Dugnad i Kyrkjeparken

Rydding og raking for mai: Den årvisse Rotary-dugnaden i Kyrkjeparken vart gjennomført i går onsdag, med både koronatiltak og resultat på plass.


Frammøtet til dugnaden var det ingen ting å seie på i mai-kvelden. Her er heile gjengen under matpausen i «korona-formasjon» frå venstre: Arild, Knut Martin, Jarle, Bastian, Ove, Per, Greta, Helge, Knut Jarle, Petter, Olaf, Jan, Olav, Hallgeir. Øyvind Østvik var gått då biletet vart teke. 

Den vakre Kyrkjeparken vart endå vakrare sist onsdag, då femten rotarianarar pluss traktor var i aksjon med å rydde og rake området. Temperaturen på åtte grader pluss var det ingen ting å seie på. Sola skein og arbeidstilhøva var dei aller beste, noko som også viste att då jobben var gjort rundt klokka 20. Sykkylven Rotary Klubb har hatt denne dugnadsinnsatsen på årsprogrammet sitt omtrent frå den tid parken var ny, og ser på det som eit viktig bidrag til trivsel og velvære i området ved kyrkja. Vi veit at ikkje minst den vakre og godt utstyrte leikeplassen vert mykje nytta – så og seie året rundt.

Dugnad

Også i år har ordet dugnad fått ei vidare tyding: heile folket skal vere dugnad-engasjert for å nedkjempe korona-pandemien som legg fæle føringar for folk i alle land jorda rundt. Folka på Rotary-dugnaden må innrette seg deretter. Alle dei femten deltakarane heldt god avstand, og alle hadde med eigen drikke og kopp til matpausen, medan president Knut Jarle Vik heldt med garantert korona-frie sveler å bite i,- prikkfritt produsert av vår gode medarbeidar Kjellaug Roald. På spørsmål frå denne skrivaren svara alle at det gjekk fint og smakte godt: ingen sure miner var å sjå.  


Vi spurde Olaf Ellingsen (over) om han hadde sakna samlingane, etter som vi berre hadde hatt eitt møte – lagt til Sykkylven kulturhus, sidan julemøtet. – Ja, faktisk så har eg sakna møta! Dei er eit godt, sosialt fellesskap der ein både får lære og høyre nytt i samtale med klubbmedlemmer og gjest (-er).  Dugnaden her i Kyrkjeparken er også god mosjon for kroppen; innsatsen gjer sitt til å smørje heile maskineriet. Heilt i Rotary si ånd: Service Above Self!  


President i SRK, Knut Jarle Vik, stilte med traktor, og let seg gjerne fotografere «høgt på strå», bokstavleg talt. Ove Straumsheim er pålitande bakkemannskap.


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS