Rotarymøte ved Fetvatnet

I det fine veret passa det godt å ha møte utandørs. Vi køyrde til Slettegjerde og gjekk til Litlesanden der Straumgjerde Velforening og LHL hadde gått saman om å lage til turveg,badeplass og grindløe. Sjå referat under bilda:




Rotarymøte 17.06.2020 – ved Fetstranda:

 

Då vermeldingane hadde vore fine i lang tid, bestemte Bastian og president Petter å ha møte i det fri. Kva er då finare enn Lisjesanden ved Fetstranda?

Ikkje noko stort frammøte, men det fine veret spelte kanskje inn.

President Petter ønska alle vel møtt, og spesielt dei to innbedne gjestane, Liv Fauske og Jens Olsen. Begge to representanter for LHL- Sykkylven.

Sidan vi er i Henrik Straumsheim sitt rike, passa det fint med bygdasongen: «Eg veit ei bygd der inne».

Trubadur Olav var i storform, og fortalte at han hadde vore innom P 1 pluss for intervjuv. Dette etter å ha svart korrekt på nokre spørsmål. Olav fekk avslutningsvis lov å framføre Jacob Sande sitt humoristiske dikt: «Barken på Stadt». Forhistoria er at i 15. mars 1967 var Olav på besøk hos ein kompis. Ut på natta, i 2- tida fekk Olav inspirasjon til å framføre dette diktet. Lite visste han at Jacob Sande døde same natta. Olav rekner med at det ikkje var dårleg framføring  som var dødsårsaka. 

Etter matykt fekk Liv og Jens ordet: Dei fortalte litt om korleis fasilitetene ved Litjevatnet hadde blitt til. Saman med Jens og LHL fikk Ole Høydal ideen om ein rasteplass ved Litjevatnet. Då med gapahuk og brygge. Finansiering blei søkt hos Ekstrastiftelsen (300 000 kr) og Sparebanken (15000 kr). Tilsaman kosta rasteplassen og oppgrading av vegen, i alt 400 000 kr.

4. juni 2016 var det høgtideleg opning med ordfører. Han kom roande, og med Per Svein Tandstad som spelte tussefløyte.

Seinare blei det samla inn penger til skilting av turveg og fasiliteter. I tillegg også skilt med dikt av lokale poeter.

Liv supplerte orienteringa til Jens med utfyllende info.

Flott orientering om turområde referent kjente lite til på førehand.

Velfortjent gest til begge to med kortreist spekepølse frå Velledalen.

I den fine kvelden, stod det igjen for president Petter å takke for frammøte. Han minte om siste møte dette rotaryåret med presidentskifte. Så ein fin spasertur tilbake til bilene på Slettegjerdet.

 

Referent

Jarle

 

 

 


 



 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.