Rotarymøte med "presidenten sin time" 05.02.2020:


Referat frå rotarymøte med Presidenten sin time 05.02.2020:

Rotaryven Øyvind Østvik heldt eit interessant "3- minutt" om gamle rutebåter og ferger. Desse er restaurert og blir halde i drift av eldsjeler. Presidenten orienterte om saker som hadde blitt tatt opp på styremøte i forkant. Det var også vinlotteri.

Etter styremøte ein time i forvegen, ønska president Petter alle vel møtt til rotarymøte og «Presidenten sin time» med vinlotteri.

Litt om dagen sin dato: Vi er i februar måned, og romarane knytta namnet «februar» til renselse.

Agate og Ågot har namnedag. Ordet kjem av «god».

To årstal: 1911: Tenoren Jussi Bjørling født denne dagen. Han blei ikkje så gamal, døydde i 1960, men har sett spor etter seg som ein av dei beste tenorane i historia.

1891: Hammerfest fekk elektrisk gatebelysning som første byen i Norge, og som ein av dei første i Europa.

Så avslutta Petter med ei lita historie: Det var ryddesjau i prestegarden og drengen rydda ei masse flasker i kjelleren. I det han lukta på dei sa presten at dei hadde avslutta livet sitt. «Ja, då håper eg at presten var oppstemt til det siste», svarte drengen.

Rotarysong:

Trubadur Olav hadde funne fram ei tysk vise frå middelalderen: «Din tanke er fri». Denne passer godt i rotarysamenhang. Flott sang og flott gitarspel attåt.

Sekretær kunne opplyse at ved rotarymøte 22. januar var det 27 frammøtte. Det gav pene 67,5 % frammøte. Ved bedriftsbesøk ved Sykkylven Stål var det 18 frammøtte og det gav 46,15 % frammøte.

Ingen bursdager komande veke, men Odd Jostein hadde sneke seg «under radaren» i dette høvet. Han fylte 54 år, 29. januar. Applaus!

"3- minutt":

«3- minutt» var ved Øyvind: Han fortalte at i sin alder er det ein tendens til å sjå meir attende enn framover. Slik også med han. Øyvind er opptatt av skipshistorie og korleis eldre ferjer og passasjerbåter blir tatt vare på. Han samanlikna Hordaland, der han er i frå, med Møre og Romsdal. I første fylket er 7 til 8 båter blitt restaurert og halde i drift, medan i vårt fylke er det kun eit skip. For å kunne drifte disse skipa er ein avhengig av offentlig støtte. Stat og fylkekommune gir økonomiske løyvinger til denne verdifulle maritime historia. Øyvind avslutta med å vise bilde av, ikkje mindre enn, 10 restaurerte motorskip, motorferjer og dampskip. Dei ulike bilda blei ledsaga av byggeår og året for avslutta drift. Veldig interessant foredrag frå vår verdfulle maritime historie.

Referent gir her oversikt over skipa og fergene Øyvind viste bilde av:

DS Stord


MS Granvin


MF Folgefonn


MS Sunnhordaland


MS Midthordaland


MF Hardingen sr


MF Skånevik


DS Stavenes


MS Atløy


MF Bilfergen



Orientering ved presidenten:

Etter rotarykaffe og tekaker, heldt presidenten ei orientering om styremøte og vedtak her. Som vi veit, reiser Olaf og Greta til Filippinene seinare i månaden. Då var det spørsmål om kor mykje penger ein skal ta med til Lola Day Care Center. Styret var ikkje «gnetne» og gjekk inn for 20000 kr, i tillegg til 10000 frå før og dei pengene som kvar enkelt rotarianar gir individuelt. Men etter «benkeforslag» om å heve summen til 30000, arrangerte presidenten avstemning. Det blei fleirtal for det siste beløpet. Dermed blir det 30000 kr + 10000 kr + det kvar medlem gir. Summen blir forhøya til næraste runde tal. Greta og Olaf tek sikte på å overrekke ein stor sjekk, både bokstavelig og i antall kroner. Dette vil skje ved elevane sin «graduation».

Rotarytur:

Dette året tek ein sikte på rotarytur i staden for årsfest. Planen er 26. april og går til indre deler av Sunnmøre etter det programmet Bastian la opp for eit par år sidan.

Medlemsverving:

Når  det gjeld medlemsverving, tek ein sikte på at kvar enkelt klubbmedlem kjem opp med eit forslag til ny medlem i klubben vår.

Vipps:

Til slutt heldt president Petter eit lite kurs i betaling med Vipps. Etter litt forvirring, hadde referent inntrykk av at dei fleste beherska dette.

I pausen hadde det vore vinlotteriet, og dei to flaskene med raud og kvit vin blei tildelt dei heldige vinnarane.

Som vanleg avslutta presidenten med å takke for møte, minne om neste møte med fotograf Per Magne Drotninghaug, og ønska alle vel heim.

 

Referent Jarle 



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS