Rotarymøte 13.05.2020: Svein Aure om Sjøfronten.


Referat frå rotarymøte 13.05.2020:

Første gang sidan stengninga av Norge, 12. mars, var det ordinært møte i SRK. Ikkje nok med det: Vi heldt møte i «gamle-lokala» våre, Sparebanksalen. Ein dugnadsgjeng hadde på førehand lagt ypperlig til rette med å sjaue bord og stoler og sette på varme. Matkomiteen sørga for kaffi og sveler innpakka i serviett. 

Visepresident Knut Jarle leia møtet: Han ønska alle vel møtt, spesielt kvelden sin gjest, Svein Aure, som ville orientere om Sjøfronten i Haugbukta og planane her. Applaus!

Først litt om dagen sin dato: 1856: Første buekorps stifta i Bergen. 1945: Kronprins Olav kjem tilbake til Oslo frå England under STOR jubel. Bursdager til to artister: Stevie Wonder, født 1950 og Alexander Rybak, født i 1986.

Ord for dagen etter den svenske skodespelar, Ingrid Bergmann: «Alder er som å klatre opp eit fjell, ein blir andpusten underveis, men får bedre utsikt på toppen».

Trubadur Olav hadde funne ein rettelig 17. mai song: «Mellom bakkar og berg», av Ivar Aasen. Fin trening før 17.mai.

Visepresidenten ramsa opp dei som hadde hatt bursdag sidan forrige møte: Det var Bastian, Arild, Peder, Steinar K., Almar, Trygve og Jan(?) . Olaf fyller år 14.05 og Roald 15 mai. Referent fekk ikkje med seg alder, men den kan neppe vere så høg på nokon av dei.

Sjøfronten:

Etter rotarykaffe, og som vanlig gode sveler, var det tid for orientering ved Svein Aure. Som mange veit, er det blitt fylt opp med masse og stein i Haugbukta. Planen er no å bygge butikk på hovedplan og leiligheter i 3. etasjer.


Arealet for butikken (Spar) blir heile 1500 m2. Så er det planlagt 3 etasjer med 8 leiligheter i kvar etasje: Den største 130 m2, den minste 67 m2. Planløysinga er lik for alle etasjer.

Svein fortel at adkomsten ikkje er heilt ideell, men pga. rundkøyringa er farta på trafikken ikkje så høg. Dermed skulle det vere overkommelig å krysse veien heilskinna. Elles er det gangvei gjennom miljøtunnelen.Det er planlagt grøntareal framføre mot sjøen. Sjøl om det kan vere ei utfordring, vil ein forsøke å få til ein gangsti på innsida av dagen sitt rekkverk.

Parkering:

Det er planlagt 145 parkeringsplasser, og inngangen til butikken blir frå nord. Til dei som bur i leilighetene er det planlagt Carport i bakkant.

Høgda på bygget blir på 15 meter, og er innenfor gjeldande reguleringsplan. Grunnforholda på Aure er litt usikker, så Svein veit ikkje om det må pælast eller om ei betongplate på ½ m vil gjere nytte som stabilisering.

Pris:

Svein antyder ein pris på 50000 – 54000 kr. pr. m2 for leilighetene.

Dersom alt går etter planen, vil det fysiske arbeide bli satt i gang i byrjinga av jan., febr. neste år.

Veldig grei og nøktern orientering av Svein. Han minner om at det kun er ei skisse som blei presentert og ikkje det endelige resultatet. 

Mange spørsmål i etterkant: M.a. spurte Helge om det kunne vere ein ide å sette av areal for felles sosial samrøre. Svein fortalte at ein hadde vore inne på tanken, men foreløpig er ikkje fellesareal med i planløysinga.

Avslutningsvis blei foredragsholderen belønna med sedvanlig fint innpakka ost.

Så runda visepresident Knut Jarle av møtet og minte om neste møte om 14 dager. Fri onsdag før Kristi Himmelfarts dag.

Her er Svein sin presentasjon om Sjøfronten (Det kan ta litt tid før dei enkelte bilda kjem fram)

Referent

Jarle





 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS