Rotarymøte 15. september 2021 med Frank Kjøde fra Nyss

Presidenten oppsummerte dagen i dag med desse opplysningane:
Namnedag: 
Aslak, Eskil

  • 1776 – Den amerikanske uavhengighetskrigen (1775-1783): Rødjakkene/Britene går i land i Kips Bay på Manhattan med 12000 mann dei hadde fra før 22000 mann på Long Island. Britane startar okkupasjonen av New York City og etablerer hovudkvarter der for resten av krigen.
  • 1864 – Det Norske Veritas blir stifta
  • 1988 – Lillehammer får tildelt dei olympiske vinterleikane i 1994.
  • 2011 – MS «Nordlys», eit av Hurtigrute-skipa, blir ramma av brann i maskinrommet, nokre hundre meter frå Ålesund, og to personar omkjem.                                                    
  • Den europeiske prostata-dagen
  • Nasjonaldagar for Costa Rica, Honduras, Nicaragua, Guatemala, El Salvador – dei feirar alle at dei blei uavhengige frå Spania i 1821

 

Olav var tilbake og etter inspirasjon frå ein biltur litt sør og vest i landet i går vart det naturlege valet «Bildilla». 

Knut Molnes hadde dagens 3-mimutt.  
Tema; Termisk batteri under bakken, Norges fyrste «plussbygd».  Prosjektet på Bømoen i Voss er eit doktorgradsarbeid ved hydrolog Christian Rekve Bryn i konsulentselskapet Cowi. 
Det er fagleg støtta frå NRNU og NGU.  Målet er å skape eit lokalsamfunn som er sjølvforsynt med drikkevatn og energi.  Her tenkjer ein seg å bruke grunnvatnet til termisk lagring og uttak av termisk energi.  Ei plussbygd skaper meir energi enn den forbruker. Liknande løysing er etablert på Gardermoen og det er meir brukt i Sveits, Austerrike, Nederland, Danmark og Canada.
Om vinteren vert grunnvatn pumpa opp og veksla gjennom varmepumpe. Det kalde vatnet vert filtrert og returnert.  Om sommaren går det omvendt.  Ein evigvarande georesurs, til nytte for industri, bustad og f.eks drivhus. Alt i nært samspel med vasskraftverk og solenergi.

Vil du lese meir så legg eg ved eit par lenker:
Dette kan bli Norges første plussbygd - ITBaktuelt.no
presentasjon-utval-klima-og-miljo-bomoen-plussbygd.pdf (voss.herad.no)

 

Gjesten i dag var redaktør Frank Kjøde. Han fortalte litt om historia til både Sykkylvsbladet og Sunnmøringen, som no har blitt til avisa NYSS.

I år er det 75 år sidan både Sykkylvsbladet og Sunnmøringen kom ut for fyrste gong. Sykkylvsbladet i februar og Sunnmøringen i mai i 1946.

Sunnmøringen hadde og ei historie frå før. Nokre Ålesundarar kom til Sykkylven og starta avisa Sunnmøringen i 1933. Men dette varte berre til 1935, då gjekk den inn. L. K. Hjelle overtok retten til namnet og dreiv avisa med Blindheim som redaktør. 
Etter krigen kom  Erling Vassbotn og spurde Hjelle om han kunne få namnet for å starte ei avis på Stranda. Det fekk han.
Seinare vart Hjelle tilbydd 5000 kroner for namnet, men då hadde han alt gitt det bort …
Frank Kjøde har vore redaktør og hovudeigar av Sykkylvsbladet i mange år. Han eigde avisa ilag med Åge Eikrem (60-40%)  Det var ingen som yngste å drive avisa vidare, og då Sunnmørsposten på ny gjerne ville kjøpe avisa vart den seld. Smp eigde frå før  Sunnmøringen, og etter kort tid vart avisene slått saman. Det nye namnet vart NYSS. Åse Urke har fått æra for namnet.
Etter samanslåinga er det blitt nye rutinar og nye måtar å arbeide på. Alt er digitalisert og møte og arbeid går på Teams. 
I dag er det sju tilsette. To med base på Stranda og fem i Sykkylven. I tillegg til papirutgåva som kjem onsdag og fredag er avisa no også på nett. Dei bruker nettavisa svert aktivt, og deira mål er å vere fyrst ute med nyhende. Målet er å slå Smp. 
Papirutgåva vert trykt ved Polaris i Ålesund. 

Det neste satsingsområdet er streaming. Dette vil auke etter kvart. Ein ser føre seg at både lokale forball- og handball-kamper vert direkteoverført. Det same vil skje med konserter og liknande.  Eit nytt senter i Ålesund har gode fagfolk som hjelper med dette.

Frank las og ei annonse som Pil-Andreas hadde i avisa før jul i 1946. Der lista Andreas opp alt han hadde gjort siste året og også det han hadde planer om å gjennomføre i året som kom. Han slutta med at om nokon trong han teneste dette året så måtte dei vere raske med å melde inn slik at arbeidet kunne planleggast. ..året var nesten fullteikna.

 

Referent

Petter Velle

 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS