SYKKYLVEN ROTARYKLUBB, MØTE 06.10.21: TEMA RØBBERVIKA/-LANDBASERT OPPDRETT V/ROGER HOSETH

President Roger Kornberg ønskte velkomen, og nemnde nokre tidlegare hendingar for dagen 6.okt.:

 

1889, Thomas Edison viser levande bilde for første gong. 1928, Chiang Kai-shek blir president i Kina. 

1973, Jom kippur-krigen begynner. 1981, Den egyptiske presidenten Anwar Sadat blir myrda.

1875, Den første trikketuren (med hest) i Oslo. 2007, Landanlegg Nyhamna på Aukra for Ormen Lange.  

Namnedag: Målfrid, Møyfrid

 

Song for dagen var: «Det er lauvfallstid», og presidenten fortalde at frammøte for forrige møte var 55,56%.

 

3-minutt var ved Petter Velle, og hans tema var «Organdonasjon». Han har særleg kjennskap til dette grunna sjukdom i nær familie. I Norge står pr. i dag 4-500 menneske på vent for organdonasjon, som kan vere einaste utveg ved alvorleg sjukdom. Organ frå 1 persom kan redde 7 liv, og aktuelle organ er hjarte, lever, bukspyttkjertel, lunge og nyre. Einaste organ som kan transplanterast få levande er faktisk nyre, og det må vere frå familiemedlem. Det er ingen aldergrense  for organdonasjon, personar på 90 år kan vere aktuelle givarar. Nærståande personar må bekrefte standpunkt om donasjon. Petter har sjølv meldt seg som donor.

 

Dagens foredragshaldar var Roger Hofseth, som etablerte firma åleine i 2001. I 2004 tilsette han ein person, kjøpte eit nedlagt meieri i Vanylven og satsa særleg på foredling av laks. I dag går faktisk 87% av laks uforedla ut av landet. Hofset-gruppen står imidlertid for ½-parten av all foredling av laks i Norge, der 95% går til eksport. Hofseth-gruppen består i dag av fleire firma. Talet på tilsette er 530 personar, og omsetninga er ca. 5 milliardar. I 2020 foredla dei 60 000 tonn laks. Gruppa starta med  foredling og kjøpte seg deretter inn i oppdrett. Dei har 3 foredlinganlegg og 5 oppdrettslokalitetar. Selskapet kjem no med oppdrettsandelen til Sykkylven kommune. Dei kjøper rogn, produserer smolt i Tafjord, set ut fisk i Storfjorden, fraktar fisken pr. båt til Ålesund og slaktar der. 90% av fisken blir utnytta. Alle fiskeprodukt er godkjende ASE, strengaste kvaitetskontroll, og Global Gap, mærenes kvalitet. Hofseth er i dag Norges største lakseforedlar, kjøper 5 ½ % av all laks produsert i Norge, og har eigen oppdrett av ca. 15.000 tonn pr.år. All eksport går som butikk-klare varer. Gruppa har kontor i USA, Sverige, Hamburg, Portugal, Kina osv. 75% av eksporten går til kjedebutikkar, 20% til restaurant og 5% til matkasser. Avskjær går til fabrikk i Misund, som prosesserer råstoffet til kalsium, protein og olje. Produkt herifrå har fått legegodkjenning i USA som helseprodukt for anemi, for dei som er blodfattige.

 

Hofseth-gruppen kjøpte i 2016 oppdrettsfirmaet Fjordlaks Aqua i for 1 milliard, og har no investert for tilsvarande. Målet er å etablere landbasert oppdrett, som er konsesjonsfritt, og som opnar for slike investeringar. Dei har derfor kjøpt ei nedlagt olivingruve i Røbbervika (Raudbergvika) og starta prosjektering av landbasert oppdrettsanlegg for realisering i løpet av 10 år. Dette skal kunne produsere 100.000 tonn pr. år. I parentes kan nemnast at først i landet med landbasert oppdrett, var Brødr. Vik, Sykkylven. Sjøvatnet i Storfjorden idéelt for oppdrett, med tanke på inn- og utstrøyming, temperaturar etc. Det betyr at ein kan produsere oppdrettslaks billegare på land i Røbbervika enn i sjøen. Oppdrett er kraftkrevjande, men her er store kraftmengder i form av overskotskraft frå Tafjord på natt. Lakseslam (avføring) frå laks kan også generere energi. Ein eigen laksstamme for landbasert oppdrett kan skaffast, avtale om foring er på plass, Ålesundsfirma skal bygge ut. Med mykje grøn energi får ein eit lavt karbonutslepp. I samarbeid med Flakk-gruppen er det plan om å byggje Hydrogenanlegg på Hellesylt, så alle firmaets båtar kan gå på grøn energi. Om dette prosjektet kan realiserast, dreier det seg om ein byggekostnad på 15 milliardar i løpet av 8-10 år, og kan gi 3-400 arbeidsplassar i regionen.

 

Referent: Odd Holen                 
 
Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS