Julemøte og opptak av nytt medlem

 

Julemøte – med opptak av nytt medlem - 21. desember 2022

 

Presidenten yngste velkomen til møte.

Han kunne fortelje at klubben, ilag med klubbane i Nordre Sunnmøre hadde delt ut matkasser til familier i «Ålesund og omegn» som trong hjelp til jul.

 

Sekretæren kunne opplyse om at frammøteprosenten på sist møte var 61.

 

Det er tradisjon på julemøtet at Olav P. spelar av Bachs Juleoratorium.

I år vart dette bytta ut med Handels Messiah.  Det gav god stemning.

 

Opptak av nytt medlem – Svein Erik Kampenes

Fadder, Arild Sporsheim, presenterte Svein Erik og President Knut Molnes sette på Rotarynåla som ei stadfesting av medlemskapet.

 


















Helge Standal delte sine juletanker med oss.

Han kunne fortelje at 27% ikkje gler seg til jul. Eit tal som er aukande

Det vert og fleire som slit økonomisk, fleire med rusproblem og fleire som kjenner på einsemd.

Dette setta han opp mot all forventing i samfunnet om juleglede og feststemning.

Vidare fortalde han om tilhøva då Jesus vart fødd.  Romarane styrde hardt og brutalt og det var ei hard tid særleg for Maria som fødte eit barn utanfor ekteskap.

Helge meinte at 1. påskedag er ein viktigare merkedag enn jula.

 







Det vart servert god mat

 

Vinlotteri der heile inntekta gjekk til Lola Day Care Center

 

Møtet slutt 20.30

Ref.: Petter Velle

 


 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.