Rotarydugnad i Kyrkjeparken.

Rotarydugnad i Kyrkjeparken 06.05.2020:

Etter koronapause i nesten 2 månader tok vi sjansen på å trosse alt som heiter koronavirus og samla oss til årleg dugnad i Kyrkjeparken. Som ansvarsbevisste nordmenn passa vi sjølsagt på å halde korrekt "koronaavstand".

 Etter litt diskusjon via epost, bestemte styret i SRK å køyre i gang den årlige dugnaden i Kyrkjeparken.

Oppmøtet etter pause i  2 måneder var upåklagelig. Veret var litt surt med kald vind. Men vindtette klær og hue på hovudet, for den som har lite hår, hjalp godt.

Vi fikk raka «plenen» for nedblåste greiner, luka og rydda i beddet i rundkøyringa og kosta sand og stein etter alle kunsten sine regler.

Dette er 12. dugnaden referent deltek og veret har vore, om ikkje strålande, så i alle fall til å jobbe i, alle 12 gangane.

Legg ved nokre bilder, men gjer ikkje meir ut av referatet. Journalist Olav P vil skrive inn ein artikkel i Sykkylvsbladet og gi eit grundigare referat der.  Les Olav sin flotte artikkel:







Referent 
Jarle

 
Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes