Presidenten oppsummerte dagen i dag med desse opplysningane:
Namnedag: Aslak, Eskil
Olav var tilbake og etter inspirasjon frå ein biltur litt sør og vest i landet i går vart det naturlege valet «Bildilla».
Knut Molnes hadde dagens 3-mimutt.
Tema; Termisk batteri under bakken, Norges fyrste «plussbygd». Prosjektet på Bømoen i Voss er eit doktorgradsarbeid ved hydrolog Christian Rekve Bryn i konsulentselskapet Cowi. Det er fagleg støtta frå NRNU og NGU. Målet er å skape eit lokalsamfunn som er sjølvforsynt med drikkevatn og energi. Her tenkjer ein seg å bruke grunnvatnet til termisk lagring og uttak av termisk energi. Ei plussbygd skaper meir energi enn den forbruker. Liknande løysing er etablert på Gardermoen og det er meir brukt i Sveits, Austerrike, Nederland, Danmark og Canada.
Om vinteren vert grunnvatn pumpa opp og veksla gjennom varmepumpe. Det kalde vatnet vert filtrert og returnert. Om sommaren går det omvendt. Ein evigvarande georesurs, til nytte for industri, bustad og f.eks drivhus. Alt i nært samspel med vasskraftverk og solenergi.
Vil du lese meir så legg eg ved eit par lenker:
Dette kan bli Norges første plussbygd - ITBaktuelt.no
presentasjon-utval-klima-og-miljo-bomoen-plussbygd.pdf (voss.herad.no)
I år er det 75 år sidan både Sykkylvsbladet og Sunnmøringen kom ut for fyrste gong. Sykkylvsbladet i februar og Sunnmøringen i mai i 1946.
Sunnmøringen hadde og ei historie frå før. Nokre Ålesundarar kom til Sykkylven og starta avisa Sunnmøringen i 1933. Men dette varte berre til 1935, då gjekk den inn. L. K. Hjelle overtok retten til namnet og dreiv avisa med Blindheim som redaktør.
Etter krigen kom Erling Vassbotn og spurde Hjelle om han kunne få namnet for å starte ei avis på Stranda. Det fekk han.
Seinare vart Hjelle tilbydd 5000 kroner for namnet, men då hadde han alt gitt det bort …
Frank Kjøde har vore redaktør og hovudeigar av Sykkylvsbladet i mange år. Han eigde avisa ilag med Åge Eikrem (60-40%) Det var ingen som yngste å drive avisa vidare, og då Sunnmørsposten på ny gjerne ville kjøpe avisa vart den seld. Smp eigde frå før Sunnmøringen, og etter kort tid vart avisene slått saman. Det nye namnet vart NYSS. Åse Urke har fått æra for namnet.
Etter samanslåinga er det blitt nye rutinar og nye måtar å arbeide på. Alt er digitalisert og møte og arbeid går på Teams.
I dag er det sju tilsette. To med base på Stranda og fem i Sykkylven. I tillegg til papirutgåva som kjem onsdag og fredag er avisa no også på nett. Dei bruker nettavisa svert aktivt, og deira mål er å vere fyrst ute med nyhende. Målet er å slå Smp.
Papirutgåva vert trykt ved Polaris i Ålesund.
Det neste satsingsområdet er streaming. Dette vil auke etter kvart. Ein ser føre seg at både lokale forball- og handball-kamper vert direkteoverført. Det same vil skje med konserter og liknande. Eit nytt senter i Ålesund har gode fagfolk som hjelper med dette.
Frank las og ei annonse som Pil-Andreas hadde i avisa før jul i 1946. Der lista Andreas opp alt han hadde gjort siste året og også det han hadde planer om å gjennomføre i året som kom. Han slutta med at om nokon trong han teneste dette året så måtte dei vere raske med å melde inn slik at arbeidet kunne planleggast. ..året var nesten fullteikna.
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.