SYKKYLVEN ROTARYKLBB, MØTE 08.06.22: NILS EINAR RYE: «RUSSLAND OG UKRAINA I EIT HISTORISK PERSPEKTIV»

 

Presidenten Roger opplyste om at det vart ein «vri» på møtet, med foredraget først og kaffi /servering deretter.

 

Det første austslaviske riket (Kievriket), med røter tilbake til 800-talet, vart danna av skandinaviske vikingar ved Dnepr. Det vart knust av mongolane på 1200-talet, og seinare lagt under polske/litauiske kongar, på 14-1500-talet delvis kontrollert av Polen. Ukraina låg under russiske tsarar (Romanovane) frå 1668-1917. På 1800-talet var det ei gryande nasjonalisme, men underlagt russisk-ortodks kyrkje, og forbod mot ukrainsk språk, fekk dette ikkje utvikle seg. Etter den russiske revolusjonen i 1917 vart landet ukrainsk bolsjevistisk Sovjetrepublikk. På 30-talet gjennomførte Stalin kollektivisering av jordbruket, men selde kornet til utlandet for å finansiere ei stor utbygging av gruvedrift og industri. Som følgje av matmangel hos befolkninga, døde 3-4 millionar ukrainarar.

                                                                  

Under 2.verdskrig starta Nazi-Tyskland «Operasjon Barbarossa» med angrep austover m.a. gjennom Ukraina, og med løftet til tyskarane om «Lebensraum». Ein liten del av ukkraiarane var tyskvenlege, men ein stor del var også jødar, som nazistane gjorde sitt beste for å utrydde. I ei ravine ved Babi Jar utanfor Kiev vart sett tysk rekord for avretting av jødar pr. dag 33.750! Ein reknar med at krigen i Ukraina førte til 5-7 millionar sivile tap. Etter krigen var det tilsynelatande fred og fordragelighet innanfor Sovjetunionen. I 1954 overdrog Khrusjtsjov Krim frå Russland til Ukraina, godkjent i øverste Sovjet. I 1991 gjekk Sovjetunionen i oppløysing, og alle republikkane vart sjølvstendige statsdanningar. Så følgde 1994 med ein avtale om at alle atomvåpen i Ukraina skulle overførast til Russland, mot at Ukraina sine grenser inklusive Krim vart garanterte. Russland fekk til gjengjeld «lease» marinebasen i Sevastopol mot Svartehavet.

 

På 90-talet skulle Russland innføre kapitalisme, det vart imidlertid kaos og turbo-kapitalisme, der mange såkalla «oligarkar» slo seg opp. Under Jeltsin pumpa USA inn enorme summar med dollar for å halde staten flytande, men på slutten av 90-talet var det fullstendig krise. Jeltsin peika av ulike grunnar på Putin som etterfølgjar, han vart statsminister først og så president. I starten var han vestvenleg og skjøna at Russland måtte moderniserast. Men etterkvart kom gammal imperial tankegang inn i biletet – Stor-Russland som imperium. På ein internasjonal sikkerhets-konferanse i Munchen i 2007 kom Putin med kraftige utfall mot USA og NATO, og uttalte at oppløysinga av Sovjetsamveldet var den «største geopolitiske krisa som hadde hendt i dette tusenåret».

 

Krigar mot Tsjetsjenia frå 1999-2009 og Georgia (nord- og sør Ossetia  1992 og 2008 ) viste på ny russisk ekspansjonisme. No er det altså Ukraina det gjeld, der Putin vil «frigjere» Donbass frå «undertrykking og folkemord». I den austlege delen er ein stor del av befolkninga russisktalande og vender seg mot Russland, medan den vestlege delen orienterer seg mot EU og Europa. Den nære forhistoria i Ukraina har elles utgangspunkt i Oransjerevolusjonen i 2004. I 2013 vart russiskvenlege Janukovitsj innsett som president, og motsette seg handelsavtalar med EU. Så kom opprøret på Majdanplassen, som førte til at Janukovitsj måtte flykte til Russland, og deretter 2 vestvenlege presidentar, først Porosjenko og så Zelensky, som no regjerer.

 

Russland har vore ei imperiemakt, men det verkar som  om vestleg «soft power» er sterkare enn russisk «hard power». Noverande russiske leiarar er redde for «demokrati, liberalitet og rettsstat». NATO er ein forsvarsallianse, der statar sjølv skal få velje å delta, men Putin og noverande Russland ser på dette som ein trussel. Dei vil ha forsvarsgarantiar, som innneber nekting av Ukrainas NATO-medlemskap. Angrepet på Ukraina har såleis eigentleg «samla» nasjonen, samt resultert i at Finland og Sverige vil bli NATO-medlemer.  På ein måte framstår Russland som «fallert supermakt», men som stor militærmakt med farlege våpen!

 

Etter foredraget følgde hyggeleg kaffepause, der Solbjørg var kaffehjelp og Kjellaug leverte solide doble smørbrød.

 

Referent Odd Holen

 



 
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

Presidentskifte

2025-06-18 19:00 - 20:00

Møtefri - skuleferie

2025-06-25 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS