Grunder bak "Sunnmørsegg", Rune Haram:


Referat frå Rotarymøte 22.01.2020:

Då leiar i SIL, Martin Hole måtte melde avbud, stilte eggprodusent og grunder, Rune Haram opp på kort varsel. Han fortalte om sitt liv som grunder, både på Haramsøya og  Zanzibar i Afrika. Visepresident Knut Jarle fortalte om Rotary sin best bevarte hemmelighet.

President Petter ønska alle vel møtt og spesielt kvelden sine to gjester, Jan Bolstad og foredragshaldar Rune Haram. Applaus!


Bilde: Kvelden sin gjest: Rune Haram.

Som vanlig litt om dagen sin dato: Ivan og Vanja har bursdag.

Så to bursdagar: Den svenske forfatteren, August Strindberg født 1849, og til notida: Skodespelar og filmregissør, Vibeke Løkkeberg f. 1945.

Presidenten tok for seg bybrannen i  Molde i 1916. I eit forrykande ver brann det 4 stadar rundt om i byen. Ein hadde ikkje før sløkt eine brannen før den andre flamma opp. Ein var usikker på om brannane var påsatt eller om det var lynnedslag som var årsaka.

Rotarysong:

Trubadur og jubilant, Olav hadde funne fram ein virkelig flott og meiningsfylt sang: «Barn av regnbuen». Tekst av Lillebjørn Nilsen.

Sekretær:

Sekretær Kristin kunne forkynne at det ved forrige møte var heile 34 frammøtte. Dette gav imponerande 80,95 % (!) frammøte.

Så forkynte ho at vår eminente trubadur Olav fyller 77 år nettopp denne dagen. Rykta hadde gått om bursdagen allereie, men no vart det offisielt  forkynt. Om Olav ikkje fekk bursdagssang, så fekk han allefall applaus som ei fattig erstatning.

3-minutt:

3- minutt var ved visepresident Knut Jarle: Han spurte om nokon visste kva er Rotary Fellowship er? Han ga sjøl svaret: Nemlig sammenslutning av rotarianarar som har felles interesser. Det kan vere Fellowship for golf, frimerkesamling, motorsykkel, ja kva som helst. I desse foreiningane blir rotarianarane kjent med kvarandre.  Visepresidenten anbefalte oss å gå inn på rotary.org og så klikke på: https://www.rotary.org/en/search/all/Rotary%20Fellowship.

Ymse:

Steinar K. minte om at speidarane inviterer til bålbrenning ved Fjellsæter Ungdomssenter, laurdag 25.  Tid: frå kl. 21 til ca. 22. Dette i samband med speidertreff med i alt 80 deltakarar. Dei yngste har reist heim, men dei eldste vil delta i bålbrenning med tilhøyrande program.

Rune Haram: Om «Sunnmørsegg» og etablering av grunderskap:


Bilde: Delikate egg frå "Sunnmørsegg" og Rune Haram til hø. saman med presidenten i bakgrunnen:

Etter rotarykaffe og eplekake, fekk Rune Haram ordet. Rune ville snakke om grunderskap både på Haramsøya (Sørengarden) og i eit såpass, for oss, eksotisk land som Zanzibar. Først viste han ein liten videosnutt frå Sunnmøre LIVE. Her blei Rune intervjua om «Sunnmørsegg». Saman med Nilsgarden på Skår og Fjellvegen Gard har dei starta storstilt eggproduksjon. Varemerke er kraftig gul og appetittlig eggeplomme. Dette pga. av spesialfor og  god dyrehelse, der hønene får gå fritt inne i ei bygning med stort areal. Dette har blitt ein såpass suksess at Sunnmørsmat med Sunnmørsegg har fått med «bedriftsutviklingsprisen» for landbruket i Møre og Romsdal. Utgiver er Landbruks og Matdepartementet.

Kva litt så bak denne suksessen? Det å vere grunder er ei utfordring! Rune fortalte kva som skal til, gav tips og råd og kva han hadde lagt vekt på. Det er ingen quick fix. Som med toppidrettsfolka er det gjerne 10000 timer som må til. Videre å knytte til seg dyktige medarbeidarar, og folk som gir energi og ikkje tar energi. Så bruke tid på planlegging, vere grundig og ein må ha kunnskap om det ein driv med.

Sjølsagt er det nok av hindringar: Rune lista opp mange av desse: «Bygdedyret», frykt for ikkje å lykkast, tape penger, stivbeint byråkrati, marknadsadgang, i tillegg ukjente faktorer ??? Som eit prinsipp er det viktig å ikkje vere for ambisiøs på kort sikt. Derimot, retroperspektivt, fekk ein ofte gjort meir enn ein trudde. Kanskje det viktigaste er likevel, i følge Rune, entusiasme, begeistring og at ein brenn for prosjektet sitt.

Etablering på Zanzibar i Afrika:


Bilde: Rune med Mari Maurstad og John John Bruseth (som fikk Rune med på Zanzibarprosjektet):

Men dersom ein trur at Rune berre er etablert  lokalt, må tru om igjen. Han fikk spørsmål om han kunne tenke å seg å bygge opp eggproduksjon på Zanzibar. Som det ja-menneske han er, svarte han, nettopp: ja. Men mykje må gjerast før eggproduksjonen kjem i «gjenge». M.a. gjer eit stivbeint byråkrati at det heile tek tid. Dersom prosjektet lukkast, vil det kunne å bringe mange kvinner ut av fattigdom. Rune samarbeider med John John Dale. Norges Vel tek seg av organisering.


Bilde: Sunnmørsegg til ve. og lokale egg frå Zanzibar til hø.(legg merke til fargeforskjell):

Når Martin Hole måtte melde avbud, var Rune Haram ein flott og entusiastisk erstatter. Etter mange spørsmål og stor takk, lønna presidenten han med sedvanlig  gest, denne gang ei flaske vin (sjå bilde under).



Så takka presidenten for møtet, minte om bedriftsbesøket neste onsdag og ønska alle vel heim.

Referent Jarle

   


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS