Referat frå Rotarymøte
27.05.2020:
Les kva vår nye rotaryven, Borgar Tynes
fortalte i sitt ego-foredrag. Knut V holdt eit svært aktuelt 3 - minutt om
Koronapandemien.
President
Petter ønska alle vel møtt, og spesielt kvelden sin gjest, Jan Ove Overvåg.
Applaus!
Litt om dagen sin dato: Kato og Katinka har namnedag. To bursdager:
Tidligere kringkastingsjef, Torolf Elster f. 1911 og am. politiker, Henry
Kissinger f. 1923.
Det er ikkje
berre i dag det er krig og elende: I 1180 vann Sverre Sigurdson over Magnus
Erlingsson i slaget om Trondheim. I 1184 vann Sverre slaget ved Fimreite og
blei dermed konge i Norge.
I 1905 nekta
svenskekongen å godta Stortinget sitt vedtak om å opprette eige konsulatvesen.
Dette blei forløperen til at Norge gjekk ut av unionen med Sverige.
Som ein
parallell til dagen sin situasjon med masse snø i fjella: I 1995 var det
storflaum på Austlandet etter rekordmasse snø i fjella, kombinert med masse
regn og mildver. Så vidt referent forstår, er det kun ein gong i historia det
har vore verre flaum og det var i juli 1789 då «Store Offsen» herja.
Rotarysong:
Sidan vi er
i slutten av mai hadde trubadur Olav funne fram rotarysonger i samsvar med
denne månaden: Først «Om våren» av Haldis Moren Vesaas og så «Kom mai du
skjønne milde». Det siste kan vel diskuterast om det er representativt for
årets mai. I alle fall hadde trubadur
Olav alliert seg med tonekunstnarar han kan matche seg med: J.S. Bach har
satt tone til første song og Mozart til den andre.
Sekretær Kristin kunne opplyse at Ingjerd fylte 74 år
nett denne dag. Trubadur Olav hadde førebudd bursdagssang, men då Ingjerd ikkje
var til stades gjekk ho glipp av denne. Jan Kåre fylte 65 år 23. mai og Asbjørn
Riksheim fyller 69 år, 1. juni.
3- minutt var ved Knut V. Han tok for seg eit
svært så aktuelt tema, nemlig Korona-pandemien. Det er ikkje første pandemien
vi har: I 1918 – 1920 døde kanskje opptil 100 mill. mennesker av Spanskesykja.
Vi hadde også pandemier på 1950- talet og 1960- talet. Siste, før Koronaen, var
Svineinfluensaen i 2009. Men aldri så galt at det ikkje er godt for noko: Ein
er blitt bevisst på manglende beredskap, og landbruket har fått seg eit
oppsving. Dette gjeld både forståing av kor viktig dette er og oppsving i
prestisje. Samanlikna med dei fleste andre land, lever vi i Norge «på den grøne
grein». Vi har 10000 mrd. kroner på bok som regjeringa kan bruke til å
kompensere økonomiske tap i næringslivet. Men understreker Knut: Sjøl om
smittetala er lavere no, må ein ikkje slappe av og tru at alt er over. Under
Spanskesyka kom både ei 2. bølge og 3. bølge der virusen var farligere enn ved
1. utbrot. Derfor må vi følge smittevernråda i lang tid framover.
Egoforedrag ved Borgar Tynes:
Bilde av Borgar, henta frå Facebook-kontoen hans.
Etter
rotarykaffe, var vi spente på kva vår nye rotaryven, Borgar Tynes hadde å
fortelle oss i sitt «Egoforedrag»: Han innleia med å fortelle at han er frå
Rasmusgarden på Tynes, f. 10.08.1944. Son av Bernhard og Jenny. Vaks opp med
ein bror, Jan og to søstre, Tove og Randi. Borgar var født inn i
møbelproduksjon og kunne huske tilbake då det var kokelag ved Tynesfabrikken. Dei
laga mat til meir enn 50 arbeidarar.
Hobbyar:
Borgar fekk
tidlig interesse for fiske, og i 12 års alderen fekk han sin eigen båt: Ein
liten «Tresfjording». Han heldt familien med kokfisk. Seinare har han hatt
laksefiske som ein kjær hobby. På
spørsmål frå referent om den største laksen han har fiska, svarte han 14 kilo
(!). Referenten sin pers. på 3,5 kg blir som ein mort å rekne.
Borgar har
ved sidan av fiske også hatt ein annan hobby, alpint. Slalombakken på Blindheim
gjorde at dette var ein naturleg sport å drive. Borgar var svært habil i slalom,
og kunne fortelle om deltaking i junior-NM, der han konkurrerte med m.a. Per
Sunde, som var den beste utøveren den tida.
Jobb på Tynes Møbler:
Men sidan
han voks opp i eit møbelproduksjonsmiljø var det naturlig at han fekk sitt
levebrød her. Av utdanning nemnte Borgar realskule og Handelsskule i Ålesund.
Han begynte å jobbe i fabrikken til faren i 1965.
Sosialt:
Når det
gjeld det sosiale, gifta Borgar seg med Anna Sætre i 1971. Dei har 3 barn
saman.
Borgar
avslutta med å takke fadder Rolf for all omtanke og han takka SRK for god
mottaking.
Dei fleste
spørsmål etterpå handla om mor hans, Jenny og den pianoundervisninga ho dreiv i
alle år. Borgar kunne fortelle at verken han eller Jan lærte seg å spele; dei
hadde høyrt nok av dette under mora si undervisning. Elles var mange
interesserte kva han kunne fortelle om kokelaga som var på 50- talet.
Presidenten
takka for eit fint foredrag og håper Borgar fortsatt vil trives med oss i SRK.
President
Petter avslutta med å minne om at neste gang blir ordinært møte og ikkje
«Presidenten sin time». Dette pga av at visepresidenten skal på
presidentopplæring.
Så blei vi
som ønska vel heim.
Referent
Jarle
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.