Referat frå styremøte i Sykkylven Rotary klubb 23.11.2022

Til stades:         Knut Martin Molnes, Roald Mork, Knut Henning Aursnes, Steinar klokk

 

Sak 24/2223:    Hovedprosjekta våre.

Vinlotteriet 2.november gav ca 2.300 kr i overskot. Under møtet vart det bestemt at klubben bidreg med 2.700 kr slik at det totale bidraget frå SRK vert på 5.000 kr.

 

Sak 25/2223:    Nye prosjekt

                        Skrivarstova:     Søknad om DG midlar er sendt 11.11.22

                        Kyrkjekaffi:        Vi har no 3 som har meldt at dei kan hjelpe til på kyrkjekaffien 14.12, og Knut Martin jobbar vidare for å nå målet om 5 frivillige.

 

Sak 26/2223:    Vedtekter revisjon.

                        Saka utsett til neste møte.

 

Sak 27/2223:    Ungdomsutveksling.

                        Saka utsett til neste møte

 

Sak 28/2223     Rekneskap og budsjett

Hallgeir har sendt over forslag på rekneskap og budsjett. Dette vart drøfta og Knut Martin skulle ta kontakt med han for nokre mindre innspel til justering.

 

Sak 29/2223:    Val av styre for 2023 – 24

President elect, Knut Henning presenterte forslag til styre, og dette vart godkjent av det sittande styret. Vidare vart det drøfta om styret bør halde fram med å ha 8 medlemmar som i dag, eller om ein skal utvide styret med 2 plassar slik at det vert rom for komiteleiarane i program og prosjekt/service som i dag ikkje er med. På bakgrunn av diskusjonen laga styret to alternative framlegg som skal takast opp til diskusjon på årsmøtet 30.november i lag med evt andre forslag til endringar i vedtektene. Deretter vil dei bli tatt opp til votering på presidentens time 4.januar 2023.

 

Dei to alternative forslaga er:

 

Alt. 1:   Det vert valt følgjande medlemmar til styret i Sykkylven Rotary klubb for arbeidsåret 23/24: under føresetnad av at vedtektene vert endra i løpet av første halvår 2023:

            President:                     Knut Henning Aursnes

            President elect:             Nils Arve Kjemphol Schwartz

            Past president:              Knut Martin Molnes

            Kasserar:                       Hallgeir Lade

            Sekretær:                      Steinar Klokk

            CICO:                            Roald Mork

            TRF:                              Greta Herje

CYEO:                            Sindre Stuen

            

Dersom vedtektene vert endra i løpet av første halvår 2023 slik at der er mogleg å utvide styret til 10 medlemmar vert følgjande medlemmar valgt inn i styret for Rotaryåret 23/24:

 

            Program:                       Kristin Grebstad

            Prosjekt/service:            Knut Jarle Vik

 

Alt 2:    Det vert valt følgjande roller og medlemmar til styret i Sykkylven Rotary klubb for arbeidsåret 23/24:

            President:                     Knut Henning Aursnes

            President elect:             Nils Arve Kjemphol Schwartz

            Past president:              Knut Martin Molnes

            Kasserar:                       Hallgeir Lade

            Sekretær:                      Steinar Klokk

CICO:                            Roald Mork

            TRF:                              Greta Herje

            Program:                       Kristin Grebstad

 

            CYEO (Sindre Stuen) og Prosjekt/service (Knut Jarle Vik) har møte og talerett.

 

Sak 30/2223     Opptak av nytt medlem.

Styret innstiller på at Svein Erik Kampenes vert teken opp som ny medlem i klubben. Presidenten sender ut informasjon om dette til medlemmane på epost. Eventuelle innvendingar skal sendast til presidenten som epost innan ei veke etter utsending.

            

 

Referent Steinar K

 


 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.