Referat frå rotarymøte
12.02.2020:
Rotaryven Kjell Heggdal heldt
eit tankevekkende innlegg om medisinen insulin som ikkje er så lett
tilgjengelig som den burde. Per Magne Drotninghaug, svært habil hobbyfotograf,
viste bilder frå fjellturer og av nordlys. Desse bilda var så flotte at dei
kunne ta pusten frå oss.
President
Petter ønska alle vel møtt, og spesielt den langveisfarende gjesten, Brigitte
Hofer frå Sveits. Dessutan, hobbyfotograf Per Magne Drotninghaug. Applaus!
Så litt om dagens dato: Randi, Ronja og Randulf
har namnedag.
To bursdager
og årstal: Maler Henrik Sørensen født 1882. Han har dekorert i Oslo Rådhus. Og
i 1938 blei forfatter Tor Obrestad født. Han døydde nyleg, 25. januar i år.
Så ei kuriøs
sak frå Aftenposten i 1909: Oscar Mathiesen hadde vunne EM på skeiser i
Budapest, og premien var ein stor
sølvpokal som vog heile 10 kg. Denne blei liggende i Tollboden i Oslo fordi
Oscar ikkje hadde råd til å betale tollen. Summen var heile 150 kr. Men skeisevener
visste råd: Dei vendte seg til departementet for bl.a. toll og forklarte
situasjonen. Nokre dager etterpå kunne skeiselauparen hente pokalen tollfritt.
Ord for
dagen: «Fred kan ikkje sikres med våpen, det må mennesker gjere». Sitatet er av
John F. Kennedy.
I sekretær sitt fråver, forkynte presidenten at ved forrige
møte var 24 frammøtte som ga 55,8 %. Bursdager: Ein rund dag: Rotaryven Olav
Utgård fyller 70 år, 13. feb. Gratulerer ! Vår proffe kasserer, John Henrik
fyller 48 år, 16. februar. For
BUAS-besøk er det Rolf og Odd som står for tur.
Rotaryven Kjell H. heldt kvelden sitt
3- minutt: Temaet
for innlegget var alvorleg: Nemlig diabetes (sukkersjuke) og medisinen insulin
som diabetikere er avhengig av. Ved diabetes 1 er pasienten heilt avhengig av
denne. Enkelte med diabetes 2 må også bruke den, men ofte kan den haldast i
sjakk med adekvat kosthald. Det er ingen sjølfølge at alle i verda har tilgang
til insulin. I USA har det vore ei voldsom prisstigning frå 20 dollar pr.
ampulle til 285 dollar. I følge Kjell koster, det kun 5 dollar å framstille
dette. Med ein så voldsom kostnad er det begrensa kven som har økonomi til å
kjøpe medisinen.
I Mosambique,
i Afrika, har eit barn som blir født med diabetes 1 liten sjanse til å leve opp
pga. medisinmangel. Dette er eit stort paradoks, teke omsyn til at i år 2022 er 100 år sidan
første pasient blei behandla med insulin.
Tankevekkende
og litt dystert 3- minutt av Kjell. Han minte oss på kor heldige vi er her i
landet som får tilgang på medisin utan å bli økonomisk ruinert.
Orientering frå presidenten: Som vi veit, er det eigerskifte av
lokala vi held til . Coop tek over bygget når Sparebanken flytter til
Hjørnegården. President og Past President er i dialog med dei nye eigarane om evt.
å fortsette med dagen si ordning. Sjøl om det kanskje er utsikt til ei god
løysing på dette, blei det beslutta å gjere ein rydde-dugnad. Alt som er laust
i lokala eig SRK, medan det som er fast tilhøyrer banken. Stoler og bord
tilhøyrer sjølsagt banken. 2 timer før
ordinært møte var trubadur Olav og presidenten tilstades for å systematisere og
rydde vekk/kaste ting som vi ikkje har bruk for i framtida. Til å assistere seg
hadde Olav og Petter fått med seg to kraftige bodybuildere.
Fotoframvisning av Per Magne
Drotninghaug (bilde under):
Etter rotarykaffe, med kjempegode sveler, fekk Per
Magne Drotninghaug ordet og bildet. Han er ein ivrig hobbyfotograf og har
spesialisert seg på natur- og fjellbilde. Dessuten har han teke mange fenomenale
bilder av nordlyset. Den bildeserien Per Magne viste kunne ta heilt pusten frå
oss. Eine fotoet flottere og meir spektakulært enn det andre. Særleg har han
tatt mykje bilder frå Velledalsfjella; det er knapt ein topp han ikkje har vore
på. Vi som bur i Sykkylven og Sunnmøre er vel ikkje spesielt glad i tåke, men
dette fortel Per Magne er heilt ypperlig foto-vær. Bilda får meir liv og blir nærast «trollske».
Det heiter at «over skyene er himmelen alltid blå». Med sine foto kunne Per
Magne dokumentere at «over tåka er himmelen alltid blå». Eit bilde referent
husker spesielt er der tåka ligg som ein dyne over bygda, medan Gimsdalstiden,
Hammersettindane og Urfjellet stikk opp og ligg bada i sol. Sjå bildet under:
NB! Klikk på lenken Per Magne Drotninghaug: Her er masse fenomenale fjellbilder:
Bilder: Er teke frå internett, og eg synes dette er bilder som er typisk for Per Magne sin fotokunst:
Per Magne
tek mange bilder i soloppgang og/eller solnedgang, gjerne med skodde rundt i landskapet. Han vil
ha med mennesker på bilda, gjerne på litt avstand. Dette gjer at bilda får ein
ekstra dimensjon over seg.
Til sist,
men ikkje minst, må referent få lov til å nemne dei fenomenale nordlysbilda med
Velledalsfjella som ei ramme for bilda.
Bilder: Fenomenale nordlysbilder frå Per Magne Drotninghaug:
At
fotokunsten er digitalisert, skal kanskje Per Magne vere glad for. Han fortalte
at han tok 4000 bilder berre på ein fjelltur. Totalt, opplyste han, å ha teke
over 400 000 foto.
Under
spørsmålsrunden etterpå, blei det foreslått at han kunne dekorere enkelte
triste grå betongvegger rundt omkring i bygda med enkelte av sine fenomenale
fotografier. Noko han ikkje var heilt framand for.
Som allereie
nemnt, tidlegare i referatet, var dette ei fenomenal fotoframvisning. Aldri har
referent fått vore med på så mange fjellturer med så lite bruk av fysiske
krefter. Velfortjent gest og flaske vin til Per Magne.
Bilde: Velfortjent gest frå president Petter:
Så minte presidenten om at det er vinterferiefri neste
onsdag og at vi uansett korleis det går, må vi finne eit anna lokale til møtet
den 26. februar.
Så takka han
for møtet og ønska alle god vinterferie og vel heim.
Referent
Jarle
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.