Reisemålsutvikling i Sykkylven

Dagleg leiar Åsne Folstad i Sykkylven Næringsutvikling, SNU, besøkte klubben med eit overlag interessant føredrag om Sykkylven som reisemål. Les referatet.

Sykkylven Rotary Klubb, Klubbmøte, den 9. juni 2021 kl. 19.

Skrivar: Olav Pileberg

Dagleg leiar Åsne Folstad i Sykkylven Næringsutvikling, SNU, besøkte klubben med eit overlag interessant føredrag om Sykkylven som reisemål. Les referatet.


President Knut Jarle Vik ønska alle vel møtt til møtet, og særleg kveldens gjest, Åsne Folstad, dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling, SNU.

Informasjon: Presidenten orienterte om namnedag for Kolbein og Kolbjørn. Fødselsdag 9. juni for prinsesse Ragnhild, 1930. Ho døde i 2012. KS Norge overlevert 1948: ei folkegåve til Kong Haakon. 1978: Likestillingslova vedteken. Formålet var å fremje likestilling mellom kjønna i alle deler av samfunnet. På denne datoen i år 2000 vart brua over Øresund «prøvesykla» for første gong; visstnok med heile 35000 «prøvesyklarar».
Allsong: Etter all denne informasjonen gjorde det godt å få syngje litt: Olav hadde vore i Bergen heile veka som var, og introduserte då sjølvsagt «Nystemt’en» - Jeg tok min nystemte citar i hende…, eller Udsikter fra Ulrikken, som presten, politikaren og diktaren Johan Nordahl Brun sette som overskrift, ca. 1790. Melodien har fransk opphav. Av medkjensle med songarane, fekk Olav trumfa gjennom at ein skulle syngje første verset to gonger – i staden for å syngje alle dei ni versa. Men: for Bergen på siste lina i vers 9, så like gjerne for Sykkylven: «Gid alting maae blomstre, fra Fiere til Field.»

Som ekstranummer blei det med fynd og klem sunge for Rolf Hjellegjerde «Hurra for deg som fyller ditt år», på sjølvaste dagen, den 9. juni 2021.
For eigen del og risiko vil denne skrivaren gjerne få poengtere og sterkt streke under at den gamle praksisen med å opne klubbmøta med allsong er veldig bra: 

3-minutt:  

Dagens 3-minutt kom frå Hallgeir Lade. Trio Beslag AS har hatt fem tilsette i sju år, og driv framleis med det same. Dei leverer «…vedlikeholdsfrie rekkverk til alle typer boliger» … i følgje nettsida https://triobeslag.no Også utvendige trapper/ spiraltrapper står på menyen. Bedrifta har i alle åra greidd seg utan permitteringar, og sameleis hatt overskot kvart år. Største kundegruppa er entreprenørar/ utbyggjarar som oppfører ymse typer bustadar eller hytter for sal i privatmarknaden: store blokker eller mindre frittståande. Det nye byggefeltet ovanfor hovudvegen ved Ålesund sjukehus har leveransar frå Trio Beslag AS. Kundegruppene er godt innarbeidde. Så langt ein optimistisk Adm. Dir/dagleg leiar Hallgeir Lade, som også anbefaler ein tur på Dalsnibba ved Geiranger, der dei leverer og monterer rekkverk m.m. Omsetnaden i 2020 var på 11,2 mill. kr, og fortenesta på 1,8 mill. før skatt.

Matøkt: Kaffi og kaker kom så på bordet, velsmakande som alltid, og servert på  beste anti korona-vis.

Åsne Folstad; Orientering om Sykkylven som reisemål:

 Som dagleg leiar i SNU har Åsne førstehands kjennskap til og kunnskap om «alt» vedkommande næringsutvikling i Sykkylven. Foredraget hennar hadde som utgangspunkt ein ny (Mai 2021) rapport: Forstudie om Reisemålsprosess for Sykkylven, signert Marie Bergsli ved Mimir as, Larvik, og Åsne Folstad ved SNU. Heile denne rapporten finn ein på adressa  https://www.sykkylven.com/media/2123/forstudie-reisemaalsprosess-sykkylven-juni-2021.pdf


I 2020 fekk Sykkylven status som omstillingskommune i seks år, etter ein søknad «i hurten og sturten» ved påsketider, på midlar der korona-pandemien hadde bana veg for hjelp og støtte til så mange slags verksemder og formål. Gjennom intervju med eit hundretals personar med idéar og vyer om bygdelaga; frå fjell til fjøre, så og seie, fekk dei 15 personane i styringsgruppa for prosjektet eit godt grunnlag å arbeide ut frå. I omgrepet «omstillingskommune» ligg det eit ønske om å gjere kommunen mindre sårbar for svingingar i t.d. møbelmarknaden.

Her mangla det slett ikkje på innspel og idéar!


På adressa https://www.skaparglede.no/omstilling/ finn ein den overordna planen for omstilling, med fokus på dei fire hovudområda 1) Skaparglede i næringslivet, 2) Opplevingar og reiseliv, 3) Auka samarbeid og nettverk, 4) Attraktive Sykkylven. Desse to fyldige rapportane med dei blå adressene over her reflekterer arbeidet som så langt er gjort i omstillingsprosessen.


Etter som Åsne er oppvaksen i Trysil og har jobba innan ymse reiselivsrelaterte bedrifter; Innovasjon Norge, på Svalbard, o.a., har ho gode føresetnader for å samanlikne og vurdere element og strukturar som vil vere til nytte for Sykkylven som omstillingskommune i dei kommande seks åra. Etter hennar foredrag sat tilhøyraren att med eit sterkt inntrykk av Sykkylven som ein kommune med stort potensiale for utvikling; så og seie ei betydeleg forsterking av den positive magekjensla mange sykkylvingar har om heimbygda si. 

Til slutt, ein halv time på overtid, fekk dagleg leirar ved SNU, Åsne Folstad vel fortent og stor takk frå president Knut Jarle Vik, og sterk applaus frå oss frammøtte.





 
Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS