1. Jordvern, eit samfunnsansvar. 2. Humlestien

Jordbrukssjef Mandy Häger gjesta SRK onsdag 26. august 2020 med sitt foredrag "Jordvern, eit samfunnsansvar". Dessutan fortalde ho litt og viste bilete frå den flunkande nye Humlestien på Berlihaugen. Referat frå møtet .

Sykkylven Rotary Klubb, klubbmøte den 26. august 2020 kl. 19.

Skrivar: Olav Pileberg
Fotos frå klubbmøtet: Roald Bjørn Mork

President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til rotarymøte. Gjest: Jordbrukssjef i Sykkylven, Mandy Häger. 

Dagen i dag namnedag for Øyvind og Eivind/ Eyvind.
Eit utval frå minneboka til presidenten: 

Minnedagar: 

Fødselsdagen til Mor Teresa, nonne av albansk herkomst som grunnla den romersk-katolske søsterordenen Missionaries of Charity («Barmhjertighetens samaritaner») i Calcutta i 1950. I 1979 fikk hun Nobels Fredspris. Ho vart gjort heilag få år etter at ho døde.

Krakatau: vulkanutbrotet i 1883. https://no.wikipedia.org/wiki/Krakatau

Hovedutbrotet, med den til no sterkaste lyden som har vore høyrt på jorda. Ein reknar at 36.000 menneske omkom som følgje av eksplosjonen.


Omtrent kl. 13:00 om ettermiddagen den 26. august gikk vulkanen over i fullt utbrudd. En mektig eksplosjon ble etterfulgt av en askesøyle som steg 27 kilometer opp i atmosfæren. I området rundt vulkanen lynte og tordnet det på grunn av friksjonen mellom askepartiklene i askeskyen. Aske begynte å regne ned fra skyen, og truet med å senke skip som befant seg i faresonen. Rett etter eksplosjonen kollapset en del av øyas nordside og utløste en tsunami. Kl. 14.30 nådde tsunamien Sumatra hvor den ødela flere kystlandsbyer og drepte flere tusen mennesker. Gjennom hele dagen fortsatte vulkanen å spy ut store mengder aske og pimpstein, og askeskyen dekket i løpet av neste dag hele Sundastredet. Stadig vekk kunne folk høre eksplosjoner fra vulkanen.

Presidenten minte også om Guvernørbesøk den 16. september, på Promenaden, Ikornnes. Olav inviterte til allsong: Barn av regnbuen/ Lillebjørn Nilsen. Songen vart delt i to, etter som gitaren var ustemt (eller kanskje trollstemt?) i første forsøk.

Sekretær Kristin informerte om frammøte m.m.

3-minutt var ved Knut Henning Aursnes. Han delte med oss eit foredrag som fru Lina hadde laga til eit møte i Kulturhuset, der bl.a. stortingsrepresentant Steinar Reiten (Kr.F.) var til stades: «Frå medvind og stille vatn til motvind og corona-bølge». Om å drifte Aursnes Hotell med 21 rom og dessutan åtte hytter/ fjordstuer ved småbåthamna, under corona-pandemien. Knut Henning delte med oss ei forkorta utgåve på rundt åtte minutt. Totalt disponerer bedrifta om lag 70 sengeplassar i hotell og hytter. Tradisjonelt forretningsreisande, men med mindre trafikk i sommarmånadene. Ein har satsa på å auke bussturismen i den rolegare perioden. Bedrifta har hatt aukande omsetning i lang tid, og det skulle ho også ha i 2020, var meininga. Men slik skulle det ikkje gå. Den jamnt stigande omsetningskurven ligg i dag an til å få seg ein skikkeleg knekk. Frå 13. mars forsvann gjestene så og seie over natta. Med auka utgifter til reinhald og desinfisering og i tillegg færre gjester, var ikkje permittering av tilsette til å unngå. Foreldra Karl og Halldis fekk ansvar for drifta då Knut H og Lina reiste på ferietur til Litauen i juli. Dei to foreldra måtte pent legge av seg pensjonisthattane den månaden. Sjeldan eller aldri hadde trafikken vore så intens som i år! Frå 450.000 kroner på ein månad som tidlegare rekord, blei omsetnaden for juli 2020 på meir enn 750.000 kr. Her var norske kvinner og menn på ferie i sitt eige land! Innsatsen med å pusse opp og halde ved like er ikkje redusert. Her skal alt vere på topp til marknaden vender attende,- noko vi har god tru på. Det er i motbakke det går oppover, sa Knut Henning mellom mangt anna.        

Ove bad om ordet og bar fram takk frå «ein veldig takksam 80-åring med god helse!» for blomster og merksemd frå klubben på 80 års dagen, ved hagefesten i Ellinggarden 25. juli. 


Etter å ha sett 59 minutt med video frå festen, og i tillegg opplevd familiefesten på Cylindra den 4. juli, kan denne skrivaren gå god for at jubileet ikkje vil gå i gløymeboka med det første. Her vart det feira etter aller beste oppskrift!    

Matøkt/ kaffipause.


"120 mill. dekar går tapt til ørken-spreiing kvart år. Dette er meir enn Norge sitt totale jordbruksareal", står det på lysbiletet. Ingen grunn til å ta lett på desse utfordringane, meinte Mandy Häger.

Foredrag, v/ jordbrukssjef Mandy Häger. Som tittel hadde ho valt «Jordvern, eit samfunnsansvar.» Dessutan litt om den nye «Humlestien» rundt Berlihaugen.
Mandy opna med å presentere seg sjølv, opphaveleg frå ei lita bygd ved Leipzig. Flytta til Norge/ Sykkylven for 19 år sidan som 16-åring saman med foreldra. Dei driv no eit bruk i Strandadalen. Mandy har høgare utdanning frå NMBU – Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Ås. Ho har vore jordbrukssjef her i kommunen sidan 2012.

Det vil føre for langt å referere foredraget her, men vi veit i alle fall kvar vi skal vende oss om vi ønskjer kontakt med landbrukskontoret i kommunen. Karl Johan Stadsnes, rådgjevar landbruk og miljø, er også ved det same kontoret, og dei to har utvikla «Humlestien» i lag, saman med ekstern arkitekt. Humlestien blir komplett med skilting ved utgangen av august.

Mandy hadde ei lydhøyr og interessert forsamling å fortelje for, og det var mange spørsmål i etterkant av foredraget. Difor vart det 20 minutt på overtid før presidenten takka og ønska vel heim.

Møtet slutt. Vel heim!

 




 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS