Referat frå Rotarymøte
26.02.2020:
IvarJohansen fortalte korleis
han opplevde å vere fyrstereis-gut i utanriksfart ombord på MS Falkanger.
Rotaryven Odd held ei lita orientering om Brexit og presidenten orienterte om
situasjonen med Sparebanksalen og forhandlingane i det høve.
Denne gangen
var møtet i Kyrkjekjelleren. President Petter ønska som vanlig alle vel møtt, og
spesielt kvelden sin gjest og foredragshaldar, Ivar Johansen. Applaus!
Som vanleg
litt om dagen sin dato: Inger og
Ingjerd har namnedag. Vår Ingjerd var ikkje til stades, og gjekk glipp av
applaus på sin namnedag.
To
fødselsdagar: Den amerikanske countrysangaren, Johnny Cash, født i 1932, og vår
eminente fotballhelt og manager, Ole Gunnar Solskjær, født 1973.
I den siste
tida har vi hatt forskjellige former for å vere «fast». Det gjeld for eksempel «sandfast»
på Kanariøyane, «coronafast», der denne virusen herjar, og «rasfast» der folk
er blitt innesperra av ras. For nokre år sidan (år 2010) hadde vi «askefast» då
ein vulkan på Island hadde utbrot og asken blokkerte flytrafikken. President
Petter minte om at vulkanen Hekla hadde utbrot i år 2000, utan at dette var
særlig stort eller dramatisk. Utbrota i 1104, 1693, 1766 og i vår tid, i 1947
var langt større og hadde store konsekvensar i den aktuelle tida.
Rotarysong:
For trubadur
Olav, kunne «sandfast» på Kanariøyane, vore aktuelt dersom han hadde hatt ein
tidlegare heimreisedato. I Olav sitt fråver fekk Ove og Odd det ærefulle
oppdraget å finne ei høveleg rotarysong. Og «Mellom bakkar og berg» må vel
seiast å oppfylle dette.
Sekretær kunne forkynne at det ved forrige
møte var 24 frammøtte, noko som ga 60,17 %.
Bursdager: Geir
L. fylte 52 år, 19. februar. Så to runde bursdager: Knut Molnes fylte 75 år,
21. februar og Kjell Heggdal fylte 80 år, 24. februar. Presidenten spanderte
velfortjente blomster på dei to.
Bilde: To kjekke karer, Knut Molnes og Kjell Høydal som fylte 75 år og 80 år.
3- minutt:
Odd H. heldt
3 minutt om Brexit. Som vi veit, gjekk Storbritannia ut av EU, 31. januar. Då
Norge er med i EØS, var det mange økonomiske avtalar mellom dei to landa. Det
er ei overgangsordning ut 2021, men etter dette må alt forhandlas på nytt.
Britane er ein av våre viktigaste handelspartnarar. Norge eksporterer for i alt
209 mrd kroner til Storbritannia. Av dette er 150 mrd. olje og gass. Så vidt
referent fekk med seg, eksporterer vi fisk for 7 mrd. Andre vegen, så
importerer vi for 83 mrd. kroner. Det er eit håp at det blir forhandla fram ein
frihandelsavtale som er til gagn for begge nasjonar. Uansett blir det krevjande
forhandlingar der alle departement må få til eit nytt avtaleverk. Svært aktuelt
og opplysande 3- minutt.
Ymse:
President
Petter opplyste at, saman Greta, han
hadde hatt ein runde til med rydding av Sparebanklokala «våre». Eigar kunne
visst tenkt seg at alt var rydda ut, men vi fekk, etter avtale med Coop og Sparebanken,
lov til å ha vore ting på plass til eigarskapet er avklart . Vi håper sjølsagt vi kan halde fram som før.
Greta og
Olaf, med følge, er på veg til Filippinene. I skrivande stund er dei kome fram
til Bogo og Lola Day Care senter. Referent ønsker dei eit riktig godt opphald,
og håper at dei ikkje blir «corona-fast».
Til slutt ei
sak frå presidenten som ikkje er særlig flatterende for referent. Under
referatet frå Kjell Løseth om Viggo Ørbeck, var referent så «syndig» at han
lasta ned eit bilde frå Internett av den godeste Viggo. Det skulle han ikkje ha
gjort. NTB har nemlig «copyright» på bilde. Det førte til at klubben vår fekk
ei saftig bot på kr 3.750,-. I tillegg måtte vi slette alle bilder på
heimesida, både under «Nyhende» og under «Her kan du lese referat frå 2016
----2019/2020». Referent vil beklage det som har hendt. Heretter vil det kun bli
nytta bilder som vi har tatt sjølve, eller etter ettertrykkelig tillatelse frå eieren av bilda.
Ivar Johansen: «15- åring
førstereisgutt»:
Etter
rotarykaffe og gode rundstykker, fekk Ivar Johansen ordet. I eit møte i Odd
Fellow, hadde han fortalt om å vere 15 år og førstereisgut i handelsflåten.
Knut V., som også er med i denne organisasjonen, spurte om han kunne halde
samme foredraget hos oss. Det ville Ivar:
Bilde: Ivar held sitt interesante foredrag:
Skuleskip:
Han opna med
å fortelle at han er frå Vardø. Då han fylte 15 år tok han turen med hurtigruta
til Stavanger og skuleskipet D/S Gann. Saman med 86 andre kadetter fikk han utdanning
i 3 månader. Ungdommene fikk solid kunnskap i sjømannskap og dei fekk lære disiplin.
MS Falkanger:
Etter desse
3 månadane, fekk Ivar hyre på lastebåten, M/S Falkanger. Jobben var i byssa som messegut. Arbeidet her var
mangfoldig, men potetskrelling utgjorde nok ein, ikkje liten del, av arbeidet.
Gjensyn med familien:
Første hamn
var Rotterdam, der det blei lasta tømmer som skulle til Arkhangelsk i
Sovjetunionen. På veg dit ankra dei opp utanfor Vardø, og Ivar fekk gjensyn med
familien. I tillegg til gjensynsgleda, var også veret heilt fantastisk med 30
graders varme.
Frå Arkhangelsk
gjekk ferda tilbake til Rotterdam via Kielkanalen. Her blei det besøk på
sjømannskirka med god mottaking, kaffe og vafler. Sjøfolka fekk lese gamle og
nye aviser, og brev og pakker heimanfrå var sjølsagt svært velkoment.
Ivar
fortalte at mannskapa på skipet stort sett var greie folk, og at dei yngre
sjølsagt hadde stor respekt for dei eldre. Særleg stor respekt for dei som
hadde seilt ute under krigen, krigsseglarane. Ein av arbeidarane i byssa hadde
blitt torpedert ikkje mindre enn to gonger.
New York:
Så fekk Ivar
oppfylt ein stor draum: Turen gjekk frå Antwerpen i Belgia, over Atlanteren,
til Amerika og New York. Her var det mykje å oppleve for ein 15 åring: Pass i
plast, Coca Cola og hamburgere, og sjølsagt eit besøk ved sjømannskirka, der
sjøfolka alltid var velkomne.
Frå New York
fortsatte M/S Falkanger til Cristobal i Panama, via den 65 km lange
Panamakanalen. Landskapet var litt annaleis enn i Vardø, med tett jungel på
begge sider og svært varmt. Vidare, til eit veldig vakkert land, Costa Rica.
Her var det riktig eksotisk med aktiv vulkan i nærleiken, latinamerikanske
rytmer og musikk.
Levende last:
Ekstra
eksotisk blei det då det blei lasta inn 550 halvville okser. Desse hadde med
seg 6 oksepassere. Reisemålet var Lima i Peru. Etter å ha avlevert «lasten»,
blei det grundig reingjering av båten for å få bort all «etterlatenskapene» frå
dyra.
Sjøl om
sjømannslivet og jobben om bord i messa var slitsomt, var det også ein del
fritidstilbod om bord. Det blei vist film to ganger i veka, og det blei delt ut
«rasjoner» av øl eller mineralvatn til dei unge. Det var også populært å prøve
å få inn Rogaland Radio med masse antenner rundt omkring i båten. Noko som telegrafisten
kunne styre si begeistring for, idet det forstyrra mottak og sending av radiosignal.
Jule- og nyttårsfeiring:
Ivar
fortalte korleis det var å feire jul og nyttår under tropiske og varme strøk, i
Sør Amerika. Det var nok heilt annaleis enn i Vardø. Men bortsett frå varmen og
klimaet, var det ein del ting som heime. Pakkar og telegram frå heimlandet var
populært. Det var god mat og drikke og opplesing av Juleevangeliet.
Sjukmelding:
Varmen plaga
Ivar veldig, og for å kjøle seg ned retta han ei vifte med kald luft mot ansiktet.
Resultatet blei ein ansiktslammelse. Etter konsultasjon med lege i Balboa, blei
han sjukmeldt og sendt tilbake til heimstaden, Vardø. Slik enda dei første 8 ½
månader i utenriksfart for Ivar. Men han tok ikkje skrekken, og det blei slett
ikkje siste turen han gjorde. På ein av turane, i 1970, møtte han Sigrid som
han no er gift med.
Eit artig og
interessant historie av Ivar. Velfortjent belønning frå presidenten.
Bilde: President Petter med kvelden sin gjest, Ivar Johansen:
Så minte president
Petter om neste møte, 4. mars. «Stad får vi kome tilbake til», sa han. Til
slutt blei alle ønske vel heim.
Referent
Jarle
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.