Referat frå rotarymøte
04.12.2019:
Asbjørm Klokk heldt eit
kulturhistorisk 3 minutt der han tok for seg frakteskute- trafikken frå
Ramstaddal til Trondheim og Bergen. President Petter orienterte i,
past-president og kasserer sitt fråver, om årsrapport og
balanse/resultat-rapport.
President Petter ønska, som vanlig, alle vel møtt. Ingen gjester denne gang.
Litt om dagen sin dato: To bursdager: General Franco i
Spania, født denne dato i 1892. Og redaktør i «Se og Hør», Knut Haavik født
1943.
I 1909 kunne
Aftenposten meddele sine lesarar at det var natur-is på Bislett.
At
bompengeselskap er i «hardt ver» er visst ikkje noko nytt: For 15 år sidan blei
15 selskap undersøkte. Av dei, var det kun 4 som blei godkjente. Dei 11 andre
fekk kritikk for unødig pengebruk, dyre utanlandsreiser, høge styrehonorar osv.
I høve
julebordsesongen fortalte presidenten følgjande historie: Kelner til ein av gjestane: «Vil du ha raudvin eller kvitvin»? «Speler
ingen rolle», svarer gjesten. «Eg er fargeblind».
Rotarysong:
Vår kjære
trubadur, Olav, var tilbake frå tur i Sverige og Oslo, men litt indisponert. Han hadde fått eit halsonde,
og følte seg ikkje heilt kapabel til å synge. Men som vanlig var ikkje Olav rådlaus.
Han allierte seg med teknikk og YouTube med sangen: «Vi tenner våre lykter». Dette er ein song som blei introdusert i
adventsprogrammet «Jul i Skomakergata», med legendariske Henki Kolstad. Første
gang sendt i 1979. Det er m.a.o. 40 års jubileum. For dei som sakner desse
koselige førjulsprogramma, finn ein episodane på YouTube.
Sekretær Kristin kunne forkynne at det ved forrige
møte var 28 frammøtte. Det ga habile 66,12 % frammøte. Det er Bjørg og Nils
Arve som står for tur til BUAS- besøk.
3- minutt var ved Asbjørn Klokk. Ikkje
overraskande handla dette om kulturhistorie som er relatert til sjøsida i
Ramstaddalen. På 1800- talet var det handel med både Trondheim og
Bergen. Varer blei frakta til byane, og varer frå byane frakta tilbake. To type
båter stod for denne frakta: Jekter og Jakter. Asbjørn tok for seg 3
generasjoner eigarar av desse skutene: Første generasjon var ein kar ved namn,
Peter Madsen. Han slo seg ned i Ramstaddalen. Han fekk sonane Peter og Lars
Petter. Den siste fekk sonen Ole Andreas, som gifta seg med datter til onkel
Peter. Altså var skutetrafikken sikra frå begge sider i familien.
Første
generasjon førte ei jekt, medan dei to neste førte jakter.
Asbjørn
beskreiv desse to typer skuter og forskjellen på dei. Referent har lyst til å
kort oppsummere dette: Jekt (Peter
Madsen si skute: «Haabet») hadde råsegl med eit toppsegl. Høg stamn. Den var
open med eit lite dekk bak som kahytt til mannskapet. Var klinkbygd.
Jakt vart ført av dei to neste
generasjonene: Den var, så vidt referent forstår, ei forbedring mot jektene.
Den hadde klyverbom, med dekk og var dermed sikrere. Var klinkbygd, men oftest
kravellbygd.
Bilde: Jekt til ve. og jakt til hø. Legg merke til forskjellen i seilføring:
Ole Andreas
fekk bygd eit stor naust til Jakta. Dermed var den beskytta om vinteren. I dag
har nok dette «Jaktenaustet» sett
sine beste dager. Det er delt opp i 9 parter (bur) som bøndene i Ramstaddalen
eig. Det blir i dag brukt til naust og lager.
Asbjørn illustrerte foredraget sitt med bilder av både jekter, jakter og «Jaktenaustet».
Virkelig interessant kulturhistorie av vår rotaryven. Her Powerpoint med bilda Asbjørn viste.
Til rotarykaffe var det fantastisk gode
sveler. Referent blei freista til å forsyne seg to ganger. Elles, som ved
Presidenten sin time, var det Vinlotteri.
Orientering ved president Petter:
«Past»
president Greta hadde gjort seg mykje føre og laga til årsrapport der ho oppsummerte
sitt presidentår. Då ho var bortreist denne dagen, oppsummerte presidenten rapporten. Så vidt referent veit, er det første gang det er laga ein slik.
Kasserer
John Henrik hadde laga til balanserapport og resultatrapport. Då han også var på
reise, gjekk presidenten gjennom dei ulike postane. Det heile virka greit, og ingen hadde noko innvendinger.
Så fekk
visepresident Knut Jarle ordet. No var vi virkelig spente om han hadde funne
ein kandidat til «president trainee». Det hadde han, Trygve Ebbesvik. Så var
det opp til forsamlinga om dei ville godta Knut Jarle sitt forslag og velge
Trygve. Ikkje overraskende, blei han valgt ved akklamasjon. Trygve blir
visepresident i 2020/2021 når Knut Jarle blir president. President blir han frå
2021/2022. Sykkylven Rotaryklubb skulle
vere i dei beste hender.
Etter at
vinnarane hadde fått sine vinflasker , takka president Petter for frammøte,
minte om neste møte med m.a. Helge Standal, og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.