Sykkylven
Rotary Klubb, Klubbmøte, den 9. juni 2021 kl. 19.
Skrivar: Olav Pileberg
Dagleg leiar
Åsne Folstad i Sykkylven Næringsutvikling, SNU, besøkte klubben med eit
overlag interessant føredrag om Sykkylven som reisemål. Les
referatet.
President Knut Jarle Vik ønska alle vel møtt til møtet, og særleg
kveldens gjest, Åsne Folstad, dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling, SNU.
Informasjon: Presidenten
orienterte om namnedag for Kolbein og Kolbjørn. Fødselsdag 9. juni for
prinsesse Ragnhild, 1930. Ho døde i 2012. KS Norge overlevert 1948: ei
folkegåve til Kong Haakon. 1978: Likestillingslova vedteken. Formålet
var å fremje likestilling mellom kjønna i alle deler av samfunnet. På denne
datoen i år 2000 vart brua over Øresund «prøvesykla» for første gong; visstnok
med heile 35000 «prøvesyklarar».
Allsong: Etter
all denne informasjonen gjorde det godt å få syngje litt: Olav hadde vore i
Bergen heile veka som var, og introduserte då sjølvsagt «Nystemt’en» - Jeg tok
min nystemte citar i hende…, eller Udsikter fra Ulrikken, som presten,
politikaren og diktaren Johan Nordahl Brun sette som overskrift, ca. 1790.
Melodien har fransk opphav. Av medkjensle med songarane, fekk Olav trumfa
gjennom at ein skulle syngje første verset to gonger – i staden for å syngje
alle dei ni versa. Men: for Bergen på siste lina i vers 9, så like
gjerne for Sykkylven: «Gid alting maae blomstre, fra Fiere til Field.»
Som ekstranummer blei det med fynd og
klem sunge for Rolf Hjellegjerde «Hurra for deg som fyller ditt år», på
sjølvaste dagen, den 9. juni 2021.
For eigen del og risiko vil denne skrivaren gjerne få poengtere og sterkt
streke under at den gamle praksisen med å opne klubbmøta med allsong er veldig
bra:
3-minutt:
Dagens 3-minutt kom frå
Hallgeir Lade. Trio Beslag AS har hatt
fem tilsette i sju år, og driv framleis med det same. Dei leverer
«…vedlikeholdsfrie rekkverk til alle typer boliger» … i følgje nettsida https://triobeslag.no
Også utvendige trapper/ spiraltrapper står på menyen. Bedrifta har i alle åra
greidd seg utan permitteringar, og sameleis hatt overskot kvart år. Største
kundegruppa er entreprenørar/ utbyggjarar som oppfører ymse typer bustadar
eller hytter for sal i privatmarknaden: store blokker eller mindre
frittståande. Det nye byggefeltet ovanfor hovudvegen ved Ålesund sjukehus har
leveransar frå Trio Beslag AS. Kundegruppene er godt
innarbeidde. Så langt ein optimistisk Adm. Dir/dagleg leiar Hallgeir Lade, som
også anbefaler ein tur på Dalsnibba ved Geiranger, der dei leverer og monterer
rekkverk m.m. Omsetnaden i 2020 var på 11,2 mill. kr, og fortenesta på 1,8
mill. før skatt.
Matøkt: Kaffi og kaker kom så
på bordet, velsmakande som alltid, og servert på beste anti korona-vis.
Åsne Folstad; Orientering
om Sykkylven som reisemål:
Som dagleg leiar i SNU har
Åsne førstehands kjennskap til og kunnskap om «alt» vedkommande
næringsutvikling i Sykkylven. Foredraget hennar hadde som utgangspunkt ein ny
(Mai 2021) rapport: Forstudie om Reisemålsprosess for Sykkylven, signert
Marie Bergsli ved Mimir as, Larvik, og Åsne Folstad ved SNU. Heile denne rapporten
finn ein på adressa https://www.sykkylven.com/media/2123/forstudie-reisemaalsprosess-sykkylven-juni-2021.pdf
I 2020 fekk Sykkylven status som omstillingskommune i
seks år, etter ein søknad «i hurten og sturten» ved påsketider, på midlar der
korona-pandemien hadde bana veg for hjelp og støtte til så mange slags
verksemder og formål. Gjennom intervju med eit hundretals personar med idéar og
vyer om bygdelaga; frå fjell til fjøre, så og seie, fekk dei 15 personane i
styringsgruppa for prosjektet eit godt grunnlag å arbeide ut frå. I omgrepet «omstillingskommune»
ligg det eit ønske om å gjere kommunen mindre sårbar for svingingar i t.d.
møbelmarknaden.
Her mangla det slett ikkje på innspel og idéar!
På adressa https://www.skaparglede.no/omstilling/ finn ein den overordna planen for omstilling, med fokus på dei fire hovudområda 1) Skaparglede i næringslivet, 2) Opplevingar og reiseliv, 3) Auka samarbeid og nettverk, 4) Attraktive Sykkylven. Desse to fyldige rapportane med dei blå adressene over her reflekterer arbeidet som så langt er gjort i omstillingsprosessen.
Etter som Åsne er oppvaksen i Trysil og har jobba innan ymse reiselivsrelaterte
bedrifter; Innovasjon Norge, på Svalbard, o.a., har ho gode føresetnader for å
samanlikne og vurdere element og strukturar som vil vere til nytte for
Sykkylven som omstillingskommune i dei kommande seks åra. Etter hennar foredrag
sat tilhøyraren att med eit sterkt inntrykk av Sykkylven som ein kommune med
stort potensiale for utvikling; så og seie ei betydeleg forsterking av den positive
magekjensla mange sykkylvingar har om heimbygda si.
Til slutt, ein halv time på overtid, fekk dagleg leirar ved SNU, Åsne Folstad vel fortent og stor takk frå president Knut Jarle Vik, og sterk applaus frå oss frammøtte.
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.