Rotarymøte 13.11.2019: Spesialrådgiver i Helse Møre og Romsdal, Helge Ristesund:

Referat frå rotarymøte 13.11.2019:

Spesialrådgiver i H & R, Helge Ristesund heldt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb om det aktuelle temaet; "Skal Ålesund fortsatt vere sjukehus nr. 1 i Møre og Romsdal?" Elles heldt Sindre Stuen ei tankevekkande 3 minutt om hjerneslag og kva symtom ein skal sjå etter.

President Petter ønska som vanlig vel møtt, og då spesielt kvelden sine to gjester, Borgar Tynes og kvelden sin foredragshaldar, spesialrågiver i Helse Møre og Romsdal, Helge Ristesund. Applaus!

Som vanleg, noko av det som har skjedd denne datoen: Først nokre bursdager: I 1922 blei skodespelar, Aud Schønemann født. Og når vi er på «dei skrå bredder»: I 1945 blei den svensk-norske artisten Benny Borg født. Samme dag som skodespelar Lars Mjøen og jazzmusiker Knut Riisnæs.

I 1905 var det avstemning om Norge skulle vere kongedøme. Det blei klart fleirtal for dette, og den danske prins Carl blei norsk konge og tok namnet Håkon 7.

I 1960 blei prinsesse Astrid forlova med Johan M. Ferner.

Så ei tragisk naturkatastofe: I Columbia hadde vulkanen Nevado del Ruiz eit utbrot, og lavamassene tok livet av 23 000 mennesker.


Bilde: Vulkanen Nevado del Ruiz i Columbia:

Presidenten spanderte på oss eit «ord for dagen»: «Beste bøkene er dei som lesarane trur dei sjøl kunne skreve».

Rotarysong:

Den rotarysongen som trubadur Olav hadde planlagt, fann han ikkje  igjen i  arkivet sitt, men Olav var ikkje rådlaus av den grunn. Songen «Er du trist, er dagen tung og lang» med melodi av sjølvaste Irving Berlin, var ei utmerket erstatning i  mørketida vi er inne i.


Bilde: Irving Berlin:

Sekretær:

I sekretær Kristin sitt fråver, forkynte presidenten at det er Knut V. og Bastian W. sin tur for BUAS-besøk. Ved forrige møte var det 27 frammøtte, noko som gav pene 67,5 % frammøte. Elles har sekretær Kristin bursdag 15. november. Sjøl om ein ikkje skal nemne ei kvinne sin alder, tek likevel referent sjansen på å røpe at ho blir 51 år.

3-minutt om symtom ved hjerneslag:


3-minutt var denne gong ved Sindre. Han tok for seg eit alvorleg tema, nemleg hjerneslag. Han fortalte at han har ein bekjent som fekk dette då han var i byrjinga av 40-års alderen. Den same personen hadde bedt Sindre ta opp dette temaet og viktige symtom som kjennetegner hjerneslag: Prate – Smile – Løfte.   Dersom ein person begynner å prate utydeleg, smiler skeivt og plutselig ikkje kan løfte f.eks. eine arma: Er eit eller fleire av desse symtoma til stades, skal ein ringe 113 øyeblikkelig. Det er svært viktig for å gi adekvat behandling så tidlig som råd. Dette for at funksjon, tale og kognisjon skal bli minst mulig skada. Etter referent si erfaring som fysioterapeut i 40 år, kan ein ved tidlig behandling «spare meter». Er ein for seint ute og skaden først har skjedd, kan ein kun «vinne centimeter» ved fysioterapi og trening.

Eit alvorleg og tankevekkande 3- minutt ved Sindre. Emnet passa godt til kvelden sitt tema: «Skal Ålesund sjukehus fortsatt vere nr. 1 sjukehus i Møre og Romsdal?»

Ymse:

Men først fikk Ove ordet. Han fortalte at han har hatt 3 vekers ferie på Solkysten i Spania. Han sette seg som mål å besøke ein rotaryklubb i veka. Som tenkt så gjort, og han hadde tatt med seg ein vimpel som han viste fram. Sjå bilde!


Bilde: President og Ove med vimpel frå rotaryklubb i Spania:

Spesialrådgiver Helge Ristesund: «Skal Ålesund fortsatt vere nr. 1 sjukehus i Møre og Romsdal ?»


Bilde: Spesialrådgiver ved Helse Møre og Romsdal, Helge Ristesund:

Etter rotarykaffe og nydelige lefser, fekk spesialrådgiver i Helse Møre og Romsdal, Helge Ristesund ordet. Han fortalte innleiingsvis at han er frå søre luten av Sunnmøre, Kvamsøya. Vidare fortalte han litt om utdanning og arbeidsplassar fram til i dag. Så vidt referent fekk med seg, har han vore spesialrådgiver i Helseforetaket sidan 2011.

Helge formulerte så fyljande problemstilling: «Skal Ålesund sjukehus fortsatt vere nr. 1 sjukehus i Møre og Romsdal»?

Referent vil ikkje (kan ikkje) gå i detalj i Helge sitt foredrag, men sjå gjerne Helge sin flotte presentasjon for fleire detaljer.

Referent vil likevel forsøke å få fram det han oppfatter som problemstillinga i Helge sitt foredrag. Han fortalte at Helse Møre og Romsdal er ein STOR arbeidsgiver med over 6000 tilsatte. Det er m.a. 4 sjukehus, to rehabiliteringsinstitusjonar. 32 ambulanse stasjoner, 5 ambulansebåter og fly/helikoptere for å nemne kanskje det viktigaste.

Som vi alle veit, har det vore ein god del «støy» i Helse M & R, særleg etter at det blei vedteke å bygge  nytt sjukehus på Hjelset utanfor Molde som erstatning for sjukehusa i Molde og Kristiansund. Dette har ført til at nordmøringane har følt seg forbigått. Som eit «plaster på såret» er det vedteke å bygge eit Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.


Bilde over: Slik ein tenker seg at sjukehuset for Romsdal og Nordmøre kan sjå ut:

Bilde under: Ålesund sjukehus før fasaden blir rehabilitert:

Kva så med Ålesund sjukehus når det nye sjukehuset på Hjelset blir teke i bruk i løpet at 2024? Vil Ålesund misse noko av dei funksjonane som ein har i dag? Helge roa oss med at Helse Midt har vedteke at Ålesund sjukehus skal vere det mest differensierte sjukehus i Helse Midt etter St. Olavs i Trondheim.  

Kva for funksjonar har så Ålesund som ikkje andre har? Dette er lista opp i presentasjonen, men referent har likevel lyst til å ta dei med i referatet:  

1. Ambulansehelikopeter

2. AMK-sentral.

3. Mest spesialiserte rehab.avd i helseføretaket.

4. Kreft m/stråling («Norges beste»).

5. Kreftkirurgi.

6. Patologi.

7. Reumatologi.

8. Og til sist, men ikkje minst, ei heilt ny barneavdeling.

Alle desse funksjonane er det berre Ålesund som har. Så vidt referent forstår, er det gitt lovnad frå leiinga i Helse Midt om at nemnte funksjonar skal behaldast i framtida, uavhengig av nytt sjukehus på Hjelset.

Men sjøl om framtida til sjukehuset vårt ser  til å vere sikra, er det likevel store utfordringer. Det nye sjukehuset vil sjølsagt bli veldig dyrt. Det gjer at det ikkje blir all verden overskot til vedlikehald og evt. nye investeringer. Det er eit etterslep på 1,5 mrd når det gjeld vedlikehald. Ved Ålesund sjukehus, som blei teke i bruk i 1971, er det lekkasje, slik at fasade og tak må repareres. Dette til den nette sum av kr. 250 mill.

Ut om dette, er straumforsyninga tilpassa tidligere tider då utstyr og straumbruk var atskillig mindre enn i dag. Å forsyne sjukehuset med tidsmessig straumforsyning vil koste 200 mill. kr.

Så er det investeringer som kanskje ikkje er SÅ dyre, men der konkurransen om fagfolk er stor. Helge nemnte PET-scannar, operasjonsrobot (særleg prostataopersjoner). PCI for diagnostisering og behandling av hjerteinfarkt og angina. I dag må pasientane til ST. Olavs for å få denne behandlinga. Foreløpig er det ikkje aksept i Helse Midt for at Ålesund skal få nemnte funksjon.

Som det framgår av foredraget til Helge, ser det ut til at framtida til Ålesund sjukehus er sikra. Men kampen om økonomi og ressurser ser likevel ut til å bli hard og tøff.

Det er mykje kjensler med i bilde, både frå publikum og politikere. Trass i «støyen» og dei sterke kjenslene, understreka spesialrådgiver Helge at dei tilsette i Helseforetaket gjer ein fantastisk jobb. 

Eit tankevekkande, aktuelt og interessant foredrag av spesialrådgiver Helge Ristesund.


På overtid blei det nokre spørsmål, før Helge fekk overrakt sedvanlig gest av president Petter. Så minte sistnemnte om neste møte som er bedriftsbesøk hos Insoft på Vikøyra. Så blei alle ønska vel heim.

 

Referent Jarle Svindseth



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS