Sykkylven Rotary Klubb, klubbmøte og Presidenten sin time den 19.
august 2020 kl. 19.
Skrivar: Olav Pileberg
Vi tek til med slutten av møtet, då presidenten
fortalde om ein e-post som han hadde fått, der ein viss Kjetil Utne frå
Trondheim fortalde om ei bok som han hadde laga etter ein sykkeltur frå
Trondheim til Bangalore i India. Heile referatet finn du her.
President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til første rotarymøte etter ferien med Presidenten sin time.
Dagen i dag namnedag for Sigvald og Sigve. Sigvald. Betydning: «seier» + «hersker». Opprinnelse: norrøn.
Navnedag: 19. august (Norge). 323 menn. Sigve. Betydning: «seier» + «skog, tre». Navnedag: 19. august
(Norge) ... Sigve er et skandinavisk mannsnavn
med norrøn opprinnelse som betyr «seier» og «skog, tre». (Wikipedia)
Minnedagar, bl.a. musikar Asmund Bjørken, f. 1933, d. 2018.
Kronprinsesse Mette-Marit f. 1973. Nasjonal flaggdag frå 2002, då ho vart gift
inn i kongeslekta. Med andre ord: ho vart godt gift.
«Hvis jeg hadde fått
dette bildet med det nye kameraet mitt, hadde jeg antakeligvis følt meg snytt,
og krevd pengene tilbake. Men da Nicéphore Niépce (1765-1833) tok dette bildet
i 1826 skrev han historie. Bildet heter «Utsikt fra viduet i Le Gras»,
og er verdens første vellykkede fotografi. Ordet vellykket brukes i sin videste
forstand. Bildet er fryktelig kornete, og eksponeringstiden er anslått til å
være på omtrent 8 timer. Det hadde antakeligvis vært like effektivt å male
utsikten.» Bilete under:
Etter alle desse
opplysningane frå presidenten, inviterte Olav til allsong: Rotary-songen av
Henrik Straumsheim. «Midt i alt som
kan kløyve og skilje, skal vårt Rotary knyte eit band,…»
Sekretær Kristin informerte om frammøte m.m. og rotaryåret sitt første 3-minutt var ved Ingjerd Asbjørnsen. «President og kjære Rotary-venner…» (Ein framifrå god måte å begynne på!)
Ein annleis sommar, etter ein annleis vår, på grunn av korona-pandemien. Besøk av familie og venner som kunne reise rundt i dette vakre landet og – i denne samanheng – nyte Sykkylven og Sunndalen for alt det var verd. Ho gav også honnør og takk til styresmaktene våre som alt frå dag ein resolutt tok grep og stengde ned samfunnet slik at smitta ikkje fekk spreie seg. Difor er Noreg i dag mellom dei lettast råka landa.
Matøkt/
kaffipause: med
plast-innpakka sveler og kaffi/ te på menyen er både smitteverntiltaka og
mathugen på plass, og drøsen gjekk livleg rundt borda – med høveleg avstand
mellom hovuda.
Presidenten informerer: Smitteverntiltak/ Smittevernplan for SRK:
·
9
– ni – frittståande bord i lokalet, i samsvar med reglane.
·
Maksimalt
4 sitjeplassar pr. bord. Ein meter avstand.
·
Serveringskomiteen
brukar eingongshanskar.
·
Antibac
ved inngangen til lokalet. Handvask.
·
Gjester
i klubben må «arkiverast» med kontaktpunkt/ telefonnr.
Ove Straumsheim
feira jubileum i juli, og langt takkebrev frå han vart lese opp. Medan vi sit i
møte, sit han saman med si kjære fru Solbjørg på hurtigruteskipet MS
Finnmarken ved Rørvik,- på cruise-retur frå Kirkenes.
Møtelokale: ordførar Odd Jostein Drotninghaug har informert presidenten om at signert avtale om kommunalt kjøp av bankbygget frå COOP førebels ikkje ligg føre. Inntil vidare vil SRK difor halde fram med sine møte i dette lokalet. Utan oppvarming. Framlegg frå medlem: Kjøp termo-dressar med Rotary-logo til å halde varmen når temperaturen søkk utetter hausten!
Møteplan er utarbeidd, og vil bli presentert i styremøte om eit par veker. Guvernørbesøk er bestemt til onsdag 16. september, og det vil bli halde på Promenaden, Ikornnes, i samarbeid med Stranda RK, som vanleg. Vinlotteriet enda opp med at ein av våre eminente servitørar vann begge flaskene! Han ville ha trekkinga om att, men det ville ikkje presidenten. Ikkje tale om. Once in a lifetime, trulegvis.
Kjetil Utne i Trondheim sykla for to år sidan frå
Trondheim til Bangalore. Han ville skape
merksemd om og samle pengar inn til prosjekt i India. Han arbeider no med ei
bok med engelsk tekst frå turen, og ho vil verte å få kjøpt i løpet av hausten.
Meld frå til presidenten dersom du vil ha boka til «Rotary-pris».
Kjetil Utne mellom venner i Bangalore.
Viss du googlar, finn du fleire «stunts» til gode føremål frå denne karen.
Resten av møtet gjekk med til komité-prating
ved borda.
Møtet slutt. Vel heim!
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"