President Hallstein
Lillevik opna møtet med å ønskje gjester og medlemmer velkomne, før han let
Olav leie allsongen Dei gamle fjell i
syningom, av Ivar Aasen. Her ligg som kjent varige verdiar som kan
underskrivast den dag i dag både om å bygge ei god folkehelse og om dei mange
endringar vi kan sjå i samfunnet rundt oss. Alle møta
i Rotary startar med 3-minutt, der medlemmet lyt «fatte seg i kortheit» om eit tema
han eller ho vel sjølv, men gjerne relatert til yrket sitt. NAV-tilsett ved
Arbeidslivs-senteret i Ålesund, Odd Jostein Drotninghaug, held saman med eit
dusin andre eit vake auge på arbeidsmarknads-situasjonen. Han har særleg
merksemd mot deler av Sunnmøre. Odd tok utgangspunkt i ein fersk rapport som
regjeringa har fått utarbeidd om Evaluering
av IA-avtalen, inkluderande arbeidsliv. Rapporten viser m.a. at det har
gått veldig bra med å redusere sjukefråveret – spesielt i privat sektor, som
har under 3,9 % fråver. Også i offentleg sektor går det rette vegen mot målet
5,6 %.
Helse
Møre og Romsdal Hf
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.