Rotarymøte 27.11.2019: Nordea:


Referat frå Rotarymøte 27.11.2019:

Gunn Sølvi Brandal heldt ein grundig og opplysende presentasjon av Nordea og deira mål og visjoner. I 3- minutt snakka Hallstein om TØI (Transport Økonomisk Institutt), og eit revolusjonerande forslag frå dei til finansiering av samferdselen her i landet.

President Petter ønska alle vel møtt, og denne gangen var det mange gjester.  «Nordea Bank + Gjensidige = Sant» var kvelden sitt tema, og Nordea stilte mann- og kvinnesterke med ikkje mindre enn 4 deltakere. Det var Karen Hopen, Gunn Sølvi Strømme, Odd Arne Kjørstad og til sist vår sambygder, Jon Robert Strømme. Utom «Nordea-gjengen», var Borgar Tynes gjest. Stor applaus for alle!

Først litt om dagen sin dato: Torleif og Torlaug har namnedag.

Så nokre bursdager: Den amerikanske skodespelar, Bruce Lee født på denne dato i 1940.  Amerikansk gitarist og låtskriver, Jimmy Henricks født i 1942.

Så litt samferdsel: Verda sin lengste veitunnel, Lærdalstunnelen (nesten 25 km lang) blei opna denne dato i 2000. Ei anna samferdselsbragd: Bergensbanen blei opna i 1909.

Politikk: I 1973 vedtok araberlanda at PLO skulle vere det palestinske folket sin representant.

Så ei lita historie frå presidenten til slutt: Bilselgere har eit litt fysnsete rykte, noko som følgende historie stadfester: Ein mann kjøpte ein bil med 2 års rustgaranti. Etter 2 år kjem kjøperen tilbake og seier: «Eg fekk 2 år rustgaranti og no er bilen gjennomrusta! Kva synes du om det?» «Ja», sa selgeren. " Du fekk det du var lova, garanti for at bilen var gjennomrusta etter 2 år».

Rotarysong:

Trubadur Olav er på tur i Sverige. Men Greta visste som vanlig råd: Ho foreslo  «Mellom bakkar og berg» som rotarysong. Som foreslått – så sunge.

Sekretær Kristin kunne opplyse at oppmøte forrige møte var på 25. Det ga 58,14 % frammøte. Ove og Jarle står for tur til BUAS-besøk. Bursdager: Odd Holen fyller 72 år 1. desember.

3 minutt: Forslag til finansiering av samferdsel frå TØI (Transport – Økonomisk – Institutt):

3- minutt var ved Hallstein. Ikkje overraskende var temaet innan samferdsel. Han tok utgangspunkt i siste tida sin bompengestrid, og no strid om aukande ferjetaktster. Veiprising og bilavgifter er relativt komplisert i dag. Med den, etterkvart, fenomenale teknologien med satelitter, digitalisering, GPS osv., har  TØI (Transport økonomisk institutt)  kome med eit ganske radikalt forslag. Etter referent si meining, både enkelt og genialt: Kvar enkel bil blir via GPS- satellitt registrert med køyrestad, køyrelengde osv. Då vil det å ferdast på mindre trafikkerte veger vere billig, medan ferdsle i byer, blir dyrt. Altså ein betaler både etter kor langt ein køyrer, og kvar ein køyrer. I staden for finansiering via bompenger, bilavgifter, ferjetakster osv., vil dette forslaget gjer det heile atskillig enklere. Ikkje minst, er det den som bruker vegnettet og belaster dette,  som betaler. Altså mykje meir rettferdig enn i dag. Men Hallstein tviler på at dette vil passere hos politikerne på Stortinget. Til det er nok forslaget for radikalt. Men, som med så mange andre geniale forslag, håper Hallstein at dette forslaget etter kvart vil modnest hos politikerne, og til slutt bli vedteke. «Den som lever får se», avslutta Hallstein.

Ymse:

Greta og Olaf fikk så ordet, og fortalte at dei i slutten av februar reiser til Bogo på Filippinene for å besøke Lola Day Care Center og May Brit. Dei tek med seg 30 kg. bagasje kvar, og vil gjerne at vi samler inn forskjellig utstyr og remedier som dei kan ta med. Dei vil sende oss e-post om kva som er mest aktuelt å samle inn.    

Til rotarykaffe var det ein av referent sine favoritter, vørterbrød med brunost.

Banksjef i Relasjonshus Nordvest, Gunn Sølvi Brandal:  «Nordea Bank + Gjensidige = Sant».

Kvelden sitt tema var Nordea bank og fusjonen med Gjensidige. Referent har fått med seg at Sparebanken Møre skal flytte inn i dei flotte lokala Nordea held til tidligere. Kvar blir så Nordea-banken av? Det fekk vi svar på av banksjef i Relasjonshus Nordvest, Gunn Sølvi Brandal frå Nordea: Ho fortalte at Nordea  har flytta inn til Gjensidige Forsikring frå 1. mars i år, og  er no samlokaliserte i Skulegata i sentrum.


Bilde frå inngangspartiet til Nordea og Gjensidige:

Dette er ei utvikling som er ganske vanlig. Mange mindre Nordea-filialer slår seg saman til større einingar, til såkalla «Relasjonshus». I vårt distrikt er det i Ålesund eit slikt Relasjonshus, og representerer eit finansielt kraftsenter. Her er det ikkje mindre enn 200 ansatte.

Forandring i drift av bank:

Banksjef Gunn Sølvi forklarte at digitalisering og data med nettbank, mobilbank osv. har revolusjonert bankdrift. Tidligere kunne ein vere innom banken kvar veke; no kanskje ikkje meir enn ein gong i året. Dette har ført til ei heilt anna bankdrift. Kunden gjer stort sett arbeidet sjøl og betaler m.a. rekninger via overnemnte media. Banken tek seg av rådgivning. Sjøl då, er det ikkje alltid nødvendig å møte opp. Rådgivinga kan skje f.eks. via videomøte. Banksjefen kaller dette for «digitale møteflater». Det er også ein visjon at kvar kunde skal ha sin kunderådgiver. Banken og bankdrift er blitt mykje meir spesialisert enn tidligere.

Men om det ikkje er så mykje fysisk kontakt som før, så satser likevel banken på å stå til rådvelde for kontakt 7 dager i veka, 24 timer. Altså f.eks. få boliglån når ein treng det, til og med på søndag.

I følge Gunn Sølvi, har Nordea landet sitt beste rådgivningstilbod med heile 300 rådgivere og beste Premiumtilbud. Det siste krev nok ganske så bemidla kunder.

Solid bank:

Nordea bank er, så vidt referent forstår, ein nordisk bank med hovedkontor i Finland. Det er ikkje mindre enn 30000 ansatte. I Norge er det 3000 ansatte. Gunn Sølvi opplyser at Nordea er Nordens største kapitalforvalter med ein særs god soliditet.

Bærekraft:

I dag er det meir og meir fokus på bærekraft for å redde klimaet på jorda. Nordea har fått ein internasjonal pris 5 år på rad for god berekraft. I følge banksjefen sin presentasjon, er også Nordea best i Europa på berekraftige investeringer.

Litt på overtid blei det stilt spørsmål. M.a. spurte Geir B om korleis det er å flytte frå  dei supre lokala i Hjørnegården til kontora i andre etasje  i Skulegata. Referent går ut i frå at Geir tenkte på såkalla «universal utforming». I følge banksjef Gunn Sølvi, er ikkje dette noko problem. Dette på bakgrunn av, som tidligere nemnt, at det er sjelden vi vitjer ein bank fysisk.

Litt på overtid, velfortjent gest til i alle fall 3 av Nordeafolka.


Bilde: Banksjef Gunn Sølvi lurer på kva som er i posen. Neste bilde: "Nordea-gjengen": Frå ve. sambygding, Jon Robert Strømme, Karen Hopen, sjefen sjøl, Gunn Sølvi Brandal og Odd Arne Kjørstad.

Så ønska president Petter takk for oppmøte, minte om Årsmøtet neste onsdag og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle



 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS