Medlemsmøte 8 mars (kvinnedagen) med Hannse Suorza og Mestring
Møtet vart halde i Kyrkjekjellaren
Hanne Suorza hadde foredraget i dag, og tittelen var MESTRE.
Då både president og innkomande president hadde forfall, styrte
Roger Kornberg møtet.
Han yngste velkomen og særleg til damene denne dagen. Vidare så tok han oss gjennom historia til kvinnedagen.
Olav
hadde valt songen om Gåsa, Katten og Hanen. Han understreka at valet ikkje hadde noke med kvinnedagen å gjere:))
Sekretæren
Kunne fortelje at Knut Henning fylte 50 år i dag, Sindre 46 i morgon og Karl Ramstad 80 14. mars.
Sist møte hadde vi 59% frammøte.
Sekretæren minte og om vårfesten den 24. mars og påmelding til den
Olaf Ellingsen
hadde dagens 3-minutt og han nytta høvet til å gratulere alle damer med dagen. Han uttrykte stor sympati for damene som er i forsvaret og for damer rundt om i verda som vert undertrykt.
Vidare snakka han om klubben og kva den hadde betydd for han heilt sidan han vart med. Særleg i åra etter at kona gjekk bort.
Olaf har ofte ei god historie på lager og avslutta sitt 3-minutt med ei av desse.
Hanne Suorza med temaet MESTRE
Hanne har jobba med stressmestring i åtte år og har reist rundt med foredrag og kurs. Ho meiner at kunnskap er den beste medisin, og det er viktig å ha kontroll over tidsbruken sin. I alt vi arbeider med så vert vi avbrotne av andre ting heile tida, og dette gjer at vi ikkje får konsentrert oss om arbeidet og det fører til stress. Strssmestring er ein viktig del av kvardagen vår og det er viktig
å kome til sans og samling.
Hanne har utvikla appen MESTRE ilag med Bjarte Stubhaug. Han er klinikksjef ved
Klinikk for Stressmedisin - klinikker på Fitjar, i Sveio og i Skånevik (stubhaug.no)
Helseappen Mestre ligg på 4. plass mellom helseapper og har over 25000 nedlastingar. Den får ein skår på 4,6 av brukarane. Det er flest kvinner som bruker appen, men etter kvart vert den lasta ned også av fleire menn.
Frå september 2022 vart appen og tilgjengeleg for bedrifter.
Ved å gå inn på linken over får du lese meir om temaet og om appen.
Referent
Petter Velle
3. februar 2017
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 25. januar:
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Politimester Ingar Bøen:
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Lars P. Riksheim Treindustrier
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Verda sin poliodag 24. oktober
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.