Kyrkjepark og konfirmasjon
Like visst som mai kjem «med blad og blomar», like visst stiller dugnadsgjengen frå rotaryklubben i Sykkylven til dugnad for å gjere Kyrkjeparken vakker til glede for brukarane.
Ti varmegrader og lett overskya er tilnærma idealvȇr for den som vil gjere eit arbeid i hagen – for ikkje å seie i ein park som Kyrkjeparken! Til helga vil her samlast konfirmantar med familie og kanskje tilreisande frå andre stader i landet, og alle vil dei gjerne bere med seg eit godt inntrykk frå ei vellykka samling på ein stor og viktig dag for familien.
Dugnad
Sykkylven Rotary Klubb har lang tradisjon for raking og rydding ved den nye kyrkja, som etter kvart har blitt trettito år. Innsats eit par timar frå nærare tjue klubbmedlemmer viser så visst att – ikkje minst når lasset med kvister, ugras og anna rusk er klart til å køyrast vekk. I år hadde den kommunale feie-bilen effektivt sopa opp strøsand, småstein og rusk i vegbana, men der var rikeleg att på grøntareala og i blomsterbeda til å gripe tak i. Så får det heller våge seg at våryre, skrattande skjorer finn mindre tilfang til reira sine.
Samhandling og sosial gevinst
Innsats for felles formål gjev alltid gevinst i lyd og lag som driv godt. Ein god del av gevinsten er av sosial art: vennskap og felles interesser gjev oftast ein endå grønare farge på «botnlinja» enn om ikkje dugnadsånda hadde fått utfalde seg. Med til opplegget høyrer også ein god kaffi- eller tekopp, med noko attåt. Dette siste fann stad midtvegs i økta, i beste Rotary tradisjon. Leikeplassen midt i parken var som vanleg den perfekte samlingsstad for matpausen. SRK-president Roger Kornberg understreka Rotary sin lange dugnadstradisjon både her ved kyrkja og i samband med Speidarbo, hytta ved Speidarvegen. Rotaryanar og kyrkjeverje Arild Sporsheim og Roger er samde om at etter som vi er inne i «Frivillighetsåret» er det ekstra stas å få gjere ein innsats som viser igjen på ein så sentral stad i bygda. Det er heller ingen tvil om at slik innsats er i beste Rotary-ånd «Service Above Self».
Dugande rotaryanarar på dugnad i Kyrkjeparken:
bak, frå venstre Knut Jarle Vik, Geir Løseth, Knut Vollstad, Oddbjørn Ramstad, Bjørg Dyrkorn Velle, Roger Kornberg, Arild Sporsheim, Nils Arve Kjemphol, Knut Martin Molnes, Bastian Weiberg-Aurdal, Olaf Ellingsen, Per Ringdal, Sindre Stuen, Hallgeir Lade, Geir Brekke.
Før: Knut Molnes klar til å fjerne visna blad og rusk framfor kyrkja sin hovudinngang.
Etter: grunnen er klar for ny årsvekst! «Kom mai med blad og blomar…»
Geir, Oddbjørn, Bjørg, Nils og Knut gjer det vakkert framfor minnesteinen over dei falne frå Sykkylven under Fridomskrigen 1940-1945.
Matpause: Kyrkjeverje og vertskap Arild serverer kveitebrød av høg kvalitet til Per. Kjellaug Roald er meisterleg kveitebrød-produsent.
Nils, Bjørg og Roger set pris på ein pause med god prat, kaffi og kveitebrød.
Dugnaden går mot slutten og resultatet viser godt att i den romslege tilhengaren frå Sykkylven kommune.
Sykkylven Rotary Klubb, Olav Pileberg, tekst og foto, for Nyss i veke 18/19, 2022.
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.