Frammøtet
til dugnaden var det ingen ting å seie på i mai-kvelden. Her er heile gjengen under
matpausen i «korona-formasjon» frå venstre: Arild, Knut Martin, Jarle, Bastian,
Ove, Per, Greta, Helge, Knut Jarle, Petter, Olaf, Jan, Olav, Hallgeir. Øyvind Østvik
var gått då biletet vart teke.
Den vakre
Kyrkjeparken vart endå vakrare sist onsdag, då femten rotarianarar pluss
traktor var i aksjon med å rydde og rake området. Temperaturen på åtte grader
pluss var det ingen ting å seie på. Sola skein og arbeidstilhøva var dei aller
beste, noko som også viste att då jobben var gjort rundt klokka 20. Sykkylven Rotary
Klubb har hatt denne dugnadsinnsatsen på årsprogrammet sitt omtrent frå den tid
parken var ny, og ser på det som eit viktig bidrag til trivsel og velvære i
området ved kyrkja. Vi veit at ikkje minst den vakre og godt utstyrte
leikeplassen vert mykje nytta – så og seie året rundt.
Dugnad
Også i år har ordet dugnad fått ei vidare tyding: heile folket skal vere dugnad-engasjert for å nedkjempe korona-pandemien som legg fæle føringar for folk i alle land jorda rundt. Folka på Rotary-dugnaden må innrette seg deretter. Alle dei femten deltakarane heldt god avstand, og alle hadde med eigen drikke og kopp til matpausen, medan president Knut Jarle Vik heldt med garantert korona-frie sveler å bite i,- prikkfritt produsert av vår gode medarbeidar Kjellaug Roald. På spørsmål frå denne skrivaren svara alle at det gjekk fint og smakte godt: ingen sure miner var å sjå.
Vi spurde Olaf
Ellingsen (over) om han hadde sakna samlingane, etter som vi berre hadde hatt eitt møte
– lagt til Sykkylven kulturhus, sidan julemøtet. – Ja,
faktisk så har eg sakna møta! Dei er eit godt, sosialt fellesskap der ein både
får lære og høyre nytt i samtale med klubbmedlemmer og gjest (-er). Dugnaden her i Kyrkjeparken er også god mosjon
for kroppen; innsatsen gjer sitt til å smørje heile maskineriet. Heilt i Rotary
si ånd: Service Above Self!
President
i SRK, Knut Jarle Vik, stilte med traktor, og let seg gjerne fotografere «høgt på
strå», bokstavleg talt. Ove Straumsheim er pålitande bakkemannskap.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"