Referat frå Rotarymøtet 21. juni 2023
Siste møtet i dette rotaryåret
Presidentens time med presidentskifte
Presidenten yngste velkomen til møtet med litt historisk kring dagen i dag.
I høve presidentskifte hadde Olav funne fram begge rotarysongane våre.
Det var ikkje 3-minutt i dag
Presidenten orienterte om klubben si deltaking på Sykkylvsdagane. Innsamlingsaksjonen til mobile fyrstehjelp-klinikkar i Ukraina har så langt resultert i omlag 4300 kroner. Styret vil avgjere kor mykje klubben legg til. Vi hadde ansvar for standen til May-Britt Tynes (Prosjekt Filippinene) og her kom det inn 9300. I tillegg overrekte klubben ein sjekk på kr 15000.
Presidenten minte og om at alle styrereferat ligg på rotarysida. For å lese dei må medlemane logge inn med eigen identitet.
Presidentskifte
Først takka presidenten Roger Kornberg, som no går ut av styret, for hans innsats for klubben.
Knut Henning Aursnes fekk overlevert presidentkjedet og presidentnåla. Han takka for tilliten og presenterte sitt styre som no er utvida til ti personar. I tillegg hadde han ein fin tale til klubben. Talen var skriven av kunstig intelligens på bakgrunn av stikkord. Knut Henning gjekk og gjennom sine planer for det komande rotaryåret.
Referent
Petter Velle



Knut Henning Aursnes får president kjede av past president Knut Molnes
Past president Knut Molnes og President Knut Henning Aursnes

Knut Henning Aursnes først tale som president.

President Knut Molnes takker av Roger Kornberg fra styret.
Bilda har Olav Pileberg teke
7. juli 2016
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Bedriftsbesøk til Nyborg AS
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Dugnad i Kyrkjeparken
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
Sykkylven Næringsutvikling
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
InterCitymøte på Berlihuset
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
21. mars 2015
KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.