Rotarymøte 11.12.2019: Pastor Helge Standal:

Referat frå rotarymøte 11.12. 2019:

Ved dette møtet fortalte Helge om sin nye kvardag som pastor i 50 % stilling ved Trondheim Lutherske Frikirke. Fysioterapeut Jarle fortalte om gunstige verknader mosjon har på vår intellektuelle kapasitet. Dette kan ein bruke med stor suksess i skulen.

Då president Petter var opptatt, leia visepresident Knut Jarle møtet. Han ønska alle vel møtt. Ingen gjester ved dette møtet.

Kort om dagen sin dato: Karl 12 falt ved Fredriksten Festning i 1718. Martin Linge født denne dato i 1898. Så noko som har med Rotary å gjere: Unicef blei stifta denne dagen i 1946. FN organisasjonen har nært samarbeid med Rotary.

Ord for dagen: Skreve som grafitti: «Gå i kirken neste sundag – unngå julerushet».

Rotarysong:

Trubadur Olav hadde alliert seg med breiband og YouTube. Kenneth Sivertsen, Herborg Kråkevik og Helge Nilsen sang aldeles nydelig: «Mørkt og kaldt og lite sol». Passer godt no i midten av desember.

Sekretær Kristin:

Då referent var oppteken med å koble PC til framviser, gjekk han glipp av besøkstall forrige veke, men så vidt han forstod var oppmøtet relativt beskjedent. Dei som stod for tur til BUAS-besøk, fekk beskjed om dette.

3- minutt ved Jarle: Mosjon/leik og effekt på intellektuell kapasitet.


Bilde: Fysioterapeut Jarle med sin siste "offisielle" kunde, Fridtjof.  Til hø.: Dr. Ole Petter Hjelle. 

Denne gangen hadde referent tatt på seg «3- minutt hatten» og er Jarle i referatet: Temaet var om mosjon og trim kan ha gunstig effekt på mentale prosesser. Utgangspunktet var Ole Petter Hjelle si bok: «Sterk hjerne med aktiv kropp». Han er ein uvanlig fastlege som ikkje berre anbefaler pasientene sine å trene, men tek dei med på treningstimer han sjølv leier. I boka si beskriv han korleis trening, og særleg då kondistrening, virker gunstig inn på forskjellige plager. Trening har minst like god effekt som skulemedisin på lidinger som Alzheimer, depresjon og ADHD. Og uten dei trasige biverknadane som medisinane har. Men det ville bli for omfattende å diskutere dette i eit kort foredrag. Derfor tok Jarle for seg eit kapittel i boka med problemstillinga: Kan trening og fysisk leik hos barn har effekt på  intellektuelle evner og skuleprestasjonar? 

At det er ein samanheng, begynte ein å få mistanke om på -80 og 90- talet. Fysio,ene May Jorunn og Jarle heldt kurs om dette ved ein «lærerane sin studiedag». Først presenterte dei det som var av forskning og hypoteser denne tida. Neste time gjekk alle til gym.salen på Aure skule, og her fekk lærarane gå saman to og to. Så fekk dei prøve seg på dei øvingene fysio,ene hadde laga til. Det såg ut som dei hadde det riktig kjekt. På den skulen, barna til Jarle gjekk, blei dei anbefalte øvingene implementert (innført). Tilbakemeldingene på dette seinare var/er positive, både med hensyn til meir ro i klassa og muligens også bedre innlæringsevne.

Solid dokumentasjon:

I dag, over 20 år etter kurset, er det vitenskapelig dokumentert ein tydelig sammenheng mellom fysisk form og mental kapasitet. Dette er vist gjennom tvillingundersøking i Sverige. 1400 einegga tvillingpar er blitt testa i samband med sesjon før militæret. Det viste seg at er det forskjell i fysisk form, er det også forskjell i IQ. Då hadde tvillingane enten vokse opp i forskjellig miljø, eller den eine hadde trent mykje og den andre lite eller ingen ting.

Fleire fysisk klossete barn enn tidligere:

Kva relevans har dette i dag?  Barn og unge er i mindre spontan leik og aktivitet enn før. Dagane er som regel organisert frå morgen til kveld. Ungdomane er  opptatt med «gaming», i staden for å lese og/eller trene/leike. Det er frå  skule, barnehage og forskjellige helseinstitusjonar observert at barna blir meir og meir fysisk klossete. For eit par veker sidan kom det fram i media at mange 15- åringer, og særleg gutar, les dårleg. Faktisk så dårleg at dei vil ha problem med å fungere i arbeidslivet. Når dei blir intervjua, gir dei dataspeling mykje av skulda.

Ein time trening pr. dag i skulen:

Er det noko løysing på dette? Samfunnsstrukturen er det vanskelig å gjere noko med. Men, eit tiltak som mange organisasjoner går inn for, er ein time med trening på skulen dagleg.  Dr. Ole Petter nemner skuler i Horten, Bunkeflo i Sverige og Naperville i USA som har hatt stor suksess med dette.

Jarle siterte ein påstand frå doktoren: Neste generasjon kjem sannsynligvis til å leve kortere enn sine foreldre på grunn av fysisk passivitet.

Så avslutta Jarle med litt «fun fact»: Det er kun mosjon som har generell effekt på vår intellektuelle kapasitet: Å løyse kryssord, sudoku osv. gjer oss bedre i den spesifikke aktiviteten, men det virker ikkje generelt. I USA blei det utvikla apper og treningsprogram som skulle virke på dette. Produsenten meinte å kunne dokumentere denne effekta. Nøytrale forskarar fann ingen sammenheng. Det heile kom opp i rettsveset i USA. Der blei produsentane bøtelagte for mangelfull dokumentasjon. Derimot er mosjon sin generelle effekt på mentale prosesser dokumentert over ein kvar tvil.

Så var det rotarykaffe med rundstykke med syltaflesk og rødbeter. Klassisk julekost m.a.o.

 

Rotaryforedrag ved Helge: Min nye kvardag som pastor i Trondheim Lutherske Frikirke.


Vår rotary - ven, Helge Standal fekk så ordet. Som vi alle veit, slutta han i Sykkylven Kyrkje for to år sidan. Han blei spurt om å søke på jobb som pastor i 50 % stilling i Trondheim Lutherske Frikirke. Det sa han ja til. Og som vi veit, fekk han jobben. Han er no pendler og bur ei veke i Trondheim og ei veke her i Sykkylven. Til sommeren neste år er engasjementet over, og Helge vil slutte i stillinga.

Datagrunder:


Helge kom tilbake til pastorjobben seinare i orienteringa, men først fortalte han om jobb nummer to, som data - grunder. For 23 år sidan budde han i Sandnes. Då eksisterte det ikkje dataprogram for kyrkja. Helge, med fleire, gjekk inn for å utvikle eit dertil egna program. Det  første blei kalla Duplo Data, men seinare forandra til Vitek Agrando. Programmet solgte såpass bra i Skandinavia at det blei forsøkt etablering i USA. Pga. vansker med salg, support og drift, valgte Agrando og trekke seg ut. No er det kun satsing på Skandinavia. I Sverige er Agrando det mest solgte kirkeprogrammet. Det er 45 ansatte i alt, og Agrando er Sverige sitt største bransjeselskap innan data.

Helge fortalte at han har solgt seg ut av selskapet, men så vidt referent forstår, jobber han fortsatt halv stilling i firmaet. Arbeidsoppgavane er kurs, salg og oppfølging.       

Pastor i Frikirka.

Så fortalte Helge om sitt engasjement i Frikirka i Trondheim. Han gav oss først eit lite historisk tilbakeblikk. I 1741 blei den såkalte Konventikkelplakaten innført. Det gjorde det ulovleg å arrangere Gudstjenestelige møter uten prest tilstades, eller i alle fall, med presten si godkjenning. Hans Nielsen Hauge trossa dette, og blei satt i fengsel. I 1842 blei forordninga oppheva, noko som ga grunnlag for forsamlingsfridom i Norge. Dette er bakgrunnen for frikirkene i Norge,  der Trondheim Lutherske Frikirke er ei av dei.

Likt læregrunnlag, men litt «lausare i snippen».

Helge fortalte at læregrunnlaget er mykje godt det samme som i statskyrkja. Det blir avvikla dåp, nattverd, vielse og gravferd som f.eks. i Sykkylven. Det er likevel meir frihet i liturgien, og avvikling av ei vanlig Gudstjeneste er «lausare i strukturen».

Ung menighet og stort engasjement.

Trondheim Lutherske Frikirke får støtte frå staten, men dette utgjer ikkje meir enn 3,5 %. Resten må menigheta skaffe sjølve. Den  er ung, og av dei 500 medlemmane er det 60 – 80 barn mellom 0 – 12 år.  Helge synes at medlemane føler seg knytta til kyrkja si og dei engasjerer seg mykje. Etter Helge si meiningI er det ei meir offensiv haldning til engasjement enn i mange statskirkemeningheter. Drifta er utadretta, og det er mykje fokus på rekruttering. 


Ei grei og opplysande orientering av Helge. Det heile blei belønna med sedvanlig gest frå visepresident Knut Jarle. Så fikk visepresidenten prøve korleis det var å minne takke for møtet, minne om julemøtet om ei veke og ønske alle vel heim.

 

Referent

Jarle

 



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS