Referat fra møte 14 sept 2022 - Sølmongården

Referat Rotarymøte 14/9-22

 

Møteleiar: President Knut ynskte gjestar og medlemmar  velkomen.

Gjestar : Natalie Bøe, Lars Thomas Abelseth, vesle Olivia og Svein Erik Kampenes

Song: Gåsa, katten og hanen

 

3 minutt : Knut Henning Aursnes

Aursnes, vi bygger fremtiden

Han fortalde at dei no hadde fått godkjenning av Aureosen 2, som er utleigebustader finansiert gjennom husbanken. Det skal byggast to femmannsbustadar i tre høgder. Det er eit samarbeid mellom Hjemmelkompaniet og Sykkylven kommune , der kommunen har tilvisingrett på 40% av bustadane. 

 

 Program: Sølmongården v/Lars Thomas Abelseth

 

Sølmongården

-Et fristed for store og små

Natalie Bøe og Lars Thomas Abelseth driv i dag Sølmongården med gardsturisme og Innpå tunet tilbod. Dei er 15. generasjon på garden og har lagt ned mykje arbeid  for å gjere bygningane tenlege til driftsmåten. Garden har fått «Inn på tunet godkjenning» og dei vil halde fram med oppgradering av bygningsmassen og vidareutvikling av tilboda sine. Garden har eit mangfald av dyr, Inn på tunet tilbod til born i grunnskulen, Open gard, utleige på Hindaholen , kajakk utleige og enkel kioskdrift.

Vi ynskjer dei unge bøndene lukke til, og vonar på mange turistar/kundar til eit flott tilbod i flotte Sykkylven!

Bjørg.

 

 


 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.