Klubbmøte den 28. oktober 2020 - Sykkylven Bil AS

Sykkylven Bil AS og Olav Fjællingsdal er soga om mannen og bedrifta. Han besøkte klubben med si overmåte fengande soge som spegla utviklinga frå "to tome hender" til einaste eigar av tre bedrifter med 25-30 tilsette. Les referatet!

Sykkylven Rotary Klubb, klubbmøte, den 28. oktober 2020 kl. 19.

Skrivar: Olav Pileberg

President Knut Jarle Vik ønska vel møtt til rotarymøte. Gjest: Olav Fjællingsdal.
Namnedag i dag for Simon, Simen. Hebraisk/ gresk opphav: tyder «høyre». Kan også truleg bety «berømt» og «oppstoppernese». Simen er av norsk opphav: den som høyrer,…blir bønhøyrd.

Fødselsdag: Bill Gates f. 1951… dvs.: iflg. Wiki er han fødd 28. oktober 1955.
Minnedagar: i utdrag… 1690: Peter Wessel Tordenskiold fødd.
1886: Fridomsstatua avduka. Statue of Liberty, på Liberty Island, N.Y.  Gåve frå Frankrike til USA for å markere 100 år med fridom/ uavhengighet. Litt norsk: Analyser viser at koparen i statua kjem frå Viksnes Kobberverk på Karmøy. Jfr. Koparvik, Karmøy.


Einar Førde kringkastingssjef 1989-2001, 12 år. Den 25. oktober 1995 la samferdsleminister Kjell Opseth ned grunnsteinen til vår nye hovudflyplass på Gardermoen.



Song for dagen: Samsong med Vidar Sandbeck, Bildilla

til ære for gjesten vår og Dagleg leiar i Sykkylven Bil AS, Olav Fjællingsdal.

Statistikk: v/ sekretær Kristin. For to møte, den 14. og 21. oktober.  

Klubbmedlemmer med bursdag i vekene: Oddbjørn R., Steven B., Helge S.
Vi gratulerer!

3-minutt:  Roger Kornberg. Inspirert av Odd H. sine ord i førre møte hadde Roger tenkt litt over kva for verdiar Rotary står for, med valspråket «Service Above Self». Desse orda inneheld nokså mykje, og vi har godt av å tenkje etter av og til, og setje dei i relieff til vår eigen situasjon og vårt eige tilvære. Er det litt smått eller lite med engasjementa våre? Sierra Leone, Filippinane, Kyrkjeparken, Speidarane… På ein plakat på ei dør i Haugbukta står det: «Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe ein». Roger kopla dette opp mot vårt valspråk i Rotary, og dermed fall bitane på plass. Vi utgjer ein verdfull ressurs med eit verdfullt resultat på botnlinja. – Sjølv har eg støtta «Leger uten grenser»  og ser god meining i dette.  60.000 aktive i 70 land utfører eit stort, humanitært arbeid. Service Above Self og Leger Uten Grenser høver til kvarandre som hand i hanske!  


Matøkt/ kaffipause.

Foredrag: Olav Fjællingsdal, Sykkylven Bil AS. 


Først litt om seg sjølv: ein av fire søsken, fødd og oppvaksen på Øvre Tynes. Far frå Kristiansund og mor frå Smøla. Vil slett ikkje kalle seg sjølv for eit «skulelys». Har gått gradene i «Livets skule» og har vore innom mykje og mangt: Solberg, Gjerde, Peterson, Ekornes, Velledalen Møbler, trålar og linebåt, stålbygg-montering, tunneldriving, anleggsarbeid, Nybø Maskin (Jan Ola Nybø). På 1980-talet: så smått litt eigen «garasjeverksemd»; sal av dekk, småreparasjonar og service-arbeid. Så kom val-dagen: anten finne seg nytt arbeid etter konkurs hos Nybø, eller satse 100 prosent på eigen innsats i eigen etablering. Ein tur i banken resulterte i lån, stort kr. 50.000 og direkte derifrå til nyetablering i den gamle aldersheimen på Vik. Mange år der med bilkjøp, vidaresal og ymse tilhøyrande tenester. Frå 1990 og faktisk heilt til 2005! Dette året kjøpte Olav Esso-stasjonen, som då hadde stått brakk i eit og eit halvt år. Esso ville i utgangspunktet ikkje selje, men Olav kunne få drive, noko som ikkje var aktuelt. Til sist kom det til semje i 2005. I kontrakta sto det om plikt til å drive stasjonen i fem år. Sykkylven Rekvisita vart starta i 1989, og dette var framleis namnet på det personlege føretaket som blei utvida til AS i samband med kjøpet av Essostasjonen. I dag er det framleis registrert i Brønnøysund-registeret som eit AS og drive i butikkdelen i Cirkle K  stasjonen. Sykkylven Bil AS vart starta i 2007, etter tilbygg og oppgradering av eksisterande bygningsmasse. Med i den pakken er autorisert bilverkstad og kjøp/ sal av brukte bensin- og diesel-bilar. Eit eigedomsselskap AS er eigar av bygningsmassen. Dermed er Olav Fjællingsdal åleine (saman med litt «banken») eigar av tre Aksje-Selskap. To år før kontrakta med Esso gjekk ut, i 2008, kom det besøk frå Statoil, som gjerne ville etablere samarbeid. Deira gamle Statoilstasjon 750 meter lenger ute i vegen var for liten. Bilvaskemaskin og varelager vart kjøpt frå Gunnar Vaaler, og etter ein ryddig prosess var Statoil-stasjonen på Vik eit faktum. Etter nokre år tok nyetablerte (2016) Cirkle K over alle Statoilstasjonar, og slik er stoda i dag. Med deltidstilsette er det 25-30 som arbeider i bedrifta/ bedriftene. Olav sjølv har etter kvar fått rikeleg nok arbeid som «papirflyttar» i selskapa sine. – Dessverre, seier han sjølv.

Det var ei særs lydhøyr forsamling av klubbmedlemmer som følgde med i kva denne, i høgste grad «self-made-mannen» hadde fått til. Spørsmåla hagla tett etter foredraget, men Olav vart ikkje svar skuldig. Han skal ha stor takk for grei informasjon og orientering, både om livsløpet sitt og etableringane sine til denne dag. Han fekk solid applaus og takk frå president Knut Jarle Vik – som også ønska alle vel heim til slutt. 



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS