Medlemsmøte 8 febr med ego foredrag Svein Erik Kampenes

Referat: Rotarymøte 8/2-23

 

Møteleiar: President Knut ynskte  medlemmar velkomne og fortalde litt om dagen i dag.

Song:  Olav fekk ordet, han har feira 80 årsdag i Puerto Rico. Han hadde og jubileum som første kulturprisvinnar i  Sykkylven. Han  mintest også då Elisabeth Andreassen deltok på jubileet til Ullavik skule, der han fekk dane vals til dagens song «Danse mot vår»

3.minutt: Knut Vollstad

Knut snakka om sjukdomen demens. Ein sjukdom han meiner må kome meir fram i lyset. Han stilte og spørsmål om klubben kan bidra med noko for å aktivisere demente i bygda.

Program: Ego-foredrag Svein Erik Kampenes.

Svein Erik hadde ein flott presentasjon og vi fekk høyre om ein fin barndom med engasjerte og aktive foreldre. Han kjem frå ein kristen heim og har eit kristen- humanistisk verdigrunnlag.  Svein Erik vart fødd i 1966 i Mosjøen. Då han var fire år, flytta familien til Skrautvål i Valdres, der han vaks opp.

Han har etter vidaregåande skule avtent verneplikta i indre Troms, hatt eitt år på bibelskule i Grimstad, deretter 3-årig Flyteknisk ingeniørutdanning. 

Han har arbeidd i Braathens SAFE- Teknisk divisjon. Flytta til Sykkylven i 2000, jobba først på Sandella og er no tilsett ved JE Ekornnes  AS som Kvalitet- og HMS- leder

Svein Erik er gift med sykkylvsdama Helene Baade og dei har tre gutar.

Har syng i kor og er oppteken av å bidra med frivillig arbeid.


Velkomen i klubben!

 

Bjørg


 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.