Sykkylven
Rotary Klubb, klubbmøte, den 28. oktober 2020 kl. 19.
Skrivar:
Olav Pileberg
President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til
rotarymøte. Gjest: Olav Fjællingsdal.
Namnedag i dag for Simon, Simen. Hebraisk/ gresk opphav:
tyder «høyre». Kan også truleg bety «berømt» og «oppstoppernese». Simen er av
norsk opphav: den som høyrer,…blir bønhøyrd.
Fødselsdag: Bill Gates f. 1951… dvs.: iflg. Wiki er han fødd 28.
oktober 1955.
Minnedagar: i utdrag… 1690: Peter Wessel Tordenskiold fødd. 1886: Fridomsstatua avduka. Statue of Liberty, på Liberty Island, N.Y. Gåve frå Frankrike til USA for å markere 100
år med fridom/ uavhengighet. Litt norsk: Analyser viser at koparen i statua
kjem frå Viksnes Kobberverk på Karmøy. Jfr. Koparvik, Karmøy.
Einar Førde
kringkastingssjef 1989-2001, 12 år. Den 25. oktober 1995 la samferdsleminister
Kjell Opseth ned grunnsteinen til vår nye hovudflyplass på Gardermoen.
Song for dagen: Samsong med Vidar Sandbeck, Bildilla,
til ære for gjesten vår og Dagleg leiar i Sykkylven Bil AS, Olav Fjællingsdal.
Statistikk: v/ sekretær Kristin. For to møte, den 14. og 21. oktober.
Klubbmedlemmer
med bursdag i vekene: Oddbjørn
R., Steven B., Helge S.
Vi gratulerer!
3-minutt: Roger
Kornberg. Inspirert av Odd H. sine ord i førre møte hadde Roger tenkt litt over
kva for verdiar Rotary står for, med valspråket «Service Above Self». Desse
orda inneheld nokså mykje, og vi har godt av å tenkje etter av og til, og setje
dei i relieff til vår eigen situasjon og vårt eige tilvære. Er det litt smått
eller lite med engasjementa våre? Sierra Leone, Filippinane, Kyrkjeparken,
Speidarane… På ein plakat på ei dør i Haugbukta står det: «Ingen kan hjelpe
alle, men alle kan hjelpe ein». Roger kopla dette opp mot vårt valspråk i
Rotary, og dermed fall bitane på plass. Vi utgjer ein verdfull ressurs med eit
verdfullt resultat på botnlinja. – Sjølv har eg støtta «Leger uten grenser» og ser god meining i dette. 60.000 aktive i 70 land utfører eit stort,
humanitært arbeid. Service Above Self og Leger Uten Grenser høver
til kvarandre som hand i hanske!
Matøkt/ kaffipause.
Foredrag: Olav Fjællingsdal, Sykkylven Bil AS.
Først litt om seg sjølv: ein av fire
søsken, fødd og oppvaksen på Øvre Tynes. Far frå Kristiansund og mor frå Smøla.
Vil slett ikkje kalle seg sjølv for eit «skulelys». Har gått gradene i «Livets
skule» og har vore innom mykje og mangt: Solberg, Gjerde, Peterson, Ekornes,
Velledalen Møbler, trålar og linebåt, stålbygg-montering, tunneldriving, anleggsarbeid,
Nybø Maskin (Jan Ola Nybø). På 1980-talet: så smått litt eigen «garasjeverksemd»;
sal av dekk, småreparasjonar og service-arbeid. Så kom val-dagen: anten finne
seg nytt arbeid etter konkurs hos Nybø, eller satse 100 prosent på eigen
innsats i eigen etablering. Ein tur i banken resulterte i lån, stort kr. 50.000
og direkte derifrå til nyetablering i den gamle aldersheimen på Vik. Mange år
der med bilkjøp, vidaresal og ymse tilhøyrande tenester. Frå 1990 og faktisk
heilt til 2005! Dette året kjøpte Olav Esso-stasjonen, som då hadde stått brakk
i eit og eit halvt år. Esso ville i utgangspunktet ikkje selje, men Olav kunne
få drive, noko som ikkje var aktuelt. Til sist kom det til semje i 2005. I
kontrakta sto det om plikt til å drive stasjonen i fem år. Sykkylven Rekvisita
vart starta i 1989, og dette var framleis namnet på det personlege føretaket
som blei utvida til AS i samband med kjøpet av Essostasjonen. I dag er det
framleis registrert i Brønnøysund-registeret som eit AS og drive i butikkdelen
i Cirkle K stasjonen. Sykkylven Bil AS
vart starta i 2007, etter tilbygg og oppgradering av eksisterande
bygningsmasse. Med i den pakken er autorisert bilverkstad og kjøp/ sal av
brukte bensin- og diesel-bilar. Eit eigedomsselskap AS er eigar av
bygningsmassen. Dermed er Olav Fjællingsdal åleine (saman med litt «banken»)
eigar av tre Aksje-Selskap. To år før kontrakta med Esso gjekk ut, i 2008, kom
det besøk frå Statoil, som gjerne ville etablere samarbeid. Deira gamle Statoilstasjon
750 meter lenger ute i vegen var for liten. Bilvaskemaskin og varelager vart
kjøpt frå Gunnar Vaaler, og etter ein ryddig prosess var Statoil-stasjonen på
Vik eit faktum. Etter nokre år tok nyetablerte (2016) Cirkle K over alle
Statoilstasjonar, og slik er stoda i dag. Med deltidstilsette er det 25-30 som
arbeider i bedrifta/ bedriftene. Olav sjølv har etter kvar fått rikeleg nok
arbeid som «papirflyttar» i selskapa sine. – Dessverre, seier han sjølv.
Det var ei særs lydhøyr forsamling av klubbmedlemmer som følgde med i
kva denne, i høgste grad «self-made-mannen» hadde fått til. Spørsmåla hagla
tett etter foredraget, men Olav vart ikkje svar skuldig. Han skal ha stor takk
for grei informasjon og orientering, både om livsløpet sitt og etableringane
sine til denne dag. Han fekk solid applaus og takk frå president Knut Jarle Vik
– som også ønska alle vel heim til slutt.
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.