Dugnad i Kyrkjeparken
Kyrkeparken i Sykkylven, ei perle i
sentrum!
Service
above self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemane
i Sykkylven Rotaryklubb. Tildømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken. Etter
om lag 365 dager med opphopning av kvister, rask og rusk, gjer det uendeleg godt
å få raka og rydda den vakre parken som skal stå fram for både konfirmantar og
andre som rører seg i området utetter våren og sommeren. Tysdag denne veka
skjedde det igjen; tjue høgt hagekvalifiserte rotarianar tok tak i river og
andre reiskapar som kalla fram tilfredse sukk langt ned i grasrøtene og nesten
opp i tretoppane. Åhh, dette gjorde godt
kviskra dei. Kai – Otto Roald stilte med sin vakre traktor frå garden, og Arvid
Nordstrand levde opp til sitt gode namn og rykte som dugande arbeidsleiar. Når vi
legg til at sjølvaste Rotarypresident Hallstein Lillevik baud på kaffi og
kjeks, lyt alle forstå at dette var ein særs vellykka kveld med heile 9
varmegrader og sol frå tilnærma skyfri himmel.
Konfirmantane på banen
Også andre
var på banen denne tysdagskvelden. Inne
i kyrkja var det prøving av konfirmantkapper og diverse tilhøyrande aktiviteter
i høve konfirmasjonen som står føre. Stikkprøver blant dei unge som kom
etterpå, kunne tyde på at dette gledde dei seg til. Alt hadde gått på skinner
inne. Også på dette området er kompetansen i kyrkjelyden stor, må vite. Lukke
til konfirmantar! Lukke til unge og eldre som bruker Kyrkjeparken!
Referent: Olav Pileberg




12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
May Britt og Prosjekt Filippinene:
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".