Klubbmøte den 02. september 2020

Skrivar: Olav Pileberg

President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til rotarymøte. Gjest: Liv Marie Lillevik. 


Namnedag i dag for Elisabeth, med kortformene Lisa, Lise og Liss.
                                        


Utval frå minneboka til presidenten:

Minnedagar: Universitetet i Oslo, grunnlagt 1811. https://www.mn.uio.no/astro/tjenester/publikum/almanakken/innhold/tema2011.html

1893: telefonline mellom Kristiania og Stockholm. 1949: Knut Borge (d. 2017) Merknad frå skrivaren: jazz-kjennaren KB var ein av dei første, om ikkje den aller første, som offentleg heia fram Hilde Louise Asbjørnsen. Takk, Knut! Heia Hilde!)

Presidenten minte også om Guvernørbesøk den 16. september, på Promenaden, Ikornnes, med corona-plass til 40 gjester. NB: det vart gløymt å legge ut påmeldingsliste til guvernørmøtet. Meld frå til Knut Jarle på e-post eller SMS. Pris: Kr 300, pluss-minus.
Olav inviterte til allsong, saman med Kirsti (namnedag 13. november)

Sparboe: En sommer er over. Dette med bakgrunn i dagens dato, og ikkje i det fine sommarvȇret som vi gleder oss over.

Sekretær Kristin informerte om frammøte m.m.

3-minutt var ved Olaf Ellingsen. Han delte med oss faren si utsegn då han var 10 år yngre enn sonen er no (79): «Det er mykje godt å ergre seg over, her i verda.» I dag følgde Olaf opp med å ergre seg over kommande vindmøller i Okla-feltet på Stadlandet og sameleis på Haramsøya. Vidare heldt vår gode Rotary-kamerat eit ego-foredrag, 33 år etter det førre, der det gjekk tydeleg fram at han hadde valt å vere godt nøgd med livet og tilværet, sjølv etter at hans kjære kone Anne-Karin gjekk bort rett før jul i 2017. Olaf bestemte seg for å søkje ut, i staden for å sitje inne og sture. Familien med barn og barnebarn held godt saman, sjølv om dei er spreidde frå Malvik til Telemark. Eldstemann er 52 år og bur på Jarnes. Ein son som tidlegare arbeidde for Tine, vart svært populær hos barn i Bogo, Filippinane, då han delte ut T-skjorter med Tine-reklame til alle barna ved Prosjekt Filippinene tidlegare i år. Olaf presenterte i tur og orden, og fortalde også i stikkord form om venner, interesser og turar med kultur og musikk som sterke element lagt inn. Dagane går fort, anten innsatsen er på bortebane eller heime på eigen grunn med mange mål som krev merksemd. Dessutan er heimehuset heile 99 år gammalt, og treng vedlikehald. Litteratur (gjerne om 2. verdskrig) og fiske/ friluftsliv står høgt på aktivitetslista. Turen til Filippinane i februar opna augene for alvor for den enorme innsatsen som fam. Tynes og lokale hjelparar gjer i prosjektet som også SRK støttar.  
https://www.facebook.com/PROSJEKTfilippinene Olaf er optimist av natur og siterer gjerne eit av Piet Hein/ Storm P sine gruk:  
«En skal være god mot seg, så lenge man har seg.» Takk for seg.

Foredrag, v/ Odd Jostein Drotninghaug: «Det å ha eit barn med kreft, og kva det fører med seg.» September er Den internasjonale barnekreftmåneden. https://www.barnekreftforeningen.no/nyheter
Odd Jostein fortalde om familien sin situasjon, nøkternt, men levande og engasjert, og supplerte med bilete til slutt. Dagen etter møtet (torsdag) reiste foreldra og Solveig til St. Olavs hospital, Trondheim, og returnerte seint fredag. Etter to og eit halvt år (februar 2018) med behandling og siste året med cellegift annakvar månad er dette siste gong.
Byrjinga: primo 2018. Slapp og «ute av lage». Ikkje til å kjenne igjen frå før. Etter eit par bomturar på legevakta, med normal CRP (blodprøve) og ingen funn, ny og grundigare sjekk. Det kom for ein dag at blodet hadde så lave verdiar at CRP-instrumentet ikkje gjorde utslag. Full alarm!

Rett ut til barneavdelinga på sjukehuset i Ålesund. Neste dag med ambulansefly til Værnes/ St. Olavs hospital. På sjukehuset si barneavdeling 4 vart dei møtte av eit «fantastisk personale»…noko som også galdt avdelinga i Ålesund. Her var staben fullt fokusert berre på dei nye «gjestene» sitt ve og vel. Relasjonsbygging, trygt og godt miljø. «Då mor Grethe i ettermiddag sa at «no må du ta å pakke bagen din Solveig, for vi skal til Trondheim,» svara jenta «Jippiii!» (I skrivande stund, fredag klokka 13, får 10-åringen sin siste dose cellegift, og tankane mine går til ho der oppe på St. Olavs, og som skal heim til Straumgjerde i kveld.)


Bilete: 1) Solveig i sjukehuskorridoren med transfusjonsvæske på hjul.



2) Solveig og sjukehusklovnane

Etter eit par dagar den første gongen på sjukehuset, var diagnosen på plass: legane hadde funne kreftceller i beinmargen. Mykje skulle skje framover. Foreldra måtte belage seg på å vere der i 4-5 veker. Dette var i draume-påska 2018. Prosjekt Hyttebygging på fjellet fekk andre ta seg av, men ved heimkomsten i slutten av april, viste det seg at alt hadde gått bra så langt, - med hytta. Men Solveig sat i rullestol, og tema mat og drikke var eit kapittel for seg. Alt ho tok inn måtte skrivast i ei bok. Medisinering tre gonger i døgeret – i to år. Kva gjer ein ordførar i ein slik situasjon? Han har pr. definisjon ikkje løn, men godtgjersle. Ingen sjukepengar. Men også dette ordna seg på eit vis, både for Odd Jostein og Grethe. iPaden og PC-en var flittig i bruk, og slik sett vart det ein svært så realistisk øvingsperiode med «corona-kontor» - eit år i førevegen for pandemien. Videokonferansar og delegering av arbeid viste seg å fungere. Solveig har måtte unnvere alt med smittefare. Immunforsvaret var på eit lavmål . Symjing, leikeland, sosiale samankomstar: alt slikt like strengt som dagens corona-reglar… gjennom 2,5 år. Spriting i heimen sameleis. Vonleg blir det noko lettare no, sjølv om corona-reglane framleis gjeld.

Skrivaren gjer seg så fri, på vegne av medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb, å ønskje Solveig og familien lukke til med kommande veker og månader. De har meir enn oppfylt dykkar «sjukdomskvote», og vi vonar de får gode tider etter dette.

Stor takk til Odd Jostein og Grethe som ville dele denne historia med oss i SRK.   

Møtet slutt. Vel heim!

 


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS