Rotarymøte 29.01.2020: Bedriftsbesøk ved Sykkylven Stål.

Referat frå bedriftsbesøk ved Sykkylven Stål 29.01.2020:

Sykkylven Rotaryklubb var, 29. januar, på bedriftsbesøk hos Sykkylven Stål på Vikøyra. Først fekk vi orientering av adm. dir. Karl Inge Rekdal. Fabrikksjef Lars M. Skog demonstrerte så stålramme til kvilestol. Til slutt fekk vi omvisning i sjølve fabrikklokala.

Onsdag 29. januar var Sykkylven Rotaryklubb på bedriftsbesøk ved Sykkylven Stål på Vikøyra. Adm. dir. Karl Inge Rekdal og fabrikksjef Lars M. Skog som tok vel i mot oss. Etter ein kaffekopp og noko å bite i, innleia Karl Inge med å fortelle at han kjente godt til Rotary, han hadde sjøl vore medlem tidlegare.

Han tok eit kort tilbakeblikk: I 2003 gjekk bedrifta Sykkylven Stålindustri konkurs. Namnet blei å endra til Sykkylven stål og starta opp på nytt. I 2004 blei Karl Inge tilsatt som adm. dir. I 2009 kjøpte han og fabrikksjef Lars M. Skog majoriteten av aksjane.


Bilde: Adm. dir. Karl Inge Rekdal held foredrag til lydhøyre rotarianarar.

Drifta har gått opp og ned. Dei har merka finanskrise og oljekrise. Hjellegjerde møbelfabrikk, som var ein stor kunde, gjekk konkurs.Det fekk også negativ effekt på omsetninga. Trass utfordringer, har bedrifta gått med overskot sidan 2012.

Produksjonen tidligere var m.a. rørdeler til møbelindustrien. Denne var også største kunden. No er det eit breiare kundegrunnlag, der maritim sektor utgjer mykje av omsetninga. Kongsberg Maritime i Brattvåg er ein viktig kunde i så måte. Maskin- og rørdeler er, så vidt referent forstår, ein viktig del av salget her.

Elles blir det levert stålrammer til «Pullmannbed» i skip. Til skuleverket er det rammer til pulter, stoler og garderober.I det heile er det eit vidt spekter av kunder.

Sykkylven Stål si sterke side er, etter Karl Inge si meining, at bedrifta er flink til å utvikle nye ting og finne opp ting som kan patenteres. Då må ein ligge i teten reint teknologisk. For å kunne konkurrere prismessig er det investert tungt i roboter. Vi hadde ikkje hatt industri i Norge utan desse, fortel han. I det heile er målet å få Sykkylven Stål så høgt opp i verdikjeda som råd. I tillegg til  konkurransedyktig pris, må god kvaliteten vere god, og produkta må bli levert med maksimal presisjon og nøyaktighet. Det siste er svært etterspurt i maritim sektor.

I dag må bedriftene vere miljøbevisste. For å kome i betraktning  ved utdeling av oppdrag er dette heilt nødvendig. Sykkylven Stål er m.a. såkalla ISO-sertifisert.

Karl Inge fortel at han har hatt ei rekke tillitsverv i Norsk Industri og NHO.  Det som er ei hjartesak for han, kan illustrerast med Inge Ulstein sine ord: «Samarbeide der ein kan – konkurrere der ein må». For å møte den tøffe konkurransen internasjonal, meiner Karl Inge at vi ikkje har noko valg. Mottoet til Ulstein blir altfor ofte neglisjert.

Det kan nemnast at Sykkylven Stål har ein omsetning på ca. 60 million og har 40 tilsette.

Fabrikksjef Lars M. Skog fekk så ordet og demonstrerte for oss eit patentert rammeverk til ein kvilestol med glidende fotstøtte. Sjå bilde under!


Siste halvdel av møtet blei vi vist rundt i fabrikklokala. Referent går ikkje i detalj når det gjeld dei ulike maskinene. Berre illustrerer turen rundt i lokala med bilder.


Bilde: Fabrikksjef Lars M. Skog viser oss rundt i lokala. Sprøyterobot (?)til hø.


Bilde: Lars Skog og Karl Inge Rekdal er entusiastiske og engasjerte bedriftsleiarar.

Som ein god tidlegare rotarianer, minte Karl Inge så om at klokka hadde passert 20 og dermed var omvisninga over. Det hadde han lært, at når det gjeld å overhalde møtetida er Rotary nærast «katolsk».


Bilde: Fabrikksjef Lars M. Skog, president Petter og adm.dir. Karl Inge Rekdal.

President Petter takka for eit svært interessant besøk, og for at Karl Inge og Lars M. hadde gjort seg mykje flid i å gjere besøket ved Sykkylven Stål så interessant som råd.

 

Referent Jarle



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS