Rotarymøte 03.06.2020: Ordfører Odd Jostein Drotninghaug.

Referat frå Rotarymøte 03.05.2020:

Ordfører og rotaryven, Odd Jostein orienterte om stoda i kommunen i utfordrande korona-tider. Rotaryven, Geir L heldt 3 minutt med ei kort orientering om Stokke Industri som er eit investeringsselskap.

Denne gang var det Greta som leia møtet. Ingen gjester, men solid oppmøte: Dei fleste var sikkert spente på kva vår rotaryven og ordfører, Odd Jostein hadde å rapportere.

Som vanlig litt om dagen sin dato: Månaden juni, som vi er inne i, har namnet frå den romerske gudinnen, Juno som var beskytter for kvinner og det kvinnelige.

Rasmus og Rakel har namnedag.

Ein bursdag: Vår koselige og folkelige TV- kokk, Ingrid Espelid blei født i 1924.

Til sist ein liten rapport om koronasituasjonen: Greta sin konklusjon er at vi helsemessig har kome godt frå det samanlikna med andre land (les: Sverige). Til no er det ca. 8500 smitta og 237 dødsfall. Men den nedstenginga av samfunnet, som måtte til, har kosta både menneskelig og økonomisk. Det har kome godt med at vi har penger på bok, slik at staten, til ein viss grad, har kompensert økonomiske tap hjå selskap og bedrifter. Ca. 1/3 av dei som har søkt om støtte har fått avslag.

Kva rotarysong passer bedre som kommentar til overstående enn ?: «Vi vandrer med freidig mot» av sjølvaste Henrik Ibsen.  Tydelig at denne songen kunne vi godt, og enda bedre blei det med trubadur Olav sitt flotte gitarspel.

Sekretær hadde meldt avbud, men Greta kunne opplyse at Rolf fyller år 9. juni. Applaus! Det var elles litt forvirring om forrige gang sitt oppmøte. Det høgaste oppmøte var 44, det lavaste var 14. Men Greta landa til slutt på 19, noko referent synes kan stemme. Om oppmøte-prosenten blir riktig er vanskeleg å sei, men Greta meinte denne var 44.

Olav fekk ordet og viste fram ein ståltermos som han hadde funne i Kyrkjeparken etter dugnaden i beg. av mai. Han etterlyste ein eiger, og dersom denne ikkje meldte seg, var han litt i uvisse om kva han skulle gjere.


Bilde:Termos funne av Olav. Er veldig spesiell, fordi den trosser gravitasjonskrafta.

3-minutt om investeringsselskapet Stokke Industri AS.

3- minutt var ved Geir L.: Han er ansatt som partner i Stokke Industri AS. Dette er eit selskap som m.a. investerer  i industri og eigedomsprosjekt. Eigenkapitalen er på 2,4 mrd. kroner. Gjennomsnittlig avkastning er på 4 – 6 %. No, når rentene er praktisk talt lik null, er det meir aktuelt enn nokon gong å investere i slike fond som Stokke og Geir administrerer.

Geir fortalte noko ganske interessant: Korleis vil aksjemarked reagere på situasjonen som korona-krisa har skapt? Han skisserte eit V- forløp, eit W- forløp eller eit L- forløp. Det beste scenariet er logiske sett V, der aksjemarknaden går ned og så opp igjen til gamle høgder. Ved W skjer dette to ganger, medan ved L, vil bli som på 30- talet, der aksjemarknaden er ganske laber over lengre periode. Vi håper sjølsagt på V og ikkje L. Aktuelt 3- minutt frå Geir.

Orientering ved rotaryven og ordfører Odd Jostein:


Bilde: Bilde frå eit tidligere møte med ordfører og rotaryven, Odd Jostein.

Etter rotarykaffe og gode sjokoladekaker, var det ordfører og vår rotary-ven, Odd Jostein som fekk ordet. Han fortalte at han naturleg nok hadde hatt det svært travelt i samband med koronapandemien og avstengningen av samfunnet. Heldigvis hadde administrasjon tatt grep, og når krisa kom, var ein i forkant av problema. Dermed slapp ein å kalle inn formannskap og kommunestyret til avgjerder som det hasta med: 850 elever skulle på nett. 300 tilsette i kommunen likeså. Eit helsesenter, som ikkje hadde PC som fungerte på dette området, måtte bli tildelt adekvat utstyr. Trass i ei mengde utfordringer, konkluderte Odd Jostein med det heile hadde fungert greit.

Stor pågang frå media:

Men uansett, så var det ikkje til å unngå at arbeidsløysa og mengda permitteringer i kommunen blei høg. I kjølvatnet av dette, var det stor pågang frå media, frå NRK- tv til ymse aviser. Dette tok sjølsagt både tid og mentale krefter.  I samband med krisa i arbeidslivet var Sykkylven Næringsutvikling ein god støttespelar, og samarbeidet med næringslivet var godt.

Omstillingsprosjekt:

At Sykkylven har eit  ensidig næringsliv, gjer oss veldig sårbare når ei krise kjem. Faktisk er det berre Årdal som er meir sårbar. Dette gjer neste punkt på Odd Jostein si orientering svært aktuell, nemlig eit såkalla Omstillingsprosjekt. Det er sendt søknad til Molde om støtte til dette. Åsne Follstad har kompentanse og er svært involvert i dette. Men Odd Jostein understreker at det ikkje berre er nye verksemder som det blir oppmuntra til, men også at eksisterende blir støtta. Målet er sjølsagt å få til ein så robust næringsstruktur som råd.

Elles gjer referent det lett for seg sjøl og nemner berre kort det som Odd Jostein fortalte i resten av orienteringa:

-         Halde hjula i gang ved å sette i gang forskjellige  prosjekt rundt om i kommunen.

-         Prosjekt vei til Sørstranda skule. Ny vei og masse infrastruktur som må ordnast.

-         Sykkylven nr. 1 i fylket som trafikksikker kommune.

-         Ny fyringsteknologi ved BUAS. Stor suksess med dette ved Storhallen. Får «grønne lån».

-         Avslutningsfase når det gjeld parkeringsplasser, avfallsbrønner og ferdigstilling av asfalt på Fjellsætra. Også fiber og ny skiltplan og fartsgrenser.

-         Idedugnad på kaiområdet. Rema 1000 har vore i kontakt med kommunen som interessent.

-         «Gule områder» for tomter i sentrum.

-         Auremarka: Forprosjekt. Kontakt med Nordfjordeid som har erfaring med liknande prosjekt.

-         Sentrumskulen der massiv tre skal inngå i sjølve bygget. Det er ikkje berre eit skuleprosjekt, men også eit hall- og kulturskuleprosjekt. Antyda kostnad: 260 mill.

-         Elles oppsamling til slutt med velferdsteknologi, cruisekai, samarbeid med andre kommuner ang. flyplass og «Smart City». Også tenke regionsutvikling.

Etter orienteringa var det mange spørsmål. Eit av dei var korleis det går med tunnelen Hole – Engeseth. Her meiner Odd Jostein at prosjektet har gått  igjennom byråkratiet, og at iverksetting ikkje nødvendigvis treng å ta så lang tid.  

Ei veldig grei orientering av Odd Jostein. Klubben er heldig som har ordføreren som medlem.

Greta minte om at ved neste møte er det Olaf og ho sjøl som vil orientere om besøket til Lola Day Care Center.

Tilslutt ønska Greta oss vel heim.

Referent  Jarle


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS