Innomhus vart vi trakterte med kake og kaffi. Gruppeleiar Susanne Olli Fauske orienterte om «Speidermetoden - Oppskriften på god speiding». Sykkylven speidergruppe har tilsaman 100 speidarar (flokk og tropp) samt og 10-12 roverar, som er for ei noko høgare aldersgruppe (ferdige med ungdomsskulen). Økonomien i gruppa er basert på kontingent, og balanserer bra, men det inneber «sparing» dersom ein har plan for lengre reiser etc.
Aktivitetar er forutan møte på Speiderbo, trening i speidaraktivitetar, turar i nærområdet og reiser til landsleirar og leirar i utlandet. I år vart det p.g.a. Koronasituasjonen arrangert desentraliserte landsleirar rundt om i landet, m.a. i Velledalen, Sykkylven. Filmsnutt viste flott leir, +28 varmegrader fleire dagar, «haik» med overnatting i det fri, sceneopptreden av Sigrid Raabe og god organisering. - Eit vellykka arrangement av Sykkylven speidergruppe!
Referent Odd Holen
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.