Medlemsmøte 8 mars (kvinnedagen) med Hannse Suorza og Mestring

Møtet vart halde i Kyrkjekjellaren

Hanne Suorza hadde foredraget i dag, og tittelen var MESTRE.

 

Då både president og innkomande president hadde forfall, styrte

Roger Kornberg  møtet.

Han yngste velkomen og særleg til damene denne dagen.  Vidare så tok han oss gjennom historia til kvinnedagen.

 

Olav

hadde valt songen om Gåsa, Katten og Hanen. Han understreka at valet ikkje hadde noke med kvinnedagen  å gjere:))

 

Sekretæren

Kunne fortelje at Knut Henning fylte 50 år i dag, Sindre 46 i morgon og Karl Ramstad 80  14. mars.

Sist møte hadde vi 59% frammøte.

Sekretæren minte og om vårfesten den 24. mars og påmelding til den

 

Olaf Ellingsen

hadde dagens 3-minutt og han nytta høvet til å gratulere alle damer med dagen. Han uttrykte stor sympati for damene som er i forsvaret  og for damer rundt om i verda som vert undertrykt.

Vidare snakka han om klubben og kva den hadde betydd for han heilt sidan han vart med. Særleg i åra etter at kona gjekk bort.

Olaf har ofte ei god historie på lager og avslutta sitt 3-minutt med ei av desse.

 

 Hanne Suorza med temaet MESTRE

Hanne har jobba med stressmestring i åtte år og har reist rundt med foredrag og kurs.  Ho meiner at kunnskap er den beste medisin, og det er viktig å ha kontroll over tidsbruken sin.  I alt vi arbeider med så vert vi avbrotne av andre ting heile tida, og dette gjer at vi ikkje får konsentrert oss om arbeidet og det fører til stress.  Strssmestring er ein viktig del av kvardagen vår og det er viktig

å kome til sans og samling.  

Hanne har utvikla appen MESTRE ilag med Bjarte Stubhaug. Han er klinikksjef ved

Klinikk for Stressmedisin - klinikker på Fitjar, i Sveio og i Skånevik (stubhaug.no)

Helseappen Mestre ligg på 4. plass mellom helseapper og har over 25000 nedlastingar. Den får ein skår på 4,6 av brukarane. Det er flest kvinner som bruker appen, men etter kvart vert den lasta ned også av fleire menn.

Frå september 2022 vart appen og tilgjengeleg for bedrifter.


https://www.stressmestre.no/

Ved å gå inn på linken over får du lese meir om temaet og om appen.

 

Referent

Petter Velle


 
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".