sitt tema: «Skal
Ålesund sjukehus fortsatt vere nr. 1 sjukehus i Møre og Romsdal?»
Ymse:
Men først
fikk Ove ordet. Han fortalte at han har hatt 3 vekers ferie på Solkysten i
Spania. Han sette seg som mål å besøke ein rotaryklubb i veka. Som tenkt så gjort,
og han hadde tatt med seg ein vimpel som han viste fram. Sjå bilde!
Bilde: President og Ove med vimpel frå rotaryklubb i Spania:
Spesialrådgiver Helge Ristesund:
«Skal Ålesund fortsatt vere nr. 1 sjukehus i Møre og Romsdal ?»
Bilde: Spesialrådgiver ved Helse Møre og Romsdal, Helge Ristesund:
Etter
rotarykaffe og nydelige lefser, fekk spesialrådgiver i Helse Møre og Romsdal,
Helge Ristesund ordet. Han fortalte innleiingsvis at han er frå søre luten av
Sunnmøre, Kvamsøya. Vidare fortalte han litt om utdanning og arbeidsplassar
fram til i dag. Så vidt referent fekk med seg, har han vore spesialrådgiver i Helseforetaket
sidan 2011.
Helge
formulerte så fyljande problemstilling: «Skal Ålesund sjukehus fortsatt vere
nr. 1 sjukehus i Møre og Romsdal»?
Referent vil
ikkje (kan ikkje) gå i detalj i Helge sitt foredrag, men sjå gjerne Helge sin
flotte presentasjon for fleire detaljer.
Referent vil
likevel forsøke å få fram det han oppfatter som problemstillinga i Helge sitt
foredrag. Han fortalte at Helse Møre og Romsdal er ein STOR arbeidsgiver med
over 6000 tilsatte. Det er m.a. 4 sjukehus, to rehabiliteringsinstitusjonar. 32
ambulanse stasjoner, 5 ambulansebåter og fly/helikoptere for å nemne kanskje
det viktigaste.
Som vi alle
veit, har det vore ein god del «støy» i Helse M & R, særleg etter at det
blei vedteke å bygge nytt sjukehus på
Hjelset utanfor Molde som erstatning for sjukehusa i Molde og Kristiansund.
Dette har ført til at nordmøringane har følt seg forbigått. Som eit «plaster på
såret» er det vedteke å bygge eit Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.
Bilde over: Slik ein tenker seg at sjukehuset for Romsdal og Nordmøre kan sjå ut:
Bilde under: Ålesund sjukehus før fasaden blir rehabilitert:
Kva så med
Ålesund sjukehus når det nye sjukehuset på Hjelset blir teke i bruk i løpet at
2024? Vil Ålesund misse noko av dei funksjonane som ein har i dag? Helge roa
oss med at Helse Midt har vedteke at Ålesund sjukehus skal vere det mest
differensierte sjukehus i Helse Midt etter St. Olavs i Trondheim.
Kva for funksjonar
har så Ålesund som ikkje andre har? Dette er lista opp i presentasjonen, men
referent har likevel lyst til å ta dei med i referatet:
1.
Ambulansehelikopeter
2. AMK-sentral.
3. Mest
spesialiserte rehab.avd i helseføretaket.
4. Kreft
m/stråling («Norges beste»).
5. Kreftkirurgi.
6. Patologi.
7.
Reumatologi.
8. Og til
sist, men ikkje minst, ei heilt ny barneavdeling.
Alle desse
funksjonane er det berre Ålesund som har. Så vidt referent forstår, er det gitt
lovnad frå leiinga i Helse Midt om at nemnte funksjonar skal behaldast i
framtida, uavhengig av nytt sjukehus på Hjelset.
Men sjøl om
framtida til sjukehuset vårt ser til å
vere sikra, er det likevel store utfordringer. Det nye sjukehuset vil sjølsagt
bli veldig dyrt. Det gjer at det ikkje blir all verden overskot til vedlikehald
og evt. nye investeringer. Det er eit etterslep på 1,5 mrd når det gjeld
vedlikehald. Ved Ålesund sjukehus, som blei teke i bruk i 1971, er det lekkasje,
slik at fasade og tak må repareres. Dette til den nette sum av kr. 250 mill.
Ut om dette,
er straumforsyninga tilpassa tidligere tider då utstyr og straumbruk var
atskillig mindre enn i dag. Å forsyne sjukehuset med tidsmessig straumforsyning
vil koste 200 mill. kr.
Så er det
investeringer som kanskje ikkje er SÅ dyre, men der konkurransen om fagfolk er
stor. Helge nemnte PET-scannar, operasjonsrobot (særleg prostataopersjoner).
PCI for diagnostisering og behandling av hjerteinfarkt og angina. I dag må
pasientane til ST. Olavs for å få denne behandlinga. Foreløpig er det ikkje
aksept i Helse Midt for at Ålesund skal få nemnte funksjon.
Som det
framgår av foredraget til Helge, ser det ut til at framtida til Ålesund
sjukehus er sikra. Men kampen om økonomi og ressurser ser likevel ut til å bli
hard og tøff.
Det er mykje
kjensler med i bilde, både frå publikum og politikere. Trass i «støyen» og dei
sterke kjenslene, understreka spesialrådgiver Helge at dei tilsette i Helseforetaket gjer ein fantastisk jobb.
Eit
tankevekkande, aktuelt og interessant foredrag av spesialrådgiver Helge
Ristesund.
På overtid
blei det nokre spørsmål, før Helge fekk overrakt sedvanlig gest av president Petter.
Så minte sistnemnte om neste møte som er bedriftsbesøk hos Insoft på Vikøyra.
Så blei alle ønska vel heim.
Referent Jarle
Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.