Besøk av Distriksguvernør Roald Fiksdal, onsdag 16.09.20. kl. 19.00, på Promenaden

Klubbmøte med StrandaBesøk av Distriksguvernør Roald Fiksdal, onsdag 16.09.20. kl. 19.00, på Promenaden

 

Før møtet med gjestene frå Rotaryklubbane i Stranda og Sykkylven, hadde guvernøren hatt møte med styra i dei to klubbane.

 


Presidenten i Sykkylven Rotary Klubb, Knut Vik ønskte guvernør og gjester velkommen til fellesmøtet.

Møtet starta som vanlig med song, Denne gangen med Rotarysongen av Henrik Straumsheim

Før Guvernør Roald Fiksdal talte til møtedeltakarane, fekk vi servert gryterett, dessert og kaffi.

 

Guvernøren innleia med å gi ros for det gode arbeidet som vert gjort i begge klubbane og fekk fram det som bind oss saman. Han trakk fram valspråket til den nye verdspresidenten, Holder Knasch: «Rotary opens Opportunities» og viste vidare mellom anna til «The Four Questions», som er det moralske kompass for alle Rotarianarar rundt om i verda. Han orienterte om korleis Rotary er bygd opp  med Rotary International som har hovudkontoret i Chicago Rotary Foundation som er ein eigen organisasjon; desse to «avdelingane» er eigd og styrt av medlemmane. Europakontoret ligg i Zürich. Vidare minna guverøren oss på at Rotary er verdas største yrkesbasserte humanitære organisasjon (t.d. Poliopluss)

 

Det er i alt om lag 1,2 mill. medlemmar rundt om i verda i heile 539 distrikt, 6 av dei er i Noreg. Vidare; 3600 klubbar på verdsbasis, 278 klubbar i Noreg og 50 i vårt distrikt. I Noreg er det i alt 10 000 medlemmar, av desse er knapt 1700 i vårt distrikt (2305).

Det som elles særpregar Rotary er rotasjonsprinsippet, - ein blir t.d. valt som guvernør eller president for eit år og så er ein tilbake som medlem etter det.  Det er heller ikkje noko spesielle ritualar i organisasjonen.

Medlemstalet har vore stabilt over fleire år, først og fremst takka være auke i Østen. I den samanhengen kom han inn på skilnaden i kultur i t.d. Rotary i India og her hos oss. Fellesnemnaren er likevel at ein skal være stolt av å vere ein del av Rotaryfamilien, men at vi kanskje har litt å lære der(?) Vi er kanskje for beskjedne og for smålåtne!

Fleire klubbar har blitt lagt ned og ein har no sett ned ein komité for å prøve å få i gang aktiviteten igjen , evt starte nye kubbar. Mange klubbar slit og med å rekruttere nye medlemmar og ein held no på med å utarbeide velkomstpakkar for nye medlemmar.

 

Rortary står veldig sterkt i «den tredje verden», mykje p.g.a. at den vestlege delen av organisasjonen har bidrege mykje med prosjekt som har løyst utfordringar for folk i desse områda.

 

Vårt medlemsskap opnar muligheiter; - for oss som medlemmar, for klubben, for lokalmiljøet, for prosjekt ut i verda. Klubben åleine eller saman med andre klubbar kan ein hjelpe til med å gjere store ting lokalt, nasjonalt og globalt. (slik som desse to klubbane gjer). Ein bør likevel vurdere om ein er flink nok til å informere/ fortelje om det klubben gjer: Det er sjølvsagt kjekt å være med i kubben, men Rorary er så mykje meir enn ein triveleg møteplass og det må vi få fram på ein betre måte!

Greta Herje, assisterande guvernør for Søre Sunnmøre, har drege i gang presidentforum der dei sju presidentane i vårt område kan møtast og diskutere ting dei har behov for å snakke om. Dette er kanskje spesielt viktig no, fordi mykje av dei tradisjonelle samlingane ikkje har blitt gjennomført p.g.a. pandemien. Mykje har blitt avlyst og noko er flytta, - m.a. Distrikskonferansen som no er planlagt gjennomført i Geiranger i mai 2021.

 



- Distriktet er og veldig opptatt med å hjelpe klubbane i arbeidet med nye prosjekt.

- Ein har og som mål å få minst fem utvekslingsstudentar inn og ut kvart år. Rotary har eit av dei billigaste og tryggaste programma som finst.

- Klubbane skal sette seg i alt 25 mål som dei skal prøve å gjennomføre og så evaluere kor langt ein kjem i løpet av Rotaryåret.

- Sist år var Sykkylven Rotaryklubb ein av dei tre kubbane i vårt distrikt som klarte å gjennomføre alle dei oppsette måla (sist år var det meir enn 25 mål) Klubben vil få tildelt diplom for godt arbeid. (Sjå bilete)



- Ein bør og sette av tid til å tenke gjennom spørsmål som; - kva er det som gjer at medlemmar kjem/ ikkje kjem på møta? Korleis skal vi sjå ut om 5 år, korleis skal vi kome dit?

- Vi skal velje våre medlemmar med omhug, men det finnast ikkje noko bestemt alder for å bli medlem i klubben og ein skal heller ikkje legge for stor vekt på yrkesbakgrunnen til dei som er aktuelle som nye medlemmar. Det viktigaste er å finne tak i «gode folk». Det bør heller ikkje vere noko i vegen for at sambuarar eller ektefeller er medlemmer i same klubb

- Ein bør sjå etter gode prosjekt i samarbeid med andre klubbar.

- Eit mål er at alle klubbar gjev minst 1500 US $ årleg til Polio+ (Poliodagen er 24. okt., - det same som FN-dagen) Om det er lokale markeringar denne dagen, bør Rotary stille med ein stand for å orientere om arbeidet mot polio evt, selje «poliopins»

- Ver open for nye idear og engasjement frå nye medlemmar (størst fråfall frå medlemmar som har vore med eit/ to år)

- Ta godt vare på dei som dreg det tyngste lasset og ta kontakt med dei som møter sjeldan eller ikkje i det heile tatt, slik at dei føler at dei er ein del av fellesskapet.

- Fire viktige mål: - vi skal auke vår innflytelse, vi skal nå ut til fleire, vi skal auke engasjementet hos medlemmane og auke vår tilpassingsevne.

- Forny vedtektene om nødvendig

- Ha fokus på langsiktig tenking (3-årsplan?, med delmål som skal evaluerast)

 

Tema for Distrikskonferanse: TILHØRIGHET.

 

KONFERANSE/ CONVENTION TIL NESTE ÅR: (Juni 2021 På Taiwan). https://convention.rotary.org/en/taipei

 

 

Oppmoding til klubbane: Vurder om den er noko aktuelle kandidatar som kan stille på som Guvernør. Forslag må meldast før 1.nov. og Sykkylven Rotary klubb med distriktsguvernør Roald Fiksdal

referent: Steinar Nordmo

 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS