Dugnad i Kyrkjeparken


Kyrkeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!

Service above self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemane i Sykkylven Rotaryklubb. Tildømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken. Etter om lag 365 dager med opphopning av kvister, rask og rusk, gjer det uendeleg godt å få raka og rydda den vakre parken som skal stå fram for både konfirmantar og andre som rører seg i området utetter våren og sommeren. Tysdag denne veka skjedde det igjen; tjue høgt hagekvalifiserte rotarianar tok tak i river og andre reiskapar som kalla fram tilfredse sukk langt ned i grasrøtene og nesten opp i tretoppane.  Åhh, dette gjorde godt kviskra dei. Kai – Otto Roald stilte med sin vakre traktor frå garden, og Arvid Nordstrand levde opp til sitt gode namn og rykte som dugande arbeidsleiar. Når vi legg til at sjølvaste Rotarypresident Hallstein Lillevik baud på kaffi og kjeks, lyt alle forstå at dette var ein særs vellykka kveld med heile 9 varmegrader og sol frå tilnærma skyfri himmel.

Konfirmantane på banen

Også andre var  på banen denne tysdagskvelden. Inne i kyrkja var det prøving av konfirmantkapper og diverse tilhøyrande aktiviteter i høve konfirmasjonen som står føre. Stikkprøver blant dei unge som kom etterpå, kunne tyde på at dette gledde dei seg til. Alt hadde gått på skinner inne. Også på dette området er kompetansen i kyrkjelyden stor, må vite. Lukke til konfirmantar! Lukke til unge og eldre som bruker Kyrkjeparken! 

Referent: Olav Pileberg







 
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet