Referat frå rotarymøte
10.06.2020:
Greta og Olaf viste bilder og fortalte frå sitt
fantastiske opphald ved Lola Day Care Center på øya Cebu. Dei delte ut i alt
64000 kr til May Britt og Lone, som gjer ein fantastisk og uegennyttig innsats
med førskulen og prosjekt Filippinene.
President
Petter var tilbake i president-embedet og ønska alle vel møtt. Det var såpass
mange gjester at referent ikkje hugsar namna. Men hovedgjestene, for å kalle
dei det, var May Britt Tynes og Lone Tynes Anderson. Stor applaus!
Som vanlig
litt om dagen sin dato: Ingolf og
Ingunn har namnedag. Norske operastjerne, Åse Nordmo Løvberg, født i 1913.
Lokal dikter, Arnold Eidslott, født 1926.
I 1940
kapitulerte Norge i krigen mot Tyskland. Kongen og Kronprinsen kom til London.
Italia erklærte krig mot dei allierte.
Dersom ein
tek med overstående, i tillegg til situasjonen i verda i dag, passa det godt med :«Draumen om fred» som rotarysong.
Alltid like aktuell sang (dessverre).
Sekretær kunne forkynne at det ved forrige
møte var 27 frammøtte. Dette ga pene 66,2 % frammøte.
Då Greta og
Olaf sitt innslag var berekna å vare litt lenger enn vanlig foredragstid, hoppa
vi over 3-minutt og gjekk rett på rotarykaffe og rundstykker.
Tur til Lola Day Care Center:
Greta og
Olav hadde rigga seg til med mange lysbilder. Dei veksla mellom å kommentere
dei ulike hendingene og bilda.
Foredraget
var delt i 3: Først vitjing hos rotaryklubben i Bogo. Så besøk ved Lola Day
Care Center. Til slutt bilder frå området rundt og frå ferieopphaldet.
Vitjing i Bogo Rotaryklubb: Her blei Greta og Olaf godt
mottatt. Det er møte ein gong i veka. Denne gongen var det eit sosialt møte der
ein av medlemmene feira sin 60- års dag.
Så gjekk turen
til hovedmålet, Lola Day Care Center,
saman med May Britt og Lone.
Som vi veit
er Lola Day Care Center ein førskule for dei fattigste av dei fattige barna.
Skulen er så velrenomert at også rike familier forsøker å få barna sine inn.
Men her er leiinga ubestikkelig.
Vi fekk sjå
bilder og video frå flaggheising, undervisningssituasjon og korleis barna leika
seg i friminutta. Utdeling av ryggsekker og T-skjorter frå Tine var sjølsagt
svært populært.
Vi fekk sjå foreldre
som deltok i dugnad med matlaging.
Det var
veldig høgtidelig då det var som ein eksamensfest med utdeling av vitnemål.
Bilde frå eksamensfest:
Utdeling av sjekk frå Sykkylven
Rotaryklubb:
Ikkje mindre
høgtidelig var det då Greta heldt tale og tildelte May Britt ein sjekk til drifta av skulen. Referent husker ikkje
beløpet, men trur det var 40000 kr.
Pga.
koronapandemien blei avslutningsseremonien amputert. I staden for eit
festmåltid på skulen, fekk barna og foreldre med seg matpakke heim.
Ein litt
kuriøs ting opplevde våre folk då dei besøkte to slumområde. Det var veldig skittent
i og rundt «hyttene», men ut kom likevel
brudepar der kjolen til bruda var kvit som snø. Korleis ho fikk til dette,
undra Greta seg svært på.
Sterke bilder frå det lokale
fengselet:
Bilder frå Bogo
City Gail gjorde inntrykk. Her var fangane innesperra som i noko som likna «bur».
28 personer i kvart «bur», av og til også fleire. Våre folk hadde med seg
hygieneartikler for 10000 kroner som vart
delt ut. Sjølsagt svært populært. Fangane lager til forskjellige produkt. Greta
sendte rundt korger som eksempel på
dette.
Bilde: Dette er korger som fanger ved Bogo City Gail har laga.
Ferie i «paradis»:
Men om det
var stusselig i slummen og i Bogo fengsel, så såg ferieopphaldet fint og
idyllisk ut. Bl.a. reiste dei med ei «ferje» til ei øy. Her
blei det soling og bading som høyrer til når ein er på ferie i «syd-østen». I alt 6 dager i «paradis».
Heim i hui og hast:
På grunn av
den aukande Koronapandemien blei avslutninga på turen ikkje som planlagt. Det
var berre å kome seg heim før ein blei koronafast. Heldigvis fekk våre folk bukka om flybilletten,
og reisa gjekk greit. Det gjorde det for Lone og May Britt også, men dei måtte
betale ein klekkelig sum for heimreisa.
Greta og
Olaf oppsummerte det heileat det hadde vore ein fantastisk tur som promoterte
SRK på ein flott måte. Alt i alt blei det delt ut 64000 kr. Dei nytta også
høvet til å takke May Britt og Lone for eit flott opplegg og ein fantastisk
innsats med Prosjekt Filippinene.
Referent tek
seg den fridom å takke Greta og Olaf for å ha representert klubben vår på ein
framifrå måte ved å foreta denne reisa.
Bilde: President Petter med Lone May Britt, Olaf og Greta.
Etter ein
sedvanlig spørrerunde, runda president Petter av møtet og opplyste at neste onsdag blir spasertur i det fri,
nærare bestemt ved Fetvatnet.
NB! Greta og
Olaf vil skrive artikkel i Sykkylvsbladet om opphaldet. Dette vil vere
grundigere enn referatet over.
Referent
Jarle
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.