Referat frå Rotarymøte
27.11.2019:
Gunn Sølvi Brandal heldt ein grundig og
opplysende presentasjon av Nordea og deira mål og visjoner. I 3- minutt snakka Hallstein
om TØI (Transport Økonomisk Institutt), og eit revolusjonerande forslag frå dei
til finansiering av samferdselen her i landet.
President
Petter ønska alle vel møtt, og denne gangen var det mange gjester. «Nordea Bank + Gjensidige = Sant» var kvelden
sitt tema, og Nordea stilte mann- og kvinnesterke med ikkje mindre enn 4
deltakere. Det var Karen Hopen, Gunn Sølvi Strømme, Odd Arne Kjørstad og til
sist vår sambygder, Jon Robert Strømme. Utom «Nordea-gjengen», var Borgar Tynes
gjest. Stor applaus for alle!
Først litt
om dagen sin dato: Torleif og
Torlaug har namnedag.
Så nokre
bursdager: Den amerikanske skodespelar, Bruce Lee født på denne dato i
1940. Amerikansk gitarist og låtskriver,
Jimmy Henricks født i 1942.
Så litt
samferdsel: Verda sin lengste veitunnel, Lærdalstunnelen (nesten 25 km lang)
blei opna denne dato i 2000. Ei anna samferdselsbragd: Bergensbanen blei opna i
1909.
Politikk: I
1973 vedtok araberlanda at PLO skulle vere det palestinske folket sin
representant.
Så ei lita
historie frå presidenten til slutt: Bilselgere har eit litt fysnsete rykte,
noko som følgende historie stadfester: Ein mann kjøpte ein bil med 2 års
rustgaranti. Etter 2 år kjem kjøperen tilbake og seier: «Eg fekk 2 år rustgaranti
og no er bilen gjennomrusta! Kva synes du om det?» «Ja», sa selgeren. " Du
fekk det du var lova, garanti for at bilen var gjennomrusta etter 2 år».
Rotarysong:
Trubadur
Olav er på tur i Sverige. Men Greta visste som vanlig råd: Ho foreslo «Mellom bakkar og berg» som rotarysong. Som
foreslått – så sunge.
Sekretær Kristin kunne opplyse at oppmøte forrige
møte var på 25. Det ga 58,14 % frammøte. Ove og Jarle står for tur til
BUAS-besøk. Bursdager: Odd Holen fyller 72 år 1. desember.
3 minutt: Forslag til finansiering av samferdsel frå TØI (Transport – Økonomisk – Institutt):
3- minutt
var ved Hallstein. Ikkje overraskende var temaet innan samferdsel. Han tok
utgangspunkt i siste tida sin bompengestrid, og no strid om aukande
ferjetaktster. Veiprising og bilavgifter er relativt komplisert i dag. Med den,
etterkvart, fenomenale teknologien med satelitter, digitalisering, GPS osv.,
har TØI (Transport økonomisk institutt) kome med eit ganske radikalt forslag. Etter referent si meining, både enkelt
og genialt: Kvar enkel bil blir via GPS- satellitt registrert med køyrestad,
køyrelengde osv. Då vil det å ferdast på mindre trafikkerte veger vere billig,
medan ferdsle i byer, blir dyrt. Altså ein betaler både etter kor langt ein
køyrer, og kvar ein køyrer. I staden for finansiering via bompenger,
bilavgifter, ferjetakster osv., vil dette forslaget gjer det heile atskillig
enklere. Ikkje minst, er det den som bruker vegnettet og belaster dette, som betaler. Altså mykje meir rettferdig enn
i dag. Men Hallstein tviler på at dette vil passere hos politikerne på Stortinget.
Til det er nok forslaget for radikalt. Men, som med så mange andre geniale
forslag, håper Hallstein at dette forslaget etter kvart vil modnest hos
politikerne, og til slutt bli vedteke. «Den som lever får se», avslutta Hallstein.
Ymse:
Greta og
Olaf fikk så ordet, og fortalte at dei i slutten av februar reiser til Bogo på
Filippinene for å besøke Lola Day Care Center og May Brit. Dei tek med seg 30
kg. bagasje kvar, og vil gjerne at vi samler inn forskjellig utstyr og remedier
som dei kan ta med. Dei vil sende oss e-post om kva som er mest aktuelt å samle
inn.
Til rotarykaffe var det ein av referent
sine favoritter, vørterbrød med brunost.
Banksjef i Relasjonshus Nordvest,
Gunn Sølvi Brandal: «Nordea Bank + Gjensidige
= Sant».
Kvelden sitt
tema var Nordea bank og fusjonen med Gjensidige. Referent har fått med seg at
Sparebanken Møre skal flytte inn i dei flotte lokala Nordea held til tidligere.
Kvar blir så Nordea-banken av? Det fekk vi svar på av banksjef i Relasjonshus
Nordvest, Gunn Sølvi Brandal frå Nordea: Ho fortalte at Nordea har flytta inn til Gjensidige Forsikring frå
1. mars i år, og er no samlokaliserte i
Skulegata i sentrum.
Bilde frå inngangspartiet til Nordea og Gjensidige:
Dette er ei
utvikling som er ganske vanlig. Mange mindre Nordea-filialer slår seg saman til
større einingar, til såkalla «Relasjonshus». I vårt distrikt er det i Ålesund eit slikt
Relasjonshus, og representerer eit finansielt kraftsenter. Her er det ikkje
mindre enn 200 ansatte.
Forandring i drift av bank:
Banksjef Gunn
Sølvi forklarte at digitalisering og data med nettbank, mobilbank osv. har
revolusjonert bankdrift. Tidligere kunne ein vere innom banken kvar veke; no
kanskje ikkje meir enn ein gong i året. Dette har ført til ei heilt anna bankdrift.
Kunden gjer stort sett arbeidet sjøl og betaler m.a. rekninger via overnemnte
media. Banken tek seg av rådgivning. Sjøl då, er det ikkje alltid nødvendig å
møte opp. Rådgivinga kan skje f.eks. via videomøte. Banksjefen kaller dette for
«digitale møteflater». Det er også ein visjon at kvar kunde skal ha sin
kunderådgiver. Banken og bankdrift er blitt mykje meir spesialisert enn
tidligere.
Men om det
ikkje er så mykje fysisk kontakt som før, så satser likevel banken på å stå til
rådvelde for kontakt 7 dager i veka, 24 timer. Altså f.eks. få boliglån når ein
treng det, til og med på søndag.
I følge Gunn
Sølvi, har Nordea landet sitt beste rådgivningstilbod med heile 300 rådgivere og
beste Premiumtilbud. Det siste krev nok ganske så bemidla kunder.
Solid bank:
Nordea bank
er, så vidt referent forstår, ein nordisk bank med hovedkontor i Finland. Det
er ikkje mindre enn 30000 ansatte. I Norge er det 3000 ansatte. Gunn Sølvi
opplyser at Nordea er Nordens største kapitalforvalter med ein særs god soliditet.
Bærekraft:
I dag er det
meir og meir fokus på bærekraft for å redde klimaet på jorda. Nordea har fått
ein internasjonal pris 5 år på rad for god berekraft. I følge banksjefen sin
presentasjon, er også Nordea best i Europa på berekraftige investeringer.
Litt på
overtid blei det stilt spørsmål. M.a. spurte Geir B om korleis det er å flytte
frå dei supre lokala i Hjørnegården til
kontora i andre etasje i Skulegata. Referent
går ut i frå at Geir tenkte på såkalla «universal utforming». I følge banksjef Gunn
Sølvi, er ikkje dette noko problem. Dette på bakgrunn av, som tidligere nemnt,
at det er sjelden vi vitjer ein bank fysisk.
Litt på
overtid, velfortjent gest til i alle fall 3 av Nordeafolka.
Bilde: Banksjef Gunn Sølvi lurer på kva som er i posen. Neste bilde: "Nordea-gjengen": Frå ve. sambygding, Jon Robert Strømme, Karen Hopen, sjefen sjøl, Gunn Sølvi Brandal og Odd Arne Kjørstad.
Så ønska
president Petter takk for oppmøte, minte om Årsmøtet neste onsdag og ønska alle
vel heim.
Referent
Jarle
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.