Sykkylven Rotary Klubb, klubbmøte den 26. august 2020 kl. 19.
Skrivar: Olav Pileberg
Fotos frå klubbmøtet: Roald Bjørn Mork
President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til rotarymøte. Gjest: Jordbrukssjef i Sykkylven, Mandy Häger.
Dagen i dag namnedag for Øyvind og Eivind/ Eyvind.
Eit utval frå minneboka til presidenten:
Minnedagar:
Fødselsdagen til Mor Teresa, nonne av albansk herkomst som grunnla den romersk-katolske søsterordenen Missionaries of Charity («Barmhjertighetens samaritaner») i Calcutta i 1950. I 1979 fikk hun Nobels Fredspris. Ho vart gjort heilag få år etter at ho døde.
Krakatau: vulkanutbrotet i 1883. https://no.wikipedia.org/wiki/Krakatau
Hovedutbrotet, med den til no sterkaste lyden som har vore høyrt på
jorda. Ein reknar at 36.000 menneske omkom som følgje av eksplosjonen.
Omtrent kl. 13:00 om ettermiddagen den 26. august
gikk vulkanen over i fullt utbrudd. En mektig eksplosjon ble etterfulgt av en
askesøyle som steg 27 kilometer opp i atmosfæren. I området rundt vulkanen
lynte og tordnet det på grunn av friksjonen mellom askepartiklene i askeskyen.
Aske begynte å regne ned fra skyen, og truet med å senke skip som befant seg i
faresonen. Rett etter eksplosjonen kollapset en del av øyas nordside og utløste
en tsunami. Kl. 14.30 nådde tsunamien Sumatra hvor den ødela flere
kystlandsbyer og drepte flere tusen mennesker. Gjennom hele dagen fortsatte
vulkanen å spy ut store mengder aske og pimpstein, og askeskyen dekket i løpet
av neste dag hele Sundastredet. Stadig vekk kunne folk høre eksplosjoner fra vulkanen.
Presidenten
minte også om Guvernørbesøk den 16. september, på Promenaden, Ikornnes. Olav inviterte
til allsong: Barn av regnbuen/ Lillebjørn Nilsen. Songen vart delt i to, etter som gitaren var
ustemt (eller kanskje trollstemt?) i første forsøk.
Sekretær Kristin informerte om frammøte m.m.
3-minutt var ved Knut Henning Aursnes. Han delte med oss eit foredrag
som fru Lina hadde laga til eit møte i Kulturhuset, der bl.a.
stortingsrepresentant Steinar Reiten (Kr.F.) var til stades: «Frå medvind og
stille vatn til motvind og corona-bølge». Om å drifte Aursnes Hotell med 21 rom
og dessutan åtte hytter/ fjordstuer ved småbåthamna, under corona-pandemien. Knut
Henning delte med oss ei forkorta utgåve på rundt åtte minutt. Totalt disponerer
bedrifta om lag 70 sengeplassar i hotell og hytter. Tradisjonelt
forretningsreisande, men med mindre trafikk i sommarmånadene. Ein har satsa på å
auke bussturismen i den rolegare perioden. Bedrifta har hatt aukande omsetning
i lang tid, og det skulle ho også ha i 2020, var meininga. Men slik skulle det
ikkje gå. Den jamnt stigande omsetningskurven ligg i dag an til å få seg ein
skikkeleg knekk. Frå 13. mars forsvann gjestene så og seie over natta. Med auka
utgifter til reinhald og desinfisering og i tillegg færre gjester, var ikkje
permittering av tilsette til å unngå. Foreldra Karl og Halldis fekk ansvar for
drifta då Knut H og Lina reiste på ferietur til Litauen i juli. Dei to foreldra
måtte pent legge av seg pensjonisthattane den månaden. Sjeldan eller aldri
hadde trafikken vore så intens som i år! Frå 450.000 kroner på ein månad som
tidlegare rekord, blei omsetnaden for juli 2020 på meir enn 750.000 kr. Her var
norske kvinner og menn på ferie i sitt eige land! Innsatsen med å pusse opp og
halde ved like er ikkje redusert. Her skal alt vere på topp til marknaden
vender attende,- noko vi har god tru på. Det er i motbakke det går oppover, sa
Knut Henning mellom mangt anna.
Ove bad om ordet og bar fram takk frå «ein veldig takksam 80-åring med god helse!» for blomster og merksemd frå klubben på 80 års dagen, ved hagefesten i Ellinggarden 25. juli.
Etter å ha sett 59 minutt med video frå festen, og i tillegg opplevd
familiefesten på Cylindra den 4. juli, kan denne skrivaren gå god for at jubileet
ikkje vil gå i gløymeboka med det første. Her vart det feira etter aller beste
oppskrift!
Matøkt/
kaffipause.
"120 mill. dekar går tapt til ørken-spreiing kvart år. Dette er meir enn Norge sitt totale jordbruksareal", står det på lysbiletet. Ingen grunn til å ta lett på desse utfordringane, meinte Mandy Häger.
Foredrag, v/ jordbrukssjef Mandy Häger. Som tittel hadde
ho valt «Jordvern, eit samfunnsansvar.» Dessutan litt om den nye «Humlestien»
rundt Berlihaugen.
Mandy opna med å presentere seg sjølv, opphaveleg frå ei lita bygd ved Leipzig.
Flytta til Norge/ Sykkylven for 19 år sidan som 16-åring saman med foreldra.
Dei driv no eit bruk i Strandadalen. Mandy har høgare utdanning frå NMBU –
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Ås. Ho har vore jordbrukssjef
her i kommunen sidan 2012.
Det vil føre for
langt å referere foredraget her, men vi veit i alle fall kvar vi skal vende oss
om vi ønskjer kontakt med landbrukskontoret i kommunen. Karl Johan Stadsnes, rådgjevar
landbruk og miljø, er også ved det same kontoret, og dei to har utvikla «Humlestien»
i lag, saman med ekstern arkitekt. Humlestien blir komplett med skilting ved
utgangen av august.
Mandy hadde ei
lydhøyr og interessert forsamling å fortelje for, og det var mange spørsmål i
etterkant av foredraget. Difor vart det 20 minutt på overtid før presidenten
takka og ønska vel heim.
Møtet slutt. Vel heim!
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.