Presidenten Roger opplyste om at det vart ein «vri» på møtet, med foredraget først og kaffi /servering deretter.
Det første austslaviske riket (Kievriket), med røter tilbake til 800-talet, vart danna av skandinaviske vikingar ved Dnepr. Det vart knust av mongolane på 1200-talet, og seinare lagt under polske/litauiske kongar, på 14-1500-talet delvis kontrollert av Polen. Ukraina låg under russiske tsarar (Romanovane) frå 1668-1917. På 1800-talet var det ei gryande nasjonalisme, men underlagt russisk-ortodks kyrkje, og forbod mot ukrainsk språk, fekk dette ikkje utvikle seg. Etter den russiske revolusjonen i 1917 vart landet ukrainsk bolsjevistisk Sovjetrepublikk. På 30-talet gjennomførte Stalin kollektivisering av jordbruket, men selde kornet til utlandet for å finansiere ei stor utbygging av gruvedrift og industri. Som følgje av matmangel hos befolkninga, døde 3-4 millionar ukrainarar.
Under 2.verdskrig starta Nazi-Tyskland «Operasjon Barbarossa» med angrep austover m.a. gjennom Ukraina, og med løftet til tyskarane om «Lebensraum». Ein liten del av ukkraiarane var tyskvenlege, men ein stor del var også jødar, som nazistane gjorde sitt beste for å utrydde. I ei ravine ved Babi Jar utanfor Kiev vart sett tysk rekord for avretting av jødar pr. dag 33.750! Ein reknar med at krigen i Ukraina førte til 5-7 millionar sivile tap. Etter krigen var det tilsynelatande fred og fordragelighet innanfor Sovjetunionen. I 1954 overdrog Khrusjtsjov Krim frå Russland til Ukraina, godkjent i øverste Sovjet. I 1991 gjekk Sovjetunionen i oppløysing, og alle republikkane vart sjølvstendige statsdanningar. Så følgde 1994 med ein avtale om at alle atomvåpen i Ukraina skulle overførast til Russland, mot at Ukraina sine grenser inklusive Krim vart garanterte. Russland fekk til gjengjeld «lease» marinebasen i Sevastopol mot Svartehavet.
På 90-talet skulle Russland innføre kapitalisme, det vart imidlertid kaos og turbo-kapitalisme, der mange såkalla «oligarkar» slo seg opp. Under Jeltsin pumpa USA inn enorme summar med dollar for å halde staten flytande, men på slutten av 90-talet var det fullstendig krise. Jeltsin peika av ulike grunnar på Putin som etterfølgjar, han vart statsminister først og så president. I starten var han vestvenleg og skjøna at Russland måtte moderniserast. Men etterkvart kom gammal imperial tankegang inn i biletet – Stor-Russland som imperium. På ein internasjonal sikkerhets-konferanse i Munchen i 2007 kom Putin med kraftige utfall mot USA og NATO, og uttalte at oppløysinga av Sovjetsamveldet var den «største geopolitiske krisa som hadde hendt i dette tusenåret».
Krigar mot Tsjetsjenia frå 1999-2009 og Georgia (nord- og sør Ossetia 1992 og 2008 ) viste på ny russisk ekspansjonisme. No er det altså Ukraina det gjeld, der Putin vil «frigjere» Donbass frå «undertrykking og folkemord». I den austlege delen er ein stor del av befolkninga russisktalande og vender seg mot Russland, medan den vestlege delen orienterer seg mot EU og Europa. Den nære forhistoria i Ukraina har elles utgangspunkt i Oransjerevolusjonen i 2004. I 2013 vart russiskvenlege Janukovitsj innsett som president, og motsette seg handelsavtalar med EU. Så kom opprøret på Majdanplassen, som førte til at Janukovitsj måtte flykte til Russland, og deretter 2 vestvenlege presidentar, først Porosjenko og så Zelensky, som no regjerer.
Russland har vore ei imperiemakt, men det verkar som om vestleg «soft power» er sterkare enn russisk «hard power». Noverande russiske leiarar er redde for «demokrati, liberalitet og rettsstat». NATO er ein forsvarsallianse, der statar sjølv skal få velje å delta, men Putin og noverande Russland ser på dette som ein trussel. Dei vil ha forsvarsgarantiar, som innneber nekting av Ukrainas NATO-medlemskap. Angrepet på Ukraina har såleis eigentleg «samla» nasjonen, samt resultert i at Finland og Sverige vil bli NATO-medlemer. På ein måte framstår Russland som «fallert supermakt», men som stor militærmakt med farlege våpen!
Etter foredraget følgde hyggeleg kaffepause, der Solbjørg var kaffehjelp og Kjellaug leverte solide doble smørbrød.
Referent Odd Holen
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.