Referat Sykkylven
Rotaryklubb
9.sept
2020 Møteleiar: President Knut Jarle
Namnedag: Trygve, Tyra og Trym. Utleia frå uredd på norrønt.
Dagen
i dag 9.sept:
1020 - slaget ved Svolder, 1896 – Fram-medaljen inn stifta til minne om Fritjof
Nansen, 1981 – Norge slo England 2-1 på Wembley, 1982 – Norge slo San Marino
10-0.
Info
presidenten: Neste
møte, 16.sept, er guvernørbesøk og intercitymøte på Promenaden på Ikornnes kl
19.00, påmelding på liste eller mail til Knut Jarle, kr 300,- pr pers (innkrev
seinare). Møblane i sparebank-salen er
ikkje ein del av huset og er donert vekk, styret/president følger opp.
Dagens
song v/OlavP: Pengegaloppen
av Vidar Sandbeck (i vinden på Ønskekonserten på 60-talet)
3-Minutt:
Geir Brekke -
arveoppgjer. Geir kom med ei tydeleg oppfordring: REIS HEIM OG RYDD OPP! For
det er viktig å ordne opp på førehand, slik bordet er reint når vi går ut av
tida. Tenk igjennom og gjer det skikkeleg, for har ein ikkje gjort det så fører
det ofte til strid blant etterlatte om pengar, eigedomar, osb. Det er kvar
enkelt i salen sitt ansvar å gjere dette snarast – uansett alder!
Rotarykaffi:
God eplekake og
fin drøs rundt borda.
Dagens
program: Åsne
Folstad frå SNU – Sykkylven Næringsutvikling.
Åsne
orienterte om at SNU er eigd av bedriftene i Sykkylven og Sykkylven kommune.
SNU har ansvaret for næringsdelen i strategisk næringsplan for Sykkylven
kommune.
Fokus no
er eit omstillingsprosjekt slik Sykkylven kan bli omstillingskommune.
Bakgrunnen er lite/ingen satsing på næringsfond og at Sykkylven har eit svært
einsarta næringsliv. Samen med Årdal er
vi botnen ifht sårbart næringsliv. Prosjektet er eit samarbeid mellom kommune
og næringsliv, med støtte frå fylkeskommune og Innovasjon Norge. Målet er å sikre
eksisterande og skape nye arbeidsplassar, skape eit robust og variert
næringsliv og utvikle samarbeidet mellom kommune og næringsliv. I mars og april
var et stort mediafokus på konsekvensen av Covid-19 for næringslivet i
Sykkylven. Dette var god hjelp i søknadsprosessen. Sjølv om det allereie no går
godt for det meste i Sykkylven er det viktig å tenke omstilling mens ein har
god styringsfart. Blir prosjektet godkjent vil det det utløyse store offentlege
midlar i inntil 6 år framover. I så fall vil det bli tilsett ein person som skal drive prosjekt i samarbeid
med alle involverte aktørar. Som ein del av søknaden skal det neste veke
arrangerast eit «innspelsmøte». God forankring er eit suksesskriterie!
SNU driv
og med grunderrettleiing og Hoppid, bedriftsrådgjeving, forvaltar kommunalt
næringsfond som 1.linje, kopling mot fylkeskommune, fylkesmann, Innovasjon
Norge og SIVA. SNU er også administrasjon for Sykkylven Reiselivsforum, der
fokus no er m.a. felles marknadsføring og utvikling.
Åsne
Folstad siterte også Leon C Megginson: «Det er ikke den sterkeste som
overlever, heller ikke den mest intelligente. Det er den som er mest
tilpasningsdyktig til endring».
Meir info
om SNU finn du på www.skaprglede.no Gjer
deg også kjent på www.sykkylven.com
Det var
mange innspel frå salen, der ein m.a. diskuterte at det viktig å tenke kva som
tiltrekk seg yngre folk; Automasjon og
digitalisering, satsing på reiseliv, grunderutvikling (der Åsne viste til kva
ein har fått til i Førde med utviklingsfelleskap og Reodorklubb, osb) og ikkje
minst tilgjengelege sentrumsboliger.
Åsne
Folstad avslutta med å presisere at vi har eit aktivt nærlingsliv i Sykkylven
som teknologisk er langt framme og med mange attraktive arbeidsplassar. Men det er for einsarta. Målet er å bli meir
robust!
Takk til
Åsne for eit interessant og informativt foredrag som skapte engasjement!
Referent: Hallstein Lillevik
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.