Referat frå rotarymøte
11.12. 2019:
Ved dette møtet fortalte
Helge om sin nye kvardag som pastor i 50 % stilling ved Trondheim Lutherske
Frikirke. Fysioterapeut Jarle fortalte om gunstige verknader mosjon har på vår intellektuelle
kapasitet. Dette kan ein bruke med stor suksess i skulen.
Då president
Petter var opptatt, leia visepresident
Knut Jarle møtet. Han ønska alle vel møtt. Ingen gjester ved dette møtet.
Kort om dagen sin dato: Karl 12 falt ved Fredriksten
Festning i 1718. Martin Linge født denne dato i 1898. Så noko som har med Rotary
å gjere: Unicef blei stifta denne dagen i 1946. FN organisasjonen har nært
samarbeid med Rotary.
Ord for dagen: Skreve som grafitti: «Gå i kirken
neste sundag – unngå julerushet».
Rotarysong:
Trubadur
Olav hadde alliert seg med breiband og YouTube. Kenneth Sivertsen, Herborg
Kråkevik og Helge Nilsen sang aldeles nydelig: «Mørkt og kaldt og lite sol».
Passer godt no i midten av desember.
Sekretær Kristin:
Då referent
var oppteken med å koble PC til framviser, gjekk han glipp av besøkstall
forrige veke, men så vidt han forstod var oppmøtet relativt beskjedent. Dei som
stod for tur til BUAS-besøk, fekk beskjed om dette.
3- minutt ved Jarle: Mosjon/leik og
effekt på intellektuell kapasitet.
Bilde: Fysioterapeut Jarle med sin siste "offisielle" kunde, Fridtjof. Til hø.: Dr. Ole Petter Hjelle.
Denne gangen
hadde referent tatt på seg «3- minutt hatten» og er Jarle i referatet: Temaet
var om mosjon og trim kan ha gunstig effekt på mentale prosesser.
Utgangspunktet var Ole Petter Hjelle si bok: «Sterk hjerne med aktiv kropp».
Han er ein uvanlig fastlege som ikkje berre anbefaler pasientene sine å trene,
men tek dei med på treningstimer han sjølv leier. I boka si beskriv han korleis
trening, og særleg då kondistrening, virker gunstig inn på forskjellige plager.
Trening har minst like god effekt som skulemedisin på lidinger som Alzheimer,
depresjon og ADHD. Og uten dei trasige biverknadane som medisinane har. Men det
ville bli for omfattende å diskutere dette i eit kort foredrag. Derfor tok
Jarle for seg eit kapittel i boka med problemstillinga: Kan trening og fysisk leik hos barn har effekt på intellektuelle evner og skuleprestasjonar?
At det er
ein samanheng, begynte ein å få mistanke om på -80 og 90- talet. Fysio,ene May
Jorunn og Jarle heldt kurs om dette ved ein «lærerane sin studiedag». Først
presenterte dei det som var av forskning og hypoteser denne tida. Neste time
gjekk alle til gym.salen på Aure skule, og her fekk lærarane gå saman to og to.
Så fekk dei prøve seg på dei øvingene fysio,ene hadde laga til. Det såg ut som
dei hadde det riktig kjekt. På den skulen, barna til Jarle gjekk, blei dei
anbefalte øvingene implementert (innført). Tilbakemeldingene på dette seinare var/er positive,
både med hensyn til meir ro i klassa og muligens også bedre innlæringsevne.
Solid dokumentasjon:
I dag, over
20 år etter kurset, er det vitenskapelig dokumentert ein tydelig sammenheng mellom
fysisk form og mental kapasitet. Dette er vist gjennom tvillingundersøking i Sverige. 1400 einegga tvillingpar er blitt
testa i samband med sesjon før militæret. Det viste seg at er det forskjell
i fysisk form, er det også forskjell i IQ. Då hadde tvillingane enten vokse opp i
forskjellig miljø, eller den eine hadde trent mykje og den andre lite eller
ingen ting.
Fleire fysisk klossete barn enn
tidligere:
Kva relevans
har dette i dag? Barn og unge er i mindre
spontan leik og aktivitet enn før. Dagane er som regel organisert frå morgen
til kveld. Ungdomane er opptatt med
«gaming», i staden for å lese og/eller trene/leike. Det er frå skule, barnehage og forskjellige
helseinstitusjonar observert at barna blir meir og meir fysisk klossete. For
eit par veker sidan kom det fram i media at mange 15- åringer, og særleg
gutar, les dårleg. Faktisk så dårleg at dei vil ha problem med å fungere i
arbeidslivet. Når dei blir intervjua, gir dei dataspeling mykje av skulda.
Ein time trening pr. dag i skulen:
Er det noko
løysing på dette? Samfunnsstrukturen er det vanskelig å gjere noko med. Men,
eit tiltak som mange organisasjoner går inn for, er ein time med trening på skulen
dagleg. Dr. Ole Petter nemner skuler i
Horten, Bunkeflo i Sverige og Naperville i USA som har hatt stor suksess med
dette.
Jarle
siterte ein påstand frå doktoren: Neste generasjon kjem sannsynligvis til å leve kortere
enn sine foreldre på grunn av fysisk passivitet.
Så avslutta
Jarle med litt «fun fact»: Det er
kun mosjon som har generell effekt på vår intellektuelle kapasitet: Å løyse
kryssord, sudoku osv. gjer oss bedre i den spesifikke aktiviteten, men det
virker ikkje generelt. I USA blei det utvikla apper og treningsprogram som skulle virke på dette. Produsenten meinte å kunne dokumentere denne effekta.
Nøytrale forskarar fann ingen sammenheng. Det heile kom opp i rettsveset i USA.
Der blei produsentane bøtelagte for mangelfull dokumentasjon. Derimot er mosjon sin generelle effekt på
mentale prosesser dokumentert over ein kvar tvil.
Så var det rotarykaffe med rundstykke med
syltaflesk og rødbeter. Klassisk julekost m.a.o.
Rotaryforedrag ved Helge: Min nye
kvardag som pastor i Trondheim Lutherske Frikirke.
Vår rotary -
ven, Helge Standal fekk så ordet. Som vi alle veit, slutta han i Sykkylven
Kyrkje for to år sidan. Han blei spurt om å søke på jobb som pastor i 50 %
stilling i Trondheim Lutherske Frikirke. Det sa han ja til. Og som vi veit,
fekk han jobben. Han er no pendler og bur ei veke i Trondheim og ei veke her i
Sykkylven. Til sommeren neste år er engasjementet over, og Helge vil slutte i
stillinga.
Datagrunder:
Helge kom
tilbake til pastorjobben seinare i orienteringa, men først fortalte han om jobb
nummer to, som data - grunder. For
23 år sidan budde han i Sandnes. Då eksisterte det ikkje dataprogram for kyrkja.
Helge, med fleire, gjekk inn for å utvikle eit dertil egna program. Det første blei kalla Duplo Data, men seinare
forandra til Vitek Agrando.
Programmet solgte såpass bra i Skandinavia at det blei forsøkt etablering i
USA. Pga. vansker med salg, support og drift, valgte Agrando og trekke seg ut.
No er det kun satsing på Skandinavia. I Sverige er Agrando det mest solgte kirkeprogrammet.
Det er 45 ansatte i alt, og Agrando er Sverige sitt største bransjeselskap
innan data.
Helge
fortalte at han har solgt seg ut av selskapet, men så vidt referent forstår,
jobber han fortsatt halv stilling i firmaet. Arbeidsoppgavane er kurs, salg og
oppfølging.
Pastor i Frikirka.
Så fortalte
Helge om sitt engasjement i Frikirka i Trondheim. Han gav oss først eit lite
historisk tilbakeblikk. I 1741 blei den såkalte Konventikkelplakaten innført.
Det gjorde det ulovleg å arrangere Gudstjenestelige møter uten prest tilstades,
eller i alle fall, med presten si godkjenning. Hans Nielsen Hauge trossa dette,
og blei satt i fengsel. I 1842 blei forordninga oppheva, noko som ga grunnlag
for forsamlingsfridom i Norge. Dette er bakgrunnen for frikirkene i Norge, der Trondheim Lutherske Frikirke er ei av dei.
Likt læregrunnlag, men litt «lausare i
snippen».
Helge fortalte
at læregrunnlaget er mykje godt det samme som i statskyrkja. Det blir avvikla
dåp, nattverd, vielse og gravferd som f.eks. i Sykkylven. Det er likevel meir
frihet i liturgien, og avvikling av ei vanlig Gudstjeneste er «lausare i strukturen».
Ung menighet og stort engasjement.
Trondheim Lutherske
Frikirke får støtte frå staten, men dette utgjer ikkje meir enn 3,5 %. Resten
må menigheta skaffe sjølve. Den er
ung, og av dei 500 medlemmane er det 60 – 80 barn mellom 0 – 12 år. Helge synes at medlemane føler seg knytta til
kyrkja si og dei engasjerer seg mykje. Etter Helge si meiningI er det ei meir
offensiv haldning til engasjement enn i mange statskirkemeningheter. Drifta er
utadretta, og det er mykje fokus på rekruttering.
Ei grei og
opplysande orientering av Helge. Det heile blei belønna med sedvanlig gest frå
visepresident Knut Jarle. Så fikk visepresidenten prøve korleis det var å minne
takke for møtet, minne om julemøtet om ei veke og ønske alle vel heim.
Referent
Jarle
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.