Referat frå medlemsmøte 27 september 2023 med besøk av speiderne
Past president Knut Molnes leia møtet i høve Presidenten sitt fråvær.
Det vart kveikt lys som indikerar håp for verda i trå med Verdenspresidenten si oppmoding. Gjestar: Ilyas Degirmenci og Ingrid Van Der Velde.
All songen: Sår du blomster av Ivar Skippervold.
3 min ved Olav Pileberg.
Tok utgangspunkt i nasjonal og lokal omtanke utan baktanke. Olav fortalde om besøk i ein klubb og at Rotary held songen og allsangen høgt som gjev styrke til kameratskap og felleskap.
Sykkylven Speidarklubb sto for programmet. Åge og Emilie fortalde om ein speidertur til Kandersteg i Sveits. 38 speidarar pluss leiarar frå Sykkylven var med på turen for å delta i eit speidar arrangement der omlag 1300 speidarar deltok som representerte Verdens leiren. Leiren varte i ni dager og kvardag var fylte med kameratskap, samvær,leirbål og ulike aktivitetar i naturen, 1000 m høgde, i god speidar ånd. Åge og Emilie gjorde reisa levande og informativ ved å vise oss ein serie av flotte bilder dag for dag med leik og moro og grobunn for fred og fordragelegheit. Til slutt overrekte Knut gourmet mat frå Jogarden til ungdomane som takk for innsatsen .
Møte slutt.
Referent Knut Vollstad
7. juli 2016
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Bedriftsbesøk til Nyborg AS
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Dugnad i Kyrkjeparken
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
Sykkylven Næringsutvikling
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
InterCitymøte på Berlihuset
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
21. mars 2015
KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.