Rotarymøte 27.05.2020: Borgar Tynes: Egoforedrag.

Referat frå Rotarymøte 27.05.2020:

Les kva vår nye rotaryven, Borgar Tynes fortalte i sitt ego-foredrag. Knut V holdt eit svært aktuelt 3 - minutt om Koronapandemien.

President Petter ønska alle vel møtt, og spesielt kvelden sin gjest, Jan Ove Overvåg. Applaus!

Litt om dagen sin dato: Kato og Katinka har namnedag. To bursdager: Tidligere kringkastingsjef, Torolf Elster f. 1911 og am. politiker, Henry Kissinger f. 1923.

Det er ikkje berre i dag det er krig og elende: I 1180 vann Sverre Sigurdson over Magnus Erlingsson i slaget om Trondheim. I 1184 vann Sverre slaget ved Fimreite og blei dermed konge i Norge.

I 1905 nekta svenskekongen å godta Stortinget sitt vedtak om å opprette eige konsulatvesen. Dette blei forløperen til at Norge gjekk ut av unionen med Sverige.

Som ein parallell til dagen sin situasjon med masse snø i fjella: I 1995 var det storflaum på Austlandet etter rekordmasse snø i fjella, kombinert med masse regn og mildver. Så vidt referent forstår, er det kun ein gong i historia det har vore verre flaum og det var i juli 1789 då «Store Offsen» herja.

Rotarysong:

Sidan vi er i slutten av mai hadde trubadur Olav funne fram rotarysonger i samsvar med denne månaden: Først «Om våren» av Haldis Moren Vesaas og så «Kom mai du skjønne milde». Det siste kan vel diskuterast om det er representativt for årets mai. I alle fall hadde trubadur  Olav alliert seg med tonekunstnarar han kan matche seg med: J.S. Bach har satt tone til første song og Mozart til den andre.

Sekretær Kristin kunne opplyse at Ingjerd fylte 74 år nett denne dag. Trubadur Olav hadde førebudd bursdagssang, men då Ingjerd ikkje var til stades gjekk ho glipp av denne. Jan Kåre fylte 65 år 23. mai og Asbjørn Riksheim fyller 69 år, 1. juni.

3- minutt var ved Knut V. Han tok for seg eit svært så aktuelt tema, nemlig Korona-pandemien. Det er ikkje første pandemien vi har: I 1918 – 1920 døde kanskje opptil 100 mill. mennesker av Spanskesykja. Vi hadde også pandemier på 1950- talet og 1960- talet. Siste, før Koronaen, var Svineinfluensaen i 2009. Men aldri så galt at det ikkje er godt for noko: Ein er blitt bevisst på manglende beredskap, og landbruket har fått seg eit oppsving. Dette gjeld både forståing av kor viktig dette er og oppsving i prestisje. Samanlikna med dei fleste andre land, lever vi i Norge «på den grøne grein». Vi har 10000 mrd. kroner på bok som regjeringa kan bruke til å kompensere økonomiske tap i næringslivet. Men understreker Knut: Sjøl om smittetala er lavere no, må ein ikkje slappe av og tru at alt er over. Under Spanskesyka kom både ei 2. bølge og 3. bølge der virusen var farligere enn ved 1. utbrot. Derfor må vi følge smittevernråda i lang tid framover.

Egoforedrag ved Borgar Tynes:


Bilde av Borgar, henta frå Facebook-kontoen hans.

Etter rotarykaffe, var vi spente på kva vår nye rotaryven, Borgar Tynes hadde å fortelle oss i sitt «Egoforedrag»: Han innleia med å fortelle at han er frå Rasmusgarden på Tynes, f. 10.08.1944. Son av Bernhard og Jenny. Vaks opp med ein bror, Jan og to søstre, Tove og Randi. Borgar var født inn i møbelproduksjon og kunne huske tilbake då det var kokelag ved Tynesfabrikken. Dei laga mat til meir enn 50 arbeidarar.

Hobbyar:

Borgar fekk tidlig interesse for fiske, og i 12 års alderen fekk han sin eigen båt: Ein liten «Tresfjording». Han heldt familien med kokfisk. Seinare har han hatt laksefiske som ein kjær hobby.  På spørsmål frå referent om den største laksen han har fiska, svarte han 14 kilo (!). Referenten sin pers. på 3,5 kg blir som ein mort å rekne.

Borgar har ved sidan av fiske også hatt ein annan hobby, alpint. Slalombakken på Blindheim gjorde at dette var ein naturleg sport å drive. Borgar var svært habil i slalom, og kunne fortelle om deltaking i junior-NM, der han konkurrerte med m.a. Per Sunde, som var den beste utøveren den tida.

Jobb på Tynes Møbler:

Men sidan han voks opp i eit møbelproduksjonsmiljø var det naturlig at han fekk sitt levebrød her. Av utdanning nemnte Borgar realskule og Handelsskule i Ålesund. Han begynte å jobbe i fabrikken til faren i 1965.

Sosialt:

Når det gjeld det sosiale, gifta Borgar seg med Anna Sætre i 1971. Dei har 3 barn saman.

Borgar avslutta med å takke fadder Rolf for all omtanke og han takka SRK for god mottaking.

Dei fleste spørsmål etterpå handla om mor hans, Jenny og den pianoundervisninga ho dreiv i alle år. Borgar kunne fortelle at verken han eller Jan lærte seg å spele; dei hadde høyrt nok av dette under mora si undervisning. Elles var mange interesserte kva han kunne fortelle om kokelaga som var på 50- talet.

Presidenten takka for eit fint foredrag og håper Borgar fortsatt vil trives med oss i SRK.

President Petter avslutta med å minne om at neste gang blir ordinært møte og ikkje «Presidenten sin time». Dette pga av at visepresidenten skal på presidentopplæring.

Så blei vi som  ønska vel heim.

Referent

Jarle

  


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS